tirsdag 28. mai 2013

Smakebitar frå turhelg i Bremanger!


Ungane har venta leeeeenge på at vi skulle reise på tur med bubilen - og i helga vart det endeleg noko av! Turen gjekk til ytre Bremanger. Og du verda så heldige vi var: masse med sol, vinden var visstnok "snillare" med oss her enn den hadde vore i indre strok, og vi vart heller ikkje plaga av skodda/havtåka som hadde dominert lenger sør.

Så dette vart ei helg fylt med masse opplevingar: turar med dei små, individuelle turar for oss vaksne, leik på stranda og ikkje minst - eting av IS!

Totalt 4 turar kan loggførast frå helga: Veten frå Grotle, Kjerringhalsen fyr, Geitanipa og Steinfjellet (fjernsynsmasta) frå Svarstad. Her får du berre ein liten smakebit, men vi kjem attende med innlegg frå dei ulike turane etterkvart. Eg kan love deg både flotte bilete og gode turtips!

Og med ein ivrig mann/pappa som fotograf på turen, kom det følgjande utsegn frå frøkna vår på 4 år:

"Kvifor brukar dåke kamera til å ta bilete i staden for å sjå rett på sola då?"

På veg heim att, åt vi middag på ein rasteplass med flott utsyn til Hornelen. Dette var ikkje eit turmål denne gongen sidan vi hadde dei små med oss, men vi har vore der og den står høgt på lista over turar vi gjerne vil ta (igjen)!

Så følg med på bloggen framover - "Se hva som skjer!!!"

torsdag 23. mai 2013

Svardalen og Osen Gard - skjult perle ved Eikefjorden


Bloggar Steffen:

Enkelte stadar blir ein aldri lei av å komme attende til - gong på gong - tiår etter tiår. Det kjennest like nytt og livgjevande kvar gong ein er kjem hit. I alle fall for meg! 

Området kring Osen gard,  ikkje langt frå Eikefjorden i Florø kommune, er ein slik stad.  Ja, faktisk er staden så naturskjønn og fredeleg, at eg mest kviar meg for å blogge om den. Den burde eigentleg ha fått lov til å forbli ei "hemmeleg" perle. Men, la gå for kjentfolk...
For her kan du oppleve eit fiskeeldorado, gamalt svært velholdt trehotell som no vert utleigd til velsituerte fiskarar, her er eit idyllisk vassdrag som endar ut i sjøen, her er fjell med kollar som minner om Cowboy-landskap ulikt det meste i Sunnfjord, her er gamle telefonstolpar og stabbesteinar frå ei svunna tid, berg som heng ut over vegen du går på,  fossar som slyngjer seg nedover store svaberg, idylliske sommarhus på andre sida av vatnet osb. osb.

Frå Eikefjorden sentrum køyrer du nokre få kilometer, i retning Stavang. Då kjem du til eit skilt som står Osen på; og her tar du til venstre. Og alt  frå dette punktet byrjar moroa, og naturopplevingane står i kø.
For kvar ny meter du køyrer (eller syklar eller går), så blir det pittelitte grann finare og meir naturskjønt. I det du kjem over høgda og ned att til Osa, og følgjer den smale einfeltsvegen langs Vassetevatnet, seinkar roen seg, og ein kan ta til seg naturen i fulle drag. Denne 2. pinsedagen når vi er her, er det kjempefint vêr og sommartemperaturar. Vatnet ligg der spegelblankt, og lauvverket på rogna berre skin mot deg i sollyset i relieff til snøflekkane øvst i fjellsidene. 

VASSETEVATNET
Vårt beskjedne turmål i dag,  var beint fram ikkje så mykje meir enn å vere i naturen, og å oppleve bitte små bygdesamfunn som ein ikkje trudde fantest. Svardalen, som vi passerer denne dagen, er eitt slikt; eit anna er Steindalen, ein anna sidedal ein kan køyre til (4 km)  frå Svardal. Og så Osen Gard, då. Meir om den om litt. Utrusta med barnevogn til Bendik Matias og ståbrett til denne når Sanna Oliva etter kvart ikkje orkar å gå av eiga maskin - og god turmat og drikke, var det berre å leggje i veg langs den smale, men asfalterte vegen. Vi gjekk nesten 12 km t/r, frå lomma ved tunnellen like før Svardalen, og til like i flomålet og sjøen ved Osøyra, der vegen slutta. 

Her er vi ved startpunktet for vår tur i dag - ved brua like før den lisje bygda Svardalen (sjå kart nedanfor). Svardalen ligg på ei opa slette der Vassetevatnet renn ut i Svardalsvatnet. Idyllisk! Dei nyss opptira vedaskiene langs med vegen, røper at det bur folk og føregår arbeidsaktivitetar hjå bøndene, også her.

SVARDALEN

Vi har passert Svardalen og går langs med Svardalsvatnet, i retning Osøyra.
SVARDALSVATNET

Så kjem vi til OSEN GARD: 
Osen Gard er ei skue. Raude, nymalte og vedhaldne bygningar. Tennisbane. 
Staden blir i dag nytta som rekreasjons- og fiskestad for folk frå inn- og utland, med kronasjen i orden. Bygningsmassen vart i si tid nytta som losji for folk som kom sjøvegen inn til Osøyra og skulle vidare inn i distriktet og til Nordfjord. Les meir om Osen Gard på deira heimesider:
OSEN GARD:
Faksimile-bilete frå heimesida til Osen Gard (www.osengard.org)

OSØYRA - der vegen sluttar og sjøen startar. Endepunktet for turmålet vårt.  Nistekos, leik og latter, vandring i fjøra, plukking av blomster, vasking av blåskjell... Tida står stille. For ei stund.

OSEN GARD OG OSØYRA

OSØYRA og OSSTRUPEN I BAKGRUNNEN

Frå EIKEFJORDEN i Floira kommune, køyrer du i retning Stavang. Etter eit par km, tar du til venstre ved skiltet merka "Osen". Herfrå er det 14 km smal, men asfaltert, veg.
På vegen passerer du grendene Osen og Svardalen - og du kan ta stikkvegen opp i dalføret Steindalen (4 km frå Svardal).
Ruta vi gjekk er merka med rosa farge (nedst i kartet) - kring 11 km t/r

mandag 20. mai 2013

7-fjellstur i Askvoll - frå Blåfjellet til Fristadfjellet

Siste av 7 toppar er gått - ved varden på Fristadfjellet (477 moh)
Endeleg...... ein god smak av sommar! Frå ein svært kald vår, har vi brått fått nokre dagar med sol, varme og rekordtemperaturar. Her i Førde har vi hatt 25 deilige varmegrader - det er nesten så vi får litt solsjokk! I tillegg kunne det ikkje vore betre "tima" - med langfri på grunn av 17. mai og pinse! Og omsider kan shortsen og singlet vere tur-outfit'n - i staden for stillongs og ulltrøye!

17. mai vart feira på tradisjonelt vis, og der turaktiviteten var deltaking i folketoget under fana til barnehagen. Pinseaftan fekk derimot eg og Steffen utfalde oss, då vi hadde høve til barnevakt heile dagen. Sidan det framleis ligg ein del snø i fjella i indre Sunnfjord (men jammen har det smelta bra dei siste dagane!), trakk vi ut til kystnære strok - nærare bestemt Askvoll.

Målet for dagen var ein rundtur på fjella nær Askvoll sentrum. Vi hadde ikkje talt toppane på førehand, men vart oss fortalt av ein lokal turgåar på Blåfjellet, at det kvalifiserte til nemninga ein 7-fjellstur! Alle stader med respekt for seg sjølv, kan skilte med ein 7-fjellstur...;). Vi starta med å gå opp på Blåfjellet nord for Askvoll sentrum og enda opp på Fristadfjellet på andre sida av dalen, og dei sju toppane var:

Blåfjellet (533 moh) - topp-punkt ved Fannaskorane (464 moh) - Hjartåsen (516 moh) - Steinheia (524 moh) - ikkje namngjeve topp-punkt (496 moh) - Kultingane (456 moh) og Fristadfjellet (477 moh).

Dette er lettgått, tørt kystlynghei-landskap å trakke i - sjølv om det er litt hompetitten-hompetatten-teia-gåing, særleg på fjella på vestsida av Askdalen.
Oversikt over turen - vi starta inn Askdalen i Askvoll og opp på Blåfjellet og gjekk dalen rundt,
og enda til slutt opp på Fristadfjellet
Samla høgdemeter stigning total på turen var 1375 meter, distanse ca. 14 km og effektiv gangtid ca. 4 timar (pausar er då ikkje inkludert).

