søndag 3. mars 2013

Selstadheia - Sunnfjord og Sogn på same tid!

Vi står i Sunnfjord og ser mot Sogn: Vi skimtar Sognefjorden og innløpet til Vadheim.
Vi går gjerne fleire turar enn dei vi rekk å blogge om, men gode turtips er nærast "evigvarande" (det er svært sjeldan at fjell flyttar på seg....), så derfor er det aldri for seint å skrive om dei heller :) Og nokre gode tips som gjev turinspirasjon, kan vere greitt å ha på lur når det elles er roleg(are) på (fjell-)turfronten.

I midten av januar, hadde Steffen og eg ein flott tur på skaren på mine barndoms trakter. Eg har faktisk berre gått akkurat denne turen ein gong før - om sommaren for om lag 10 år sidan - så det var veldig kjekt å gå denne turen på skaren. Og eg trur ikkje det blir like mange år til neste gong eg tar turen! (det bør det ikkje bli....!)
Oversiktsbilete over turen: Eikelandsstølen, over Selstadheia til Steiefjellet og retur via Selstadstølen

Turen startar ved min barndomsheim på Eikeland i Gaular, og går først opp til Eikelandsstølen. Du finn fram til startpunktet slik (henta frå turskildringa vår til Årnesholten i Gaular):

På Sande tar du av til rv. 610 i retning Eldalsosen. Etter knappe 4 km, ta til høgre ved skilt merka Kirkeli og køyr ytterlegare to kilometer til gardane på Eikeland. På høgre sida av vegen ligg gardstunet Bakkane. Der startar turen; først på grasgrodd tømmerveg, som du følgjer til endes. Vidare går du på tydeleg sti langs høgre sida av elva oppover i sørleg retning mot høgdedraget vest for Årnesholten. Etter ein halvtimes gange kjem du til Eikelandsstølen.

Vidare frå Eikelandsstølen er det ingen tydeleg sti å følgje, men det er lett å få oversikt over terrenget, og du vel ei naturleg retning opp på høgdedraget over Haukastølen. Vi gjekk over Selstadheia, enda opp ved varden på det som på kartet under er omtala som Nova (638 moh). I boka i varden var toppen derimot omtala som Steiefjellet, så det er nok nemninga på folkemunne. Returen gjekk ned den merka ruta til Selstadstølen. Her var det tydeleg sti og faktisk merka med T'ar. Ved  Knappen (sjå kartet) gjekk vi inn på skogsvegen som fører til gardane på Hauka. Frå Hauka gjekk vi bilvegen attende til Eikeland.  Samla distanse totalt på turen: ca. 10 km. 

Vi vil tilrå at du går så langt fram på kanten av heia at du ser ned att til Åbergsdalen, Økslandsvatnet og starten av Vadheimsfjorden (sjå biletet på toppen). Flott tur i lettgått terreng! Når det gjeld utsikta og inntrykka undervegs, lar vi rett og slett bileta tale for seg: 



Flott og lettgått terreng - vi ser Kjelstadnakken midt i biletet

Vi ser mot Fløyen og Grønefjellet - bak til venstre stikk Storehesten opp



Siste stykket fram mot varden på Steiefjellet/Nova

Utsikta mot Storehesten og Heileberget er flott også her!

Selstadstølen - gardane på Hauka rett under, Skudalen og Nesavatnet midt i biletet

Eitt einsleg sel på Selstadstølen


Vel nede på Hauka - Kjelstadnakken ligg framleis bada i ettermiddagssola

3 kommentarer:

  1. Fjell, fjell og atter fjell! Flotte fjell så langt øye kan sjå :) du frister med denne turen!!

    SvarSlett
  2. Det manglar ikkje på fjell, nei! Stort sett nok å ta av og mange flotte turmål :)

    SvarSlett
  3. Så fine bilder, fikk lyst på fjelltur nå ja :-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!