torsdag 4. april 2013

Skumringstur til Halbrendstølen og Kalsetdalen


Ein spontan kveldstur/luftetur vert bestemt, klokka er over 19.30 og spørsmålet er då: kven, kva, kor?

Kven var ikkje så vanskeleg å finne ut av: På spontan tur som også skal utførast raskt og effektivt, så blir det ein åleinetur.

Kva dreiar seg om type aktivitet: gå, jogge, fjelltur, trugetur osb. Sidan det nærmar seg kveldsmørket, så blir det lettast mogeleg - på med fritidsklede og fritidssko. Jogging gjorde vi dagen før, så ein kanskje ein gåtur kombinert med litt motbakkar? No var det jo faktisk nesten ei veke sidan eg hadde vore på "fjelltur"....

Og då gjenstår kor? Sjølv om det byrjar å bli vårleg einskilde stader, ligg det framleis mykje is i stiar og skogsvegar. Men på Den Trondhjemske Postveg på Reset (på vegen mellom Førde og Sande) er det køyrt med traktor, så der er det såpass hardpakka at ein kan gå til fots utan å sige gjennom snøen - og dermed blir dette utgangspunktet for kveldens turmål.

Vanlegvis pleier eg å gå frå Reset og til Hafstadsstølen ved Langelandsvatnet (klikk på namnet for å lese om turen), men denne gangen ville eg ta turen opp til Halbrendsstølen i staden. Den ligg i kort avstand frå startpunktet på Reset, så det er vanlegvis ikkje den turen eg prioriterer å gå. Men det er eit fint eigna turmål for små born - og det er ein svært populær stad for lufteturar med hundar.

Etter ca. 15 min og 1,5 km var eg på toppen av stølen. Halbrendsstølen har fleire stølskvier spreidd oppover ein lang bakke, og du oppdagar stadig nye stølshus etterkvart som du går oppover. Med kveldsmørket sigande på, og eit dårleg mobilkamera, vart det vanskeleg å ta dei gode bileta. Men eit lite inntrykksbilete må til:
Eitt av dei øvste stølshusa på Halbrendsstølen
Frå Halbrendsstølen visste eg at det skulle gå ein sti vidare slik at du kjem inn att på skogsvegen inn til Kalsetvatnet. Spørsmålet var jo om nokon hadde gått der slik at eg kunne finne vegen, og om det var mogeleg å gå der til fots? Eg fann nokre gamle skispor og fotspor, og tok sjansen på å følgje dei. Dei gjekk stort sett bra, seig litt i gjennom snøen einskilde stader, men ikkje verre enn at det gjekk greitt. Så etter ytterlegare ein knapp kilometer, var eg komen til den staden på skogsvegen der du kan ta av og gå den brattaste stien vidare til Halbrendsnipa.

Eg gjekk skogsvegen attende til startpunktet på Reset, og heldigvis var det også der såpass nedtrakka at det gjekk greitt sjølv i joggesko. Den samla turen vart på knappe 5 km og var unnagjort på under ein time. Eg hadde med hovudlykt, men klarte meg godt utan den sjølv om klokka passerte 21 før eg var ved bilen igjen.

Faktisk første gongen eg har gått akkurat denne rundsløyfa - alltid kjekt å prøve ut noko nytt! Og godt å lufte seg litt :)

Frå Halbrendsstølen får du god utsikt rett på Hafstadfjellet
Karutsnitt som viser turen frå Reset til Halbrendsnipa. Du ser også stiane bort til Halbrendsstølen og vidare mot Kalsetdalen:

2 kommentarer:

  1. Så flink du er! Spontantur (=alenetur) er herlig :)

    SvarSlett
  2. Hvem har sagt at de lengste turene bestandig er de beste? Artig å finne nye turer i nærmiljøet, og det viktigste av alt, frisk luft og mosjon for kropp og sjel!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!