Turen startar på god skogsveg innover Askdalen frå Askvoll sentrum

Lettgått terreng oppover mot Blåfjellet - vi er nesten på toppen!

Utsikt utover Vilnesfjorden frå Blåfjellet - Vilnes på Atløy midt i biletet

Klar til avgang frå Blåfjellet - med friskt mot! - fjellet Dokka midt bak i biletet

Hmmm.....kvar er det best å gå? Vi peikar oss ut ei retning vidare frå Blåfjellet.
Atløya og Alden i bakgrunnen
Blåfjellet er med i årets fjelltrim i Askvoll, og er dessutan merka i høve Kystarvprosjektet. I samband med dette er det nett kome eit nytt turkart for Askvoll i målestokk 1:50 000. Her er finn du også turomtale til Blåfjellet. Turen er godt merka og det er lett å finne fram i terrenget.
Nedstigninga frå Blåfjellet mot Fanneskorene - ein båt passerer gjennom Granesundet ved Atløy

Utsikt mot Atløy - Den Norske Hesten, Alden - stig opp frå havet i bakgrunnen



Nokre få, små snøfonner låg framleis att. På veg opp mot Fanneskorene. Utsikt over til Staveneset og Høgeheia. 


Vi er komne til varden på Hjartåsen og ser attende til sendaren på Blåfjellet

Vi går jamt og trutt vidare, og ser mot Steinheia
Frå Hjartåsen måtte vi etterkvart bratt ned mot Askvatnet før vi kunne gå opp att på Steinheia. Ruta vi gjekk var nok vel bratt (såg vi då vi var komne ned......), så vil nok tilrå å gå meir mot den spisse enden på vestsida av vatnet. Det er grasbakkar heile vegen ned, men det var ein grastype som var svært sleip og glatt, så det var lett å skli...
Vi må heilt ned til Askvatnet før vi kan runde opp att på Steinheia. Bratt, ja...
I dalen ved Askvatnet, fekk du flott utsyn mot Lihesten. Nede i Askdalen skimtar vi også hytta som ligg der.


I skaret mellom Steinheia og punktet på 496 moh. Her såg vi ned mot Fismavatnet også.
Frå dette punktet er vi komne dalen til endes på vestsida, og skal no runde rundt austleg ,
og så sørover att.

Vi tok oss tid til  å gå også biten opp på Steinheia for å nyte utsynet her. 

Frå varden på Steinheia. Her ser vi den vidare ruta over punktet på 496 moh, Kultingane og  sørover mot Fristadfjellet. Her vart det mindre opp og nedstigning mellom toppane, og lettgått terreng. Fjellet Dokka ved Holmedal i bakgrunnen.

Utsikt sørover og nedatt i Askdalen mot Askvoll sentrum.

Alden ruvar i havet!

Vi ser attende til nedstigniga mot Askvatnet (i bakerste skuggepartiet...noko bratt, ja!) og oppstigninga til Steinheia. 


Vakre Dalsfjorden kjem til synes på veg opp på Fristadfjell-platået. Dokka til venstre.
Tur inn Askdalen og over fjellplatået til Fristadfjellet, er også omtala i Opptur Sogn og Fjordane under Askvoll kommune.
Ved varden på Kultingane: vi ser mot toppane på vestsida av dalen: Blåfjellet, Hjartåsen og Steinheia. 
Siste topp-punkt er endeleg nådd - frå Fristadfjellet ser vi ned att mot Askvoll sentrum og rett på Atløynipa.

God og tydeleg sti frå Fristadfjellet og ned i Askdalen. Steinheia er toppen til venstre bak hytta. 



Nesten attende til bilen, kan vi sjå attende og opp på Fristadfjellet igjen.

Og snur vi oss andre vegen, ser vi opp att på turen sin første topp: Blåfjellet. 

Start og sluttpunkt for 7-fjellsturen: Blåfjellet til venstre og Fristadfjellet til høgre. 

Høgdeprofil for turen - totalt 1375 høgdemeter stigning - og snaue 14 km distanse. 

