fredag 8. mars 2013

Nipebu og Fossedalshengenipa (713 moh)

Tenk, denne toppen skulle vi kome opp på utan å ane det på førehand på turen til Nipebu i dag - meir om det snart....

Åhhh, for ein vakker vinterdag! Eg har nesten ikkje ord for den flotte naturopplevinga vi har fått med oss i dag - på sjølvaste Kvinnedagen. Kanskje ikkje den mest tradisjonelle måten å feire Kvinnedagen på, men for meg var dette heilt perfekt: Å få lov til å ta seg ein pustepause i ein hektisk kvardag med jobb og småbarnsliv, og gjere noko av det eg likar aller mest! Og saman med den eg likar aller best....:)


Etter tips om at det no var fint å gå på truger til Nipebu, så var vi ivrige på å ta turen dit. Faktisk snart 7 år sidan eg var der sist, så det var på tide! (og du verda som tida fyk!)

Nipebu er ei av Indre Sunnfjord Turlag sine hytter. Vi starta frå Markavatnet i Skjerlia, ruteskildring finn du på UT.no sine sider her.

Ruta frå Markavatnet til Nipebu
Det bar fint på skaren, så vi starta til fots, og det viