søndag 30. juni 2013

Langs veglause strender ved Sognefjorden

Gjestebloggar Steffen Ben:

Fottur frå Vollevik til Ortnevik
Du smakar kanskje på orda i overskrifta; Vollevik og Ortnevik- Kvar helst er no dette då?, spør du gjerne. På sørsida av Sognefjorden? Javel?  Der har no aldri eg vore før, tenkjer du kanskje. Veglause strender? - Huff, høyrest både abakeleg og tidkrevjande ut å kome seg på sørsida av fjorden, enn sei heilt uframkomeleg å gå der for vanlege folk, mumlar du kanskje vidare for deg sjølv.
Begge delar er heilt feil; du kjem effektivt over Sognefjorden og det er lett og variert å gå i terrenget her; i alle høve om du ikkje fell for freistinga å leggje i veg oppetter dei spanande liene som kan gje mang ein utsiktstur over fjorden, eller opp og inn i hjartet av det naturskjøne og underforbrukte fjellområdet StølsheimenPå heile strekninga er det etter måten god sti, og relativt godt skilta, og det er sett opp gangbruer over elvane.

Grendene vi gjekk gjennom var Volleviki, Kyrkjeteigen, Sylvarnes, Hanekam, Legdena, Stavedalen, Vetlesand, Slåttene, Alrek, Nybø og tilhøyrer alle Arnafjord sokn i Vik kommune (soknet hadde i si tid 750 menneske - no er det berre at kring 150 menneske!!!).  Kroksnes og Ortnevik høyrer til Høyanger kommune.

Gjennom blogginnelgget ynskjer vi å dele med deg noko av alt det FANTASTISKE to sjeler frå Førde opplevde på ein dagstur - først med snøggbåt frå Nordeide over Sognefjorden, så vidare til fots langs stiar, tråkk og stundom kjerrevegar, dei 15 kilometerane - forbi 12 grender -  langs sørsida av Norges lengste fjord. 

Den veglause grenda SYLVARNES i Vik kommune, sett frå brygga ved fjorden.

Stikkordet for innlegget er nettopp å trengje bak overskrifta "LANGS VEGLAUSE STRENDER", og så prøve formidle, gjennom ord og bilete,  korleis nettopp det å vere veglaus dels har forma og vore rammefaktor for menneska som ein gong budde her (og dei 5 som er attbuande på strekninga), og dels bygningane og kulturlandskapet dei er ein del av frå farne tider og fram til det moderne i dag. 

Men først - kvar helst ved Sognefjorden er det vi strengt talt har trakka:

Ta hurigbåt frå Nordeide om morgonen (kl. 08.30 måndag, onsdag eller fredag, pr i dag) - og løys billett til Vollevika.
Gå så vestover langs fjorden - du passerer i alt 12 grender, før du til slutt endar i Ortnevik. Høgdeskilnaden  0-120 moh.
Frå Ortnevik går det hurtigbåt attende til Vereide om ettermiddagen


Ein gjestevisitt LANGS VEGLAUSE STRENDER handlar om...

... å realisere forventningane vi hadde til å vere på oppdagingsferd!   Nett dette er kanskje ikkje  så unikt for denne turen, i høve til det vi er vane med på dei mange turane vi også elles tar til nye, for oss ukjende plassar. Men, som alltid ber NYE stader forventningar med seg: 
  • Kva vil sjå?
  •  Kven vil vi møte?
  • Kva naturfenomen kjem vi over? 
  • Korleis vil opplevinga av å få bruke kroppen vår til fots i dette lende, kjennast?
  • Er dette ein tur vi vil ta att seinare eller formidle på bloggen?
Draumen om ein ny tur, ein avspaseringsdag midt i veka - framleis med heile sommarferien til gode - er blitt realitet: Etter 45 minuttars køyring med bil frå Førde til Vadheim og i retning Høyanger, dukkar ferjekaia på Nordeide opp på høgre hand. Og snøggbåten Tansøy var ute i rette tid, og vi kunne klappe frå kai når klokka var 08.30! 

Oppdagingsferda var i gong for to forventningsfulle...