GPS-logg frå heile turen: Blåfjellet til Fristadfjellet med start frå Askvoll øvre. Kvart kvitt punkt er 1 km.
Med denne flotte 7-fjellsturen, byrjar vi å få ein god bukett Askvoll-fjell i samlinga vår - mange av dei tatt i løpet av det siste året. Vi kan nemne m.a.: Dokka og Moldura, Granefjellet - Storskredvarden - Atløynipa på Atløy, Hovden og Brurastakken på Atløy, Skålefjellet i Stongfjorden, Høgeheia på Staveneset, Ytrevågfjellet, Høgekletten på Bulandet, Alden, Blegja, Eitrenipa, Portafjellet - Vardenova og ikkje minst Nipebu og Fossedalshengenipa.  Askvoll kommune har mykje flotte fjell å by på - og sjølv om dei ikkje alltid er så høge, så gjev dei flott utsikt over fjord og hav!

torsdag 16. mai 2013

Flatastølen - oppvarming til barnetoget 17. mai

Flatastølen i Førde 16. mai 2013 - Hafstadfjellet midt i mot (til høgre for selet)

Ein liten tur på Flatastølen i Førde er ei god oppvarming til barnetoget i morgon! Vi har fleire gonger feira 17. mai med fjelltur, men med to spente småbarn i heimen, er det først og fremst barnetoget som blir friluftsaktiviteten for oss på 17. mai i åra framover. Er for så vidt ikkje noko dårleg alternativ det! 

Og fjelltur kan vi jo gå dei 364 andre dagane i året...... eller rett og slett kanskje ta ein rask luftetur når bunaden er komen av i morgon ettermiddag/kveld! 

Med lovnad om sol og gode temperaturar her i Førde, ynskjer vi alle våre trufaste lesarar ei riktig god 17. mai feiring - anten de feirar tradisjonelt slik som oss eller rett og slett tar dykk ein fjelltur! 



Hipp Hipp Hurra!


Tidlegare turar på Flatastølen og turskildring, finn du i desse innlegga: her og her

onsdag 15. mai 2013

Ansikt til ansikt med naturen - greier du å Face dèt?

Steffen Ben bloggar:

Har det hendt, når du har vore ute på tur i skog og mark eller på fjellet, at du plutseleg har støkt , etter å ha sett rett inn i eit ansikt? Ikkje eit ekte ansikt av kjøtt og blod, men eit som naturen sjølv har forma?; eit steinansikt så og seie. Eller eit ansikt utforma i eit av naturens 1000 andre materialar.

Ofte er det også slik at vi kan gå same tur mange gongar, men utan å dra kjensel på menneskelege trekk og formasjonar. For: Kanskje må sola stå på ein viss plass på himmelen, snøforholda eller skuggane vere slik og slik, før du ser menneskelege trekk ved naturformasjonane. Eller, som for det første biletet nedanfor - at eg først oppdaga menneskeansikta når eg hadde lasta ned biletet på PC'en heime etter turen. Andletet berre låg der, klar til å bli oppdaga, men altså ikkje med ein gong!

Eg har her plukka ut fire bilete frå biletsamlinga vår, som alle har slike mennesklege drag ved seg.

Så sjå - fantasèr - og ha eit ekstra vake auge neste gong du er ute på tur... For kanskje har du ein usynleg turkamerat med deg, utan å vere klar over det, om du tør kike deg over skuldrane, då....


 Jønshornet i Ørsta kommune:  Menn hogd i granitt!
På guttetur til Sunnmørsalpane september 2012. Biletet er teke frå råsa vi gjekk i, opp mot toppen av Jønshornet.
Men - då eg kom heim att og skulle sjå på bileta, dukka  det to mannsfjes opp til høgre i biletet... men som vi ikkje såg på turen!

Hatlesetnipa, Flora kommune
På veg opp på vakre, og nesten alltid snøfrie, Hatlesetnipa, den 31. januar 2009.
Visst kneisar Håsteinen mot oss i sør, og like visst vaktar mennesket i berget til høgre det same fjellet.

Steinkorsen i Naustdal
På trugetur til Steinkorsen i vinter kom eg over denne menneskeskikkelsen:
Eit fjes, sett i profil, med sør-sørvestleg kuling leikande med håret. Noko urydddige augebryn...

