tirsdag 30. april 2013

Kampen mot blogge-stigmaet....

....må innrømme at eg  til tider kjenner meg igjen i denne:


Originalen finn du her: http://heltnormalt.no/hanneland/2013/03/03

Jantelova pregar oss, 
vi unnskyldar oss for det vi gjer
- og slik er det litt med bloggen også:
kjenner det er litt vanskeleg å fortelje om den....
det er ikkje nokon rååååsablogg, altså! 
Her får du ikkje presentert "Dagens outfit"... 
(men kanskje "Dagens tur-outfit" kunne vore ein idè?)

Men etterkvart som eg får tilbakemeldingar på at folk likar innhaldet,
at folk faktisk tar turar eg har skrive om, 
at dei får inspirasjon til å gå på tur,
så blir det lettare å "snakke" om den også!
(sjølv om Jantelova seier  at vi ikkje skal framheve det vi gjer...)

Og uansett så gir bloggen meg sjølv stor glede, 
er ein motivator for å ta fleire turar, 
og det er ein god måte å forevige turminna på
(for å setje bilete inn i album blir det jo aldri noko av.....!)

TAKK for at nettopp DU les bloggen min,
og for at DU legg igjen ein hyggjeleg kommentar!


Og - velkomen til nye følgjarar både her og på facebook-sida mi!

Alle dykk gjev også MEG (oss) inspirasjon til å dra på tur!

mandag 22. april 2013

Det vårast på Mostien!

Kor gamalt er treet? Sanna Oliva har lært seg å telje årringar
Forrige tur på Mostien ved Sunnfjord museum i Førde var i slutten av oktober-12 (i dette innlegget  finn du også meir informasjon om turmålet) då eit tidleg snøfall ga varsel om at vinteren var på veg. Ein fantastisk vakker vinter syng på sitt siste vers, og vi leitar etter teikn på vår. Kva er vel då meir naturleg enn å ta ein ny tur på Mostien for å sjå om våren er i anmarsj?

Glede
når føttene blir bløte
i vårens første regn
når du vasser i våt snø
Hilsener
fra sommerlandet
fra livets fest

(Nils Aslak Valkeapää)

For knapt eit par veker sidan, var skogsvegen/stien på Mo dekka av is - no er isen omsider smelta og det er lett å traske bortover på små bein. Også minstemann fekk prøve seg eit godt stykke før bæremeisa vart for fristande :) Ekstra kjekt er det no å sjå at 4-åringen vår i stadig større grad meistrar ulendt terreng - ho greier seg utan hjelp på mesteparten av turen, og endå til opplevde vi denne gongen at ho syntes det gjekk litt sakte.... (måtte jo vente på lisjebroren!). Pappa Steffen var som vanleg ivrig med fotoapparatet, og forsøkte iherdig å få 4-åringen til å stille opp på fotosession undervegs, men fekk klar melding: "Eg har ikkje tid!".

Trass i "dårleg tid" rakk fotografen å knipse nokre bilete på vegen!
Planlagt rasteplass var Museumsstølen, men for å få ein litt lengre tur, følgde vi stien bort til husa i byggjefeltet på Mo, før vi runda tilbake. Sporlogg frå app'en Run Keeper viste at vi gjekk ca. 1,7 km før vi kom til stølen, og at samla distanse på turen var om lag 2,5 km. Startpunkt var ved Sunnfjord Museum: 
Dagens rute på Mostien ved Sunnfjord Museum i Movika (Førde)

Run Keeper er ein flott gratis app til mobilen om du ynskjer å loggføre turane/aktivitetane dine - anten det er snakk om gåturar, fjellturar, jogging, ski, svømming eller anna aktivitet. Du får oversikt over distanse, fart, kaloriforbruk m.v. For min del gir den litt ekstra motivasjon til å kome seg på tur eller i aktivitet! No blir jo ikkje snittfarten så høg når ein går på tur med ungane, men det er vi heller ikkje så oppteken av. Likevel er det jo veldig greitt å ha ein peikepinn på kva fart vi har når vi skal planleggje turar og tidsbruk - spesielt på turar med små barn! (For øvrig så finnast det sikkert mange andre gode sportsapp'ar (t.d. Endomondo), men Run Keeper fungerer i alle fall greitt nok for oss.)

Dette var eit lite sidesprang, så vi får gå tilbake til sjølve turopplevinga: 
Gjennom heile Mostien finn du mange informasjonstavler der det blir formidla kunnskap om natur, jordbruk, skogbruk og historie sett frå ein lokal ståstad. På heimesidene til Sunnfjord Museum kan du også laste ned ein audioguide som du kan høyre på gjennom heile turen. På desse tavlene finn du også ei rekkje flotte dikt knytt til naturen og vandring - dette diktet står på tavla ved startpunktet: 

Det går en sti 
i dugget gress
langt borte i en eng
etsteds.

