mandag 20. mai 2013

7-fjellstur i Askvoll - frå Blåfjellet til Fristadfjellet

Siste av 7 toppar er gått - ved varden på Fristadfjellet (477 moh)
Endeleg...... ein god smak av sommar! Frå ein svært kald vår, har vi brått fått nokre dagar med sol, varme og rekordtemperaturar. Her i Førde har vi hatt 25 deilige varmegrader - det er nesten så vi får litt solsjokk! I tillegg kunne det ikkje vore betre "tima" - med langfri på grunn av 17. mai og pinse! Og omsider kan shortsen og singlet vere tur-outfit'n - i staden for stillongs og ulltrøye!

17. mai vart feira på tradisjonelt vis, og der turaktiviteten var deltaking i folketoget under fana til barnehagen. Pinseaftan fekk derimot eg og Steffen utfalde oss, då vi hadde høve til barnevakt heile dagen. Sidan det framleis ligg ein del snø i fjella i indre Sunnfjord (men jammen har det smelta bra dei siste dagane!), trakk vi ut til kystnære strok - nærare bestemt Askvoll.

Målet for dagen var ein rundtur på fjella nær Askvoll sentrum. Vi hadde ikkje talt toppane på førehand, men vart oss fortalt av ein lokal turgåar på Blåfjellet, at det kvalifiserte til nemninga ein 7-fjellstur! Alle stader med respekt for seg sjølv, kan skilte med ein 7-fjellstur...;). Vi starta med å gå opp på Blåfjellet nord for Askvoll sentrum og enda opp på Fristadfjellet på andre sida av dalen, og dei sju toppane var:

Blåfjellet (533 moh) - topp-punkt ved Fannaskorane (464 moh) - Hjartåsen (516 moh) - Steinheia (524 moh) - ikkje namngjeve topp-punkt (496 moh) - Kultingane (456 moh) og Fristadfjellet (477 moh).

Dette er lettgått, tørt kystlynghei-landskap å trakke i - sjølv om det er litt hompetitten-hompetatten-teia-gåing, særleg på fjella på vestsida av Askdalen.
Oversikt over turen - vi starta inn Askdalen i Askvoll og opp på Blåfjellet og gjekk dalen rundt,
og enda til slutt opp på Fristadfjellet
Samla høgdemeter stigning total på turen var 1375 meter, distanse ca. 14 km og effektiv gangtid ca. 4 timar (pausar er då ikkje inkludert).

Turen startar på god skogsveg innover Askdalen frå Askvoll sentrum

Lettgått terreng oppover mot Blåfjellet - vi er nesten på toppen!

Utsikt utover Vilnesfjorden frå Blåfjellet - Vilnes på Atløy midt i biletet

Klar til avgang frå Blåfjellet - med friskt mot! - fjellet Dokka midt bak i biletet

Hmmm.....kvar er det best å gå? Vi peikar oss ut ei retning vidare frå Blåfjellet.
Atløya og Alden i bakgrunnen
Blåfjellet er med i årets fjelltrim i Askvoll, og er dessutan merka i høve Kystarvprosjektet. I samband med dette er det nett kome eit nytt turkart for Askvoll i målestokk 1:50 000. Her er finn du også turomtale til Blåfjellet. Turen er godt merka og det er lett å finne fram i terrenget.
Nedstigninga frå Blåfjellet mot Fanneskorene - ein båt passerer gjennom Granesundet ved Atløy

Utsikt mot Atløy - Den Norske Hesten, Alden - stig opp frå havet i bakgrunnen



Nokre få, små snøfonner låg framleis att. På veg opp mot Fanneskorene. Utsikt over til Staveneset og Høgeheia. 


Vi er komne til varden på Hjartåsen og ser attende til sendaren på Blåfjellet

Vi går jamt og trutt vidare, og ser mot Steinheia
Frå Hjartåsen måtte vi etterkvart bratt ned mot Askvatnet før vi kunne gå opp att på Steinheia. Ruta vi gjekk var nok vel bratt (såg vi då vi var komne ned......), så vil nok tilrå å gå meir mot den spisse enden på vestsida av vatnet. Det er grasbakkar heile vegen ned, men det var ein grastype som var svært sleip og glatt, så det var lett å skli...
Vi må heilt ned til Askvatnet før vi kan runde opp att på Steinheia. Bratt, ja...
I dalen ved Askvatnet, fekk du flott utsyn mot Lihesten. Nede i Askdalen skimtar vi også hytta som ligg der.


I skaret mellom Steinheia og punktet på 496 moh. Her såg vi ned mot Fismavatnet også.
Frå dette punktet er vi komne dalen til endes på vestsida, og skal no runde rundt austleg ,
og så sørover att.

Vi tok oss tid til  å gå også biten opp på Steinheia for å nyte utsynet her. 

Frå varden på Steinheia. Her ser vi den vidare ruta over punktet på 496 moh, Kultingane og  sørover mot Fristadfjellet. Her vart det mindre opp og nedstigning mellom toppane, og lettgått terreng. Fjellet Dokka ved Holmedal i bakgrunnen.

Utsikt sørover og nedatt i Askdalen mot Askvoll sentrum.

Alden ruvar i havet!

Vi ser attende til nedstigniga mot Askvatnet (i bakerste skuggepartiet...noko bratt, ja!) og oppstigninga til Steinheia. 


Vakre Dalsfjorden kjem til synes på veg opp på Fristadfjell-platået. Dokka til venstre.
Tur inn Askdalen og over fjellplatået til Fristadfjellet, er også omtala i Opptur Sogn og Fjordane under Askvoll kommune.
Ved varden på Kultingane: vi ser mot toppane på vestsida av dalen: Blåfjellet, Hjartåsen og Steinheia. 
Siste topp-punkt er endeleg nådd - frå Fristadfjellet ser vi ned att mot Askvoll sentrum og rett på Atløynipa.

God og tydeleg sti frå Fristadfjellet og ned i Askdalen. Steinheia er toppen til venstre bak hytta. 



Nesten attende til bilen, kan vi sjå attende og opp på Fristadfjellet igjen.

Og snur vi oss andre vegen, ser vi opp att på turen sin første topp: Blåfjellet. 

Start og sluttpunkt for 7-fjellsturen: Blåfjellet til venstre og Fristadfjellet til høgre. 

Høgdeprofil for turen - totalt 1375 høgdemeter stigning - og snaue 14 km distanse. 

GPS-logg frå heile turen: Blåfjellet til Fristadfjellet med start frå Askvoll øvre. Kvart kvitt punkt er 1 km.
Med denne flotte 7-fjellsturen, byrjar vi å få ein god bukett Askvoll-fjell i samlinga vår - mange av dei tatt i løpet av det siste året. Vi kan nemne m.a.: Dokka og Moldura, Granefjellet - Storskredvarden - Atløynipa på Atløy, Hovden og Brurastakken på Atløy, Skålefjellet i Stongfjorden, Høgeheia på Staveneset, Ytrevågfjellet, Høgekletten på Bulandet, Alden, Blegja, Eitrenipa, Portafjellet - Vardenova og ikkje minst Nipebu og Fossedalshengenipa.  Askvoll kommune har mykje flotte fjell å by på - og sjølv om dei ikkje alltid er så høge, så gjev dei flott utsikt over fjord og hav!

2 kommentarer:

  1. Så artig å følge dere på turen! Ett fjell hadde vært nok for meg med den flotte utsikta over hav og fjell. Vakkert!
    Kjempefine bilder! All ære til fotografen.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Vakker natur, hav og utsikt alt en kan drømme om:)) Veldig flotte bilder:)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!