Sandfjellet i Angedalen - Førde
1 meter djup snø, med unnatak av eitt punkt i terrenget.  Spørsmålet er om det er ein angedøling som har overvintra?
Har i så fall truleg hatt ein uroleg svevn, med den kulden vi har hatt stabilt i vinter!


Lånte fjær:
Frå nettet: Bilete laga av ukjent kunstnar, som visstnok skal innehalde 11 fjes. Ser du alle?

mandag 6. mai 2013

JA til Jølster friluftsfestival!

Bilete henta frå www.frifestival.no
I helga vart Jølster friluftsfestival arrangert for aller første gong. Vèrgudane hadde ikkje tenkt å vere spesielt snille denne helga - og det set sitt preg på eit slik arrangement der hovudaktivitetane foregår ute og gjerne høgt til fjells. Men det tok ikkje gneisten av arrangørane - og det meste vart gjennomført likevel!

Dessverre var ikkje deltakinga like høg på alle aktivitetane, og noko vart avlyst av den grunn. Men heile 80 turborevvener var samla til tur i Støfringsdalen på laurdagen og til utekos i Fjordamattunet. Også skihopping i Kjøsnesfjorden samla mange - både deltakarar og tilskodarar. I tillegg til toppturar på ski, kunne du delta på kajakk-kurs, rafting, klatring for små og store, bakekurs med Kari Støfringsdal, speidarcamp, toving av sitjeunderlag, paintball og spennande foredrag. Så her var det mykje mogelegheitar for heile familien. Alt saman sett i gong av nokre lokale eldsjeler! Festivalleiar Janne Eikås uttalte følgjande til avisa FIRDA (klikk for å lese meir i artikkelen):
"Det viktigaste er å auke interessa for naturen Jølster og områda rundt. Alle aktivitetane har vore ein suksess og eg trur dei som vegra seg for å bli med angrar no når dei ser kor fint det var", fortel festivalsjefen med eit smil.

Sjølv fekk vi med oss nokre av foredraga som foregjekk i Borgja på Ålhus. Vi hadde planlagt å dra heile familien på foredrag til Joachim Vie om barn på tur, men på grunn av ein småsjuk mini i heimen, så reiste berre Steffen på dette. Laurdag fekk derimot både Steffen og eg høyre foredraget til Inger Lise Innerdal og Otto Teksum Lund som nett har gjeve ut boka "Norges beste toppturer".



Sidan 2006 har dei gått på alle kommunetoppane i Noreg, og i tillegg har dei også gått på 400 øytoppar (alle over 100 meter) langs Norgeskysten. Det er ganske imponerande å gjennomføre eit slikt prosjekt - det krev enormt med tid og planlegging, og ikkje minst motivasjon til å stå løpet ut. Inger Lise og Otto solgte signerte bøker under festivalen, og vi var nær ved å kjøpe, men sidan vi allereie har ei bok i bestilling, så lot vi det vere. Så har vi noko å gle oss til i tida framover!!! Eg har med vilje ikkje bladd for mykje i boka enda - vil at den skal vere mest mogeleg "urørt" når eg sit med den i hendene: gler meg til å sjå kva toppar dei har valt ut som sine favorittar, om det er nokon av toppane vi allereie har vore på og ikkje minst fylle på lista vår over toppar vi har lyst å gå på!

All honnør til eldsjelene bak Jølster friluftsfestival for eit flott arrangement! Og eit lite hjartesukk til alle dei som ikkje deltok på festivalen. Det hadde vore plass til mange fleire under foredraga på Borgja - her burde det vore fleire både frå lokalmiljøet og ikkje minst i frå Sunnfjord generelt. Men har inntrykk av at det var mange som ikkje heilt var klar over festivalen, og vi sunnfjordingar er jo generelt sett litt treige av oss før vi hiv oss med på noko:  Den sunnfjordske halvtimen er viden kjent - "vi må berre ete fyst!". 

Håpar dette blir eit årvisst arrangement. Vi kjem i alle fall til å delta neste gong - og då også vere med på nokre av uteaktivitetane (- så sant alle mann i heimen er friske og raske!) :)

(og så håpar eg at DU no har notert deg nettsida til festivalen, og gjer deg klar til å vere med neste år du også!)

Flott biletserie frå festivalen, finn du her