torsdag 7. mars 2013

"Truger er ein sport som er lett å lære!"


Tenk deg følgjande:
Det er masse snø. Du har truger på bena og varme og tette klær på kroppen.
Etter hvert som du går oppover i terrenget kjenner du at du blir varm, men mer og mer forventningsfull.
På toppen trekker du pusten.
Du ser utover og nedover. Du er på ”verdens tak”.
Trekk opp alle glidelåser, sjekk trugebindingene og fest sekken.
Ta sats.
Løp ut og nedover og la tyngdekraften ta tak i deg.
La deg rulle nedover og la trugene gi deg balanse og fraspark før du igjen tipper nesen framover og kroppen lever sitt eget liv på vei ned fjellsiden…
Snø, fjell, truger og vinter.
Bedre kan det ikke bli…
Både unge og gamle elsker det.


Vi har gått nokre turar på truger i vinter, og har omtalt det ved fleire høve i bloggen, og har snakka endå meir om det til folk vi kjenner. Truger er absolutt noko eg anbefaler at du/de prøver, og her kjem nokre gode argument for det:

I samband med at Special Olympics World Winter Games 2013 (OL for utviklingshemma) vart arrangert i Sør-Korea for nokre veker sidan, var det ein reportasje om dette i Sportsrevyen på NRK. Ny grein av året, var trugeløp, og ein av deltakarane kommenterte under intervjuet:

"Truger er ein sport som er lett å lære!"

Det er jo heilt sant - kan du å gå, så kan du også gå på truger! Dermed er det låg brukarterskel. 
I tillegg er dei  lette å frakte med seg, treng ikkje smørjast, har ikkje behov for vedlikehald og du treng heller ikkje spesialsko..... 

Og ikkje minst: Det er god trim!!! Nokre andre har uttalt at: 

"På truger får du aldri kvile!"

På ski går du opp og kan køyre ned igjen - på truger må du derimot gå både opp og ned! Ein av deltakarane   på trugeløp under Special Olympics fekk spørsmålet: "Kva skjedde med vekta di då du byrja å gå på truger?" Svaret kom kontant: "Den datt ned!" (etterfulgt av ein herleg latter :)! ). 

Den tidlegare maratonløparen Ingrid Kristiansen har også praktisert trugeløp, og listar opp 8 gode grunnar for å trene med truger: 
  1. Aukar forbrenning. Ein halvtime trugegang tilsvarar ein time med jogging
  2. Styrketrening for heile kroppen
  3. Betre haldning
  4. Betre balanseevne
  5. Skånsomt underlag: Snø er ikkje så belastande for knea som asfalt
  6. Sosial: Vi kan gå mange saman
  7. Passar for alle - topptrena som sofaslitarar
  8. Eit ypparleg alternativ for deg som ikkje likar å gå på langrennsski
Treng du endå fleire gode argument for å ta i bruk truger, så kan du lese Nordisk Fritid sin artikkel om "Truger til ulike formål"

Truger gjev godt humør, latter og glede!
Ser vi deg att på truger i løpet av vinteren?




1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!