fredag 21. juni 2013

BT Førde/Gaular: Gamlevegen over Rørvikfjellet

Vi signerer oss inn i boka ved Likhellaren som var endestopp på turen.
(Les om historia til Likehellaren i teksten under)

Søndag 9. juni var Steffen turleiar for tur med Barnas Turlag på Gamlevegen over Rørvikfjellet. Turen var eit samarbeid mellom Barnas Turlag Førde og Barnas Turlag Fosseheimen i Gaular. Referat og bilete frå turen finn du på Indre Sunnfjord Turlag sine heimesider her:

BT Førde/Gaular – Gamlevegen over Rørvikfjellet - Indre Sunnfjord Turlag - Indre Sunnfjord Turlag

Gamlevegen over Rørvikfjellet er ein fin tur som passar for folk i alle aldrar, og eignar seg godt som  generasjonstur - det vil seie ein felles tur for barn, foreldre og besteforeldre (og gjerne oldeforeldre...). Terrenget er tilpassa slik at det er lett å gå for både små og store føter: - sidan det er graskledd kjerreveg er det ikkje spesielt ulendt og vegen er heller ikkje for bratt (om det skulle vere nokoni følgjet med skrantne hofter eller knær....). Samtidig har turen eit historisk preg då dette er ein gamal ferdselsveg for bygdelaga på begge sider av fjellet. Kanskje har besteforeldra historier frå sine eigne foreldre eller besteforeldre frå den tida vegen faktisk var i bruk, og som dei kan fortelje undervegs?

Historia om Likhellaren (som du ser på det øverste biletet):
Ved Likhellaren ligg det ei bok som du kan signere i. I eldre tider då Haukedalen ikkje hadde eiga kyrkje, sokna bygda til kyrkja i Førde. Det kunne vere hardt å kome seg over Rørvikfjellet for ei likferd vinterdagen, og det hende då at haukedølene måtte setje frå seg kista under ein hellar. Derav namnet Likhellaren.

I dag hender det at det er utegudsteneste ved denne hellaren på sommaren. Vi var med på ei slik gudsteneste sommaren 2011, og då var det også dåp. Dåpsfølgjet hadde kledd seg i klede frå gamal tid, så det var eit skikkeleg historisk sus over heile seremonien.

Korleis vi elles hadde det på turen, kan du lese om i referatet eg har linka til ovanfor. Utruleg kjekt at så mange ville veret med på turen denne dagen - sjølv om regnet trua med å kome!
På tur oppover Gamlevegen

Vi har fått stempel frå Turboreven i fjellpassa våre! Bendik Matias studerer stempelet nøye....


Om du vil gå turen sjølv, kan du velje å starte nede i Rørvika slik vi gjorde og gå oppover, eller du kan parkere på parkeringsplassen på toppen av Rørvikfjellet og gå turen nedover. Men det er jo kjekkast å gjere  unna det tyngste først......

Karutsnitt over turen Gamlevegen over Rørvikfjellet - som ligg mellom Holsen og Haukedalen i Førde kommune.
Startpunkt i Rørvika og ca. 2 km ein veg.

1 kommentar:

  1. Dokke er virkelig flinke med å ta med små ut på tur! Ser at dei små er dyktige til å gå sjøl også, trasker i vei. Artig når det er sånne turlag for barn blir fleire barn som går og fellesskapet hjelper på. Er ikkje noke slikt her, men så er ikkje bygda her så stor heller ;)
    God turhelg til dokke :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!