Klokka er 08.30 - onsdag 26.06.2013. M/F Tansøy klar til avgang frå Nordeide i Høyanger
Vi møter hurigbåten på veg til Bergen gjennom vindauget på Tansøy. 





















Ein gjestevisitt LANGS VEGLAUSE STRENDER handlar om...
...å møte menneskeSlitarane, dei som bur her heile året. Og Serviceagentane, så som ferjemannskapet og butikkdama i Folkebutikken i Ortnevik, som er viktige blodårer i desse lokalsamfunna. For - utan mat og kommunikasjon er det stopp frå dag èin.

På turen vår denne dagen ville skjebnen at vi møtte, eller såg, alle dei 5 (6) siste fastbuande året rundt langs strendene, og på Sylvarnes såg vi dessutan dei siste to i arbeid nede på garden - sjå bileta nedanfor:
  • På VOLLAVIKI bur det i dag att ein person, det er Arvid Vollevik på bruk 1 (bilete oppe til venstre.
  • På SYLVARNES bur Borghild Nordanger, som er fødd på staden, saman med mannen og trekkspelaren Reidar Hjortland (bilete oppe til høgre). I Inste Bjørkeviki på Sylvarnes bur òg Olav Kvåle i store delar av året. Han kom på båten på kaia si om morgonen då vi var på veg til startmålet vårt for turen (Bilete nede til høgre). PÅ bruk 2 på Sylvarnes bur det i tillegg to pesonar.
  • På VETLESAND driv Per Kleppe bruk 1, men han bur i Ortnevik (bilete nede til venstre).
  • Så har vi Serviceagentane; Den blide ferjebilletør og matros Steinar Hopen på MF Tansøy helste oss vel ombord, tok betaling og vinka oss farvel då vi steig i land på Vollaviki om morgonen. Like eins, ekspeditrisa på Folkebutikken i Ortnevik gav oss kald brus, kjølande is, og selde oss turbok med kart frå området. Diverre vantar vi namnet hennar (Bilete nede, i midten).

Menneska vi møtte på turen: Slitarane, dei som bur her heile året.
Og Serviceagentane; dei som gav oss båtskyss og som vi kunne kjøpe is og brus hos i Ortnevik.


Ein gjestevisitt LANGS VEGLAUSE STRENDER handlar om...
...det som ein gong var sjølve livsgrunnlaget og hadde direkte nytte for seg - men som i dag er historie og noko på veg attgløymt:

Lat oss likevel håpe på at dei som enno bur her held ut enno nokre år, slik at vi kan møte dyr og kultiverte landskap - og noko å prate med om historia til staden når vi er på fottur.

Veglause strender handlar dels om om liv - men òg om det som ein gong var og er blitt historie

Ein gjestevisitt LANGS VEGLAUSE STRENDER handlar om...
... å hugse på at vi berre er gjestar til fots i eldgamle lokalsamfunn som har forma folket, bygningsmassar og kulturlandskap gjennom generasjonar - og hugse på nettopp dette, når vi kjem på besøk som turist til slike stader.

Lat oss ta ein lakmustest på bileta nedanfor: Kva for bilete skal stå att, og kva skal vekk? Èin gong var det biletet oppe til venstre som var det mest representative biletet for dette området.  Små gardsbruk der sauene og anna dyrehald var det ein livberga seg av, samanm med mat frå sjøen. I dag, derimot, er det som held liv i desse grendene i stor grad det at bruka endrar funksjon frå småbruk til hytter og rekreasjonsstader, og at det kjem turistar hit og fortel om staden, og gjerne legg att litt pengar på den marginale Nærbutikken og bidreg kjærkoment til å halde trafikkgrunnlaget oppe for at snøggbåten skal kunne halde oppe rutetilbodet.

Turgåarar, gjestevisitørar - i  fleire hundreårige etablerte lokalsamfunn

Ein gjestevisitt LANGS VEGLAUSE STRENDER handlar om...

.... å få gjennomføre fotturen vi har drøymt om så lenge, og oppleve denne treeinigheita mellom dels flott natur og fine kulturlandskap - dels få sjå og passere dei 12 småbruka og bygningane på desse på strekninga vi gjekk - og dels få møte folka som enno bur att på some av desse grendene.

