torsdag 28. mars 2013

Venevassegga (1023 moh) - innfrir det namnet lovar!


Ikkje berre innfrir meteorologane det Påskevêret dei lovar - det gjer i høgste grad òg naturopplevinga frå nettopp Venevassegga i Gaular:

Dagens turmål på truger,Venevassegga, er ein typisk vintertopp - og gjev ei nydeleg skue til tre kyrkjesokn: Holsen i Nord-vest, Haukedalen i Aust og Viksdalen i Sør-vest. Turen gjev også panorama til tilsvarande tre store innlandsvatn: Holsavatnet; Haukedalsvatnet og Viksdalsvatnet.

Og uansett kvar ein vender hovudet kring ein, er det overkomelege fjelltoppar som freistar og lokkar, både i vinter- og sommarhalvåret:
Ja, faktisk gav turen til Venevassegga inspirasjon til eit nytt turmål som vi hadde planar om å ta påfølgjande dag. Av ulike grunnar blei ikkje det, men i staden vart det ein anna tur som vi også ser frå Venevasseggga. Meir om dette kjem i seinare innlegg...

Altså: Bestiginga av èin topp genererer gjerne ynskje om å bestige 5 nye toppar!!! Nokon som kjenner seg att?

Slik finn du fram: 
Turen startar ved Rørvik fjellstove som ligg på fjellovergangen Rørvikfjellet mellom Førde og Gaular, ca. 30 minutts køyring frå Førde sentrum. Turen er merka på sommarstid og det god sti. På vinteren finn du nesten garantert skispor som du kan følgje til toppen. Lett kupert skiterreng og fine renn ned att, gjer dette til ein svært populær skitur.

Distanse: ca. 8-9 km t/r
Tidsbruk: ca. 3 timar samla sett
Karutsnitt over turen finn du nedst i innlegget.
Jakobs-skardet der vi skal opp midt i biletet; avstikkaren Hetlenova til Høgre


To trugegåarar i perlehumør: Det èine er Påskevêret, det andre er at Påskefri opnar for fleire fortløpande utfluktsdagar til fjellet. I bakgrunnen er hytta på Rørvikfjellet - som er start- og stoppstad for denne turen.

"Flyfoto" frå Rimmane: Ruta frå Rørvikseter og til Venevassegga - og den utsikts-lønsome snuren
bortom Hetlenova (904 moh) med finfin utsikt til Holsen og Gulestølen

Neidå; ikkje Hallingskarvet eller Reineskarvet - men Svartenova


Fjellet Drøsinga på Holsen. Holsen by i næraste ende av Holsavatnet.
Stien startar frå parkeringsplassen til Gulestølen og fortset oppover fjellsida og opp til høgre ende på egga på biletet. Fjellet kan verkeleg anbefalast som turmål!

Sola når oss på Nord-vestsida av Svartenova

Frå Jakobs-skardet mellom Venevassegga og Hetlenova får ein
fin utsikt  mot Vika i Viksdalen.
Ein alternativ startstad for turen er
via Hetlestølen (i skyggen av snøfonna i framgrunnen).

Framme på Venevassegga
Vika på Viksdalen og Viksdalsvatnet
Det spisse fjellet i himmelsjå, Holstnipa, er kanskje det fjellet som gjev best utsikt over heile Viksdalen. Prøv det!


Stripene på himmelen røper stor påsketurisme, by Air

Retur: Utsikt mot Haukedalsvatnet og Haukedalen i andre enden av vatnet.




Haukedalsvatnet - det avrunda fjellet til høgre for midten er Rundenova.
Startstad for tur hit er Vindheim på Sør-vestre side av Haukedalsvatnet

Nordsida av Haukedalsvatnet.

Ein flyktning (eller to) kryssar sine spor...

Trugefølgjet vèl attende til startpunktet på Rørvikfjellet. Haukedalsvatnet.
Og vart du freista på å ta turen etter å ha lese dette innlegget, men er usikker på ruta - ja, så byr det seg ein sjanse til å slå følgje med Indre Sunnfjord Turlag allereie 2. påskedag! Meir informasjon finn du her. Turleiaren for turen, Atle Holsen, er ein svært stødig turleiar og lokal kjentmann som har guida denne turen mange gonger. Attpåtil er han ein god kollega, så vi kan trygt skrive under på at han vil ta godt vare på dei som ynskjer å vere med på tur!

Kartutsnitt frå turen til Venevassegga - start frå Rørvik Fjellstove


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!