tirsdag 28. mai 2013

Smakebitar frå turhelg i Bremanger!


Ungane har venta leeeeenge på at vi skulle reise på tur med bubilen - og i helga vart det endeleg noko av! Turen gjekk til ytre Bremanger. Og du verda så heldige vi var: masse med sol, vinden var visstnok "snillare" med oss her enn den hadde vore i indre strok, og vi vart heller ikkje plaga av skodda/havtåka som hadde dominert lenger sør.

Så dette vart ei helg fylt med masse opplevingar: turar med dei små, individuelle turar for oss vaksne, leik på stranda og ikkje minst - eting av IS!

Totalt 4 turar kan loggførast frå helga: Veten frå Grotle, Kjerringhalsen fyr, Geitanipa og Steinfjellet (fjernsynsmasta) frå Svarstad. Her får du berre ein liten smakebit, men vi kjem attende med innlegg frå dei ulike turane etterkvart. Eg kan love deg både flotte bilete og gode turtips!

Og med ein ivrig mann/pappa som fotograf på turen, kom det følgjande utsegn frå frøkna vår på 4 år:

"Kvifor brukar dåke kamera til å ta bilete i staden for å sjå rett på sola då?"

På veg heim att, åt vi middag på ein rasteplass med flott utsyn til Hornelen. Dette var ikkje eit turmål denne gongen sidan vi hadde dei små med oss, men vi har vore der og den står høgt på lista over turar vi gjerne vil ta (igjen)!

Så følg med på bloggen framover - "Se hva som skjer!!!"

4 kommentarer:

  1. Det skal jeg love deg! Å følge med altså... Vil ikke gå glipp av ett eneste bilde eller turbeskrivelse. Du har så fine bilder bestandig. Det er så kjekt å se bilder av vakker natur.

    Ha en strålende kveld! Her blir det ei økt til med ved. Sola skinner, bare velstsnd.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for nok ein hyggjeleg kommentar frå deg, Ingunn! :) Vi hadde ein kjempeflott tur - har faktisk ikkje fått tid til å sett gjennom bileta sjølv enda, men innlegg kjem etterkvart :) Nyt sola - her må vi nyte dei dagane vi får!

      Slett
  2. Herlige bilder som alltid:) Ja dei små får det frem:))

    SvarSlett
  3. Bremanger, en plass eg kun har vært til en gang, og da uten å fp en eineste tur, så eg gleder meg til å sjå turene dokke tok i området :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!