Vi kan ikkje blogge i tekst om alle grendene vi passerte og alt vi såg og opplevde, men startar først med Volleviki - der vi vart sett i land frå hurtigbåten - og så bevegar vi oss vestover dei 15 km det er inn til Ortnevik der vi skal hoppe på hurtigbåten om ettermiddagen.


Steminga var sett med det same vi steig i land kl 09.15 ; vi KJENDE PÅ OSS alt no at dette vert ein toppers dag:


To forventningsfulle sjeler går av båten på kaia i Volleviki om 2 minuttar...
I huset til venstre bur ein mann vi aldri før har møtt... og som vi kanskje aldri heller møter att...



Einaste bebuar i Volleviki, ungkaren Arvid Vollevik.
Han kom i eins ærend ned til kaia for å gi oss gode råd om eit ras som har gått på tvers av stien vår. Takk for råda!





Raset Arvid Vollevik hinta oss om


Tilbakeblikk mot Vollaviki i aust


KYRKJETEIGEN 


KYRKJETEIGEN: Busett til 1970.  Volleviki på neset bakerst i biletet

Vi er kome til SYLVARNES:
Kort vegstubb laga mellom brygga (t.h.) og gardane (til venstre)




Brygga på Sylvarnes


Gardane SYLVARNES  sett frå brygga. Legg merkje til Ishuset i bakken til høgre for fossen!


Flott vørdsla kulturlandskap med søyleeiner - brake - på SYLVARNES.

Det gamle skulehuset på SYLVARNES.
Dette kan ein få leige. Sengeplass til 15 personar. Kontakt Vik kommune


Snart komen opp i tuna på SYLVARNES

Bufaste på Sylvarnes: Borghild (fødd: Nordanger) Hjortland, som er oppvaksen
på Sylvarnes, saman med mann og kjend trekkspelar Reidar Hjortland

Også bruk 2, nærast fotografen,  på Sylvarnes det er fast busetnad på.
Til saman 4 personar bur her fast.  Bilete teke austover

Murarhandverk på Sylvarnes. Og ein fin-fin stad å raste for oss tugåarar!


Bruk 1 på HANEKAM


LEGDENE, busett til 1988. Her står framleis våningshus, driftsbygning og stabbur.

Utsikt vestover langs fjorden frå LEGDENE


VETLESAND: Den tredje grenda vi passerte med fast drift; frukt og bær. Per Kleppe bur i Ortnevik.
På Vetlesand har det vore eitt bruk og to husmannsplassar
Murane frå det gamle skulehuset på Vetlesand som var i drift til 1964


Vi helsar på drivaren av Vetlesand - Per Kleppe. Han bur i Ortnevik og sjø-pendlar til staden

ALREK
Namneskilt  på ALREK
"Grautafatet" står det her,
og det kan stemme...
ALREK. Her var det i si tid klyngjetun, og så seint som i 1948 var det 15 hus og 18 menneske busette
på dei 3 bruka som høyrer til garden. Garden er i dag fråflytta



Ein glad og ufortrøden vandrar - Liv Janne.  Like bak henne, på andre sida av Sognefjorden, ligg Lånefjorden.
Bilvegen ut av høgre biletkant går mot Nessane og Balestrand
Tunet på Alrek ligg 120 moh


KROKSNES



ORTNEVIK - endemålet for fotturen er i sikte! Her ligg òg Folkebutikken som har kald brus og is...
Frå Ortnevik var det å ta hurtigbåten attende til Nordeide.
Vegen inn langs sørsida av Sognefjorden endar elles i nettopp Ortnevik; ein (bil-)tur i seg sjølv!

To glade vandrarar - med 1000 nye intrykk - sit nøgde på ferjekaia i Ortnevik og ventar på båtskyss.

Ein gjestevisitt LANGS VEGLAUSE STRENDER handlar om...
... å dikte seg ein eigen dag - leggje ut på si eiga ferd - og ta imot overfloda i naturen og i livet! Gratis!

Hurtigbåten på veg ut frå Ortnevik mot Nordeide. Gjev det alltid var så stilt på Sognefjorden!

 ***