Og stien buer sving
for sving
som smil til hemmelige
ting.

og nå er natten
overstått,
og dagen lyser uskyldsblått.

Men gresset hvisker mens
det gror
om tyste trinn og skjulte
spor. 

(Gunnar Reiss-Andresen)

Mykje rart å utforske på Mostien: klatre i greiner, sjekke postkassar, koste og rydde litt, leike "titte bø" og sjølvsagt: matkos!

Både på Mostien og på sjølve Museumsområdet skal det ligge gøymt nokre geocach'ar. Vi hadde ikkje med oss GPS og posisjonane til geocach'ane - vi leita litt forsiktig utan hell - men neste gong skal vi sørgje for at vi har med naudsynt utstyr og informasjon slik at vi finn dei! Spanande for dei små å gå på skattejakt :)

Kvar gong vi er på Sunnfjord museum, så konkluderer vi med at dette området må vi bruke myyyykje meir! Så kanskje vi får prøve å få det til ut over våren? Fin, fin plass å ta med seg kveldsmaten og nyte den ute på benkane som er sett opp nede ved vatnet på museumsområdet. 

torsdag 18. april 2013

Då bobla sprakk........


Slik såg det ut før bobla sprakk........

Når bobla sprekk, er som oftast synonymt med at det skjer noko gale......

.......men jammen kan det einskilde gonger også føre til stor fryd og glede:

Latter og glede over å kunne sprekke såpebobla!

Boblen
(Mel. Jeg er en liten teddybjørn.) H.A.

Jeg er en liten boble jeg som svever opp mot sky'n.
Og når jeg kommer dit opp ser jeg sikkert helt til by'n.
Jeg tror at du har lyst til og så sveve her med meg.
Men jeg er lett og du er tung, det hjelper ikke deg.
Jeg svever og jeg svever og jeg svever høyere opp.
Det blir så høyt, jeg tenker stille: skal det snart si stopp?!
Og siden jeg er boble så sa det pluts'lig bang!
Det va'kke rart jeg sprakk for jeg var av såpe og av vann.



Små born - store gleder heiter det. Og ofte er det også dei små tinga som gjev dei store gledene..... det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere turen litt kjekkare for ungane.

Å ta med seg såpebobler på tur er eit godt eksempel! Det tar liten plass i sekken eller lomma, og er lett å bære med seg. Det er kjekt både for små og store - mor var nok minst like ivrig på å blåse som dei små var til å sprekke boblene:


Såpeboblene hadde vi med oss då vi gjekk tur langs elvane Anga og Jølstra i Førde for vel ei veke sidan. Her gjekk vi også på påskevandring i 2012, så meir om turen kan du lese i dette innlegget.

Denne gongen hadde vi med oss farmor og farfar på tur. Sidan vi har hatt ein vinter med lite nedbør, har det også vore lite vatn i elvane. Det gjorde at vi kunne spasere langt ut på elveleiet, og kose oss med å kaste stein i vatnet:

No har derimot regnet komt i fullt monn, snøen og isen smeltar som berre det og elvane flaumer opp laaaangt over sine breidder - ja, slik kan det jammen for forandre seg!

Nista vår inntok vi ved ei fiskehytte langs stien. Du passerer fleire slike på turen, men denne er "innreia" med bord, stolar og endåtil eit par senger!
Fiskehytta med Førde sentralsjukehus og Førdsnipa i bakgrunnen
Turen vi gjekk er totalt vel 3 km i flatt terreng, så flott tur å gå for den nybakte 4-åringen vår. Biletet under viser eit kartutsnitt frå turen - startpunkt er ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sine lokale:
Kartutsnitt frå vandring langs Anga og Jølstra i Førde

fredag 12. april 2013

Trugepudder: Sandfjellet (1249 moh) frå Angedalen

Steffen Ben bloggar:

To av mine livsmotto danna grunnlag for den flotte trugeturen min til fjells i dag....:
"Ekte naturinteresse er den beste
 livsforsikring eit menneske kan ha"

 "Ikkje vent til i morgon med å nyte det du kan i dag" 

... så, då var det rett å slett å pare dei to ordtaka, og gjennom dei følgje den klåre oppmodinga om å pakke sekken og komme seg i veg: ikkje i morgon eller ein dag det "passar", men beint fram i DAG. Ja, nett no! Det er lov å følgje skrifta!


