mandag 22. april 2013

Det vårast på Mostien!

Kor gamalt er treet? Sanna Oliva har lært seg å telje årringar
Forrige tur på Mostien ved Sunnfjord museum i Førde var i slutten av oktober-12 (i dette innlegget  finn du også meir informasjon om turmålet) då eit tidleg snøfall ga varsel om at vinteren var på veg. Ein fantastisk vakker vinter syng på sitt siste vers, og vi leitar etter teikn på vår. Kva er vel då meir naturleg enn å ta ein ny tur på Mostien for å sjå om våren er i anmarsj?

Glede
når føttene blir bløte
i vårens første regn
når du vasser i våt snø
Hilsener
fra sommerlandet
fra livets fest

(Nils Aslak Valkeapää)

For knapt eit par veker sidan, var skogsvegen/stien på Mo dekka av is - no er isen omsider smelta og det er lett å traske bortover på små bein. Også minstemann fekk prøve seg eit godt stykke før bæremeisa vart for fristande :) Ekstra kjekt er det no å sjå at 4-åringen vår i stadig større grad meistrar ulendt terreng - ho greier seg utan hjelp på mesteparten av turen, og endå til opplevde vi denne gongen at ho syntes det gjekk litt sakte.... (måtte jo vente på lisjebroren!). Pappa Steffen var som vanleg ivrig med fotoapparatet, og forsøkte iherdig å få 4-åringen til å stille opp på fotosession undervegs, men fekk klar melding: "Eg har ikkje tid!".

Trass i "dårleg tid" rakk fotografen å knipse nokre bilete på vegen!
Planlagt rasteplass var Museumsstølen, men for å få ein litt lengre tur, følgde vi stien bort til husa i byggjefeltet på Mo, før vi runda tilbake. Sporlogg frå app'en Run Keeper viste at vi gjekk ca. 1,7 km før vi kom til stølen, og at samla distanse på turen var om lag 2,5 km. Startpunkt var ved Sunnfjord Museum: 
Dagens rute på Mostien ved Sunnfjord Museum i Movika (Førde)

Run Keeper er ein flott gratis app til mobilen om du ynskjer å loggføre turane/aktivitetane dine - anten det er snakk om gåturar, fjellturar, jogging, ski, svømming eller anna aktivitet. Du får oversikt over distanse, fart, kaloriforbruk m.v. For min del gir den litt ekstra motivasjon til å kome seg på tur eller i aktivitet! No blir jo ikkje snittfarten så høg når ein går på tur med ungane, men det er vi heller ikkje så oppteken av. Likevel er det jo veldig greitt å ha ein peikepinn på kva fart vi har når vi skal planleggje turar og tidsbruk - spesielt på turar med små barn! (For øvrig så finnast det sikkert mange andre gode sportsapp'ar (t.d. Endomondo), men Run Keeper fungerer i alle fall greitt nok for oss.)

Dette var eit lite sidesprang, så vi får gå tilbake til sjølve turopplevinga: 
Gjennom heile Mostien finn du mange informasjonstavler der det blir formidla kunnskap om natur, jordbruk, skogbruk og historie sett frå ein lokal ståstad. På heimesidene til Sunnfjord Museum kan du også laste ned ein audioguide som du kan høyre på gjennom heile turen. På desse tavlene finn du også ei rekkje flotte dikt knytt til naturen og vandring - dette diktet står på tavla ved startpunktet: 

Det går en sti 
i dugget gress
langt borte i en eng
etsteds.

Og stien buer sving
for sving
som smil til hemmelige
ting.

og nå er natten
overstått,
og dagen lyser uskyldsblått.

Men gresset hvisker mens
det gror
om tyste trinn og skjulte
spor. 

(Gunnar Reiss-Andresen)

Mykje rart å utforske på Mostien: klatre i greiner, sjekke postkassar, koste og rydde litt, leike "titte bø" og sjølvsagt: matkos!

Både på Mostien og på sjølve Museumsområdet skal det ligge gøymt nokre geocach'ar. Vi hadde ikkje med oss GPS og posisjonane til geocach'ane - vi leita litt forsiktig utan hell - men neste gong skal vi sørgje for at vi har med naudsynt utstyr og informasjon slik at vi finn dei! Spanande for dei små å gå på skattejakt :)

Kvar gong vi er på Sunnfjord museum, så konkluderer vi med at dette området må vi bruke myyyykje meir! Så kanskje vi får prøve å få det til ut over våren? Fin, fin plass å ta med seg kveldsmaten og nyte den ute på benkane som er sett opp nede ved vatnet på museumsområdet. 

5 kommentarer:

  1. Flott blogg,med mange gode turtips :). Eit lite apptips: Geocaching har også ein app - så har du gløymt GPS-en heime så kan appen vere til god hjelp i skattejakta:) mvh May Helen

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi har faktisk lasta dei ned, men sleit litt med å få logga oss inn :( - altfor mykje brukarnamn og passord å halde styr på etterkvart ;) Men vi skal nok finne dei neste gong:)

      Slett
  2. Så ut som en fin tur - kjempe fine bilder! Deilig at våren endelig har kommet :-)

    SvarSlett
  3. Flotte bilder, fin tekst! Virkelig forseggjort!
    Alltid kjekt å komme innom hos deg!

    Ha en strålende tirsdag!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Så koselege bilder frå Mostien. Er så deilig at snøen forsvinn, slik at ein kan begynne å gå på slike fine turar igjen. Og velidg kjekt med tips om Run Keeper, det er slik som gjev masse inspirasjon :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!