onsdag 15. mai 2013

Ansikt til ansikt med naturen - greier du å Face dèt?

Steffen Ben bloggar:

Har det hendt, når du har vore ute på tur i skog og mark eller på fjellet, at du plutseleg har støkt , etter å ha sett rett inn i eit ansikt? Ikkje eit ekte ansikt av kjøtt og blod, men eit som naturen sjølv har forma?; eit steinansikt så og seie. Eller eit ansikt utforma i eit av naturens 1000 andre materialar.

Ofte er det også slik at vi kan gå same tur mange gongar, men utan å dra kjensel på menneskelege trekk og formasjonar. For: Kanskje må sola stå på ein viss plass på himmelen, snøforholda eller skuggane vere slik og slik, før du ser menneskelege trekk ved naturformasjonane. Eller, som for det første biletet nedanfor - at eg først oppdaga menneskeansikta når eg hadde lasta ned biletet på PC'en heime etter turen. Andletet berre låg der, klar til å bli oppdaga, men altså ikkje med ein gong!

Eg har her plukka ut fire bilete frå biletsamlinga vår, som alle har slike mennesklege drag ved seg.

Så sjå - fantasèr - og ha eit ekstra vake auge neste gong du er ute på tur... For kanskje har du ein usynleg turkamerat med deg, utan å vere klar over det, om du tør kike deg over skuldrane, då....


 Jønshornet i Ørsta kommune:  Menn hogd i granitt!
På guttetur til Sunnmørsalpane september 2012. Biletet er teke frå råsa vi gjekk i, opp mot toppen av Jønshornet.
Men - då eg kom heim att og skulle sjå på bileta, dukka  det to mannsfjes opp til høgre i biletet... men som vi ikkje såg på turen!

Hatlesetnipa, Flora kommune
På veg opp på vakre, og nesten alltid snøfrie, Hatlesetnipa, den 31. januar 2009.
Visst kneisar Håsteinen mot oss i sør, og like visst vaktar mennesket i berget til høgre det same fjellet.

Steinkorsen i Naustdal
På trugetur til Steinkorsen i vinter kom eg over denne menneskeskikkelsen:
Eit fjes, sett i profil, med sør-sørvestleg kuling leikande med håret. Noko urydddige augebryn...

Sandfjellet i Angedalen - Førde
1 meter djup snø, med unnatak av eitt punkt i terrenget.  Spørsmålet er om det er ein angedøling som har overvintra?
Har i så fall truleg hatt ein uroleg svevn, med den kulden vi har hatt stabilt i vinter!


Lånte fjær:
Frå nettet: Bilete laga av ukjent kunstnar, som visstnok skal innehalde 11 fjes. Ser du alle?

1 kommentar:

  1. Bere man tar seg tid til å kikke seg rundt, så ser man det mest utrulige! Som å kikke på skyer ;) Tøffe ansikt da, fjellmannen som våker. Det lånte bildet, fann no 11 ansikt, mulig 12, kjem ann på fantasien! :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!