Snert: Ein sving skoren i laussnøen som med ein nykvesst kniv.
Utsikt austover:  Botnavatnet og Steinegga like bak
Turen til Sandfjellet er ein fin tur, sommar og vinter, og dei seinaste åra har fjellet særleg blitt populært hjå Offpist-køyrarar og andre som vil ha fine nedrenn på ski i særs naturskjøne omgjevnader. Det er fleire naturlege  ruter til toppen, særleg 2 frå Botnen i Angedalen, eller frå m.a Fimland i Naustdalen. Mange startar oppstigninga i ein kommune, og renn/går ned att i den andre. Valet er ditt! 

Mitt val fall på start i Angedalen, og så følgje den snødekte kjerrevegen innetter på nordvest-sida av elva frå Botnavatnet, og så opptil Brekkestølen og Slettebotnen - og så runde nordvestover att opp til topps på Sandfjellet (sjå kartet nederst).

Avstand: 11,3 km t/r
Omtrentleg tidsbruk: 2-2,5 timar kvar veg (eller det du måtte trengje...)
Utsikt frå Brekkestølen og Nord-vestover mot oppstigninga mot Sandfjellet.  Toppen er skjult, kring midt i biletet

Tilårskomne men sjarmerande stølshus på Brekkestølen.


Sikt austover mot Botnavatet og Steinegga like bak. Storfjellet nærast til venstre.

To vardar på Sandfjellet (1249 moh): her den austre som er den første eg kom til.
Utsikt Vestover: Storehesten bak til venstre. Blegja til høgre



Utsikt frå varden på Sandfjellet mot Ålfotenmassivet

Godt høve for auka sjølvinnsikt frå toppen av varden på Sandfjellet!

Retur same veg frå Sandfjellet, mot aust og ned,  og så sørvest under foten på fjellet

Utsikt austover: Storfjellet fremst til venstre - så Kvitefossfjellet/Klokkarhuva. Så Solegladnipa i himmelsjå bakerst og traversen mot venstre bort til Syskarnipa. Steineggja til høgre bak Botnavatnet

La gå: Litt raskare med retur på ski enn for meg på truger....

Nam nam... 

Ikkje så langt ned att til Brekkestølen (bak kammen)


Våren, våren, våren er her. Kaffikoppen plassert på taket på selet på Brekkestølen i Slettebotnen.  Fin-fin rasteplass!

Ein angedøling som har overvintra ute i vinter?

Sandfjellet er det avrunda fjellet til venstre.   Biletet tatt på Krunene tidlegare i vinter


Ruta frå parkering i Botnen i Angedalen i Førde og til Sandfjellet.
Nokre av fjella som er omtala i bilettekstane ovanfor, er ringa ut.

Vel blåst tur!

onsdag 10. april 2013

På denne toppen skulle eg gjerne vore i dag....

..... frå terrassen på rommet på Hotel Alexandra i Loen ser eg rett opp mot Skåla - Norges lengste motbakke med sine 1848 meter stigning! Med sol frå nesten skyfri himmel, hadde det vore heilt fantastisk å vore der i dag! Men denne gongen får eg nøye meg med å nyte utsikta, drøyme meg til topps frå den gongen eg var der og heller gjere meg nytte av hotellet sitt badeanlegg:
Bilete henta frå hotellet si heimeside


Frå bassenget inne kan du symje utandørs til eit oppvarma basseng, dei har både innandørs og utandørs boblebad, vannsklie m.m. Er ikkje kvar dag ein har slike fasilitetar, så berre å nyyyyte det også! :)

torsdag 4. april 2013

Skumringstur til Halbrendstølen og Kalsetdalen


Ein spontan kveldstur/luftetur vert bestemt, klokka er over 19.30 og spørsmålet er då: kven, kva, kor?

Kven var ikkje så vanskeleg å finne ut av: På spontan tur som også skal utførast raskt og effektivt, så blir det ein åleinetur.

Kva dreiar seg om type aktivitet: gå, jogge, fjelltur, trugetur osb. Sidan det nærmar seg kveldsmørket, så blir det lettast mogeleg - på med fritidsklede og fritidssko. Jogging gjorde vi dagen før, så ein kanskje ein gåtur kombinert med litt motbakkar? No var det jo faktisk nesten ei veke sidan eg hadde vore på "fjelltur"....

Og då gjenstår kor? Sjølv om det byrjar å bli vårleg einskilde stader, ligg det framleis mykje is i stiar og skogsvegar. Men på Den Trondhjemske Postveg på Reset (på vegen mellom Førde og Sande) er det køyrt med traktor, så der er det såpass hardpakka at ein kan gå til fots utan å sige gjennom snøen - og dermed blir dette utgangspunktet for kveldens turmål.

Vanlegvis pleier eg å gå frå Reset og til Hafstadsstølen ved Langelandsvatnet (klikk på namnet for å lese om turen), men denne gangen ville eg ta turen opp til Halbrendsstølen i staden. Den ligg i kort avstand frå startpunktet på Reset, så det er vanlegvis ikkje den turen eg prioriterer å gå. Men det er eit fint eigna turmål for små born - og det er ein svært populær stad for lufteturar med hundar.

Etter ca. 15 min og 1,5 km var eg på toppen av stølen. Halbrendsstølen har fleire stølskvier spreidd oppover ein lang bakke, og du oppdagar stadig nye stølshus etterkvart som du går oppover. Med kveldsmørket sigande på, og eit dårleg mobilkamera, vart det vanskeleg å ta dei gode bileta. Men eit lite inntrykksbilete må til:
Eitt av dei øvste stølshusa på Halbrendsstølen
Frå Halbrendsstølen visste eg at det skulle gå ein sti vidare slik at du kjem inn att på skogsvegen inn til Kalsetvatnet. Spørsmålet var jo om nokon hadde gått der slik at eg kunne finne vegen, og om det var mogeleg å gå der til fots? Eg fann nokre gamle skispor og fotspor, og tok sjansen på å følgje dei. Dei gjekk stort sett bra, seig litt i gjennom snøen einskilde stader, men ikkje verre enn at det gjekk greitt. Så etter ytterlegare ein knapp kilometer, var eg komen til den staden på skogsvegen der du kan ta av og gå den brattaste stien vidare til Halbrendsnipa.

Eg gjekk skogsvegen attende til startpunktet på Reset, og heldigvis var det også der såpass nedtrakka at det gjekk greitt sjølv i joggesko. Den samla turen vart på knappe 5 km og var unnagjort på under ein time. Eg hadde med hovudlykt, men klarte meg godt utan den sjølv om klokka passerte 21 før eg var ved bilen igjen.

Faktisk første gongen eg har gått akkurat denne rundsløyfa - alltid kjekt å prøve ut noko nytt! Og godt å lufte seg litt :)

Frå Halbrendsstølen får du god utsikt rett på Hafstadfjellet
Karutsnitt som viser turen frå Reset til Halbrendsnipa. Du ser også stiane bort til Halbrendsstølen og vidare mot Kalsetdalen:

tirsdag 2. april 2013

Alt anna enn nake(n) på Kjelstadnakken (1050 moh)

Påska 2013 er over - beste vêr i manns minne; ja, dei fleste av oss skal vel vere glade om vi opplever èi tilsvarande påske til som dette i eiga levetid - og då er eg ikkje spesielt pesimistist. Statistikken lyg som kjent aldri...

For vår del er vi stornøgde med denne veka, både med vêr og aktivitetsnivå: Her har blitt fjellturar både med og utan barn, til fots, på ski, akebrett og ikkje minst på truger. Fjellet er oppsøkt, det same er kyst- og hytteliv. Påskeharen har velsigna store og små med "uventa" påske-egg strategisk utplassert der vi måtte ferdast med dei små.  

Den siste av påsketurane vi vil blogge om, er denne til Kjelstadnakken i Gaular- ein topp vi likar godt og som Steffen også var på så seint som den 12.12.2012 kl 12.12, ruteskildring her

Nokon som skulle ønskje at påska varte nòk ei veke, og at ein kunne gå endå fleire turar til fjells? Vi gjer!
Kjelstadnakken i himmelsjå bak til høgre i biletet. Flyet er frå Norwegian.

Mjuk start på fjellturen frå Ullebust i Sundsdalen ved Førde:
Første timen går ein på traktorveg/skooterspor

Ullebuststølen i vinterskrud passerer vi på venstre side på veg oppover
Dyra i Hakkebakkeskogen; ingen veit kor haren hoppar...

Nesten uansett kvar vi har vore denne påska, har Store- og Lisjehesten og Heilefjellet dukka opp i Vest


Frå Kvandalsstølen tar vi av til høgre, sørover, i  retning Kjelstadnakken

Vilt landskap opp mot Klungeren frå Nord


Isete og hardt som berre det; sjølv der sola tok  i timar var det først og fremst trugeføre, og ikkje noko anna


Sjukehus-området (Vie) i Førde i det snøberre
område oppe til venstre i biletet

GPS-en syner 1050 moh; etter kring 2 timars påskegange.


Sekken av og fram med godsakene her ved varden.

Passe langt å gå på ski ut mot Blegja frå norsdsida av Storehesten...


Retur frå toppområdet på Kjelstadnakken, i retning Kvandalsstølen og Ullebust
   
Is, is og is

  

Frå Kvandalsstølen ber det nedover lia mot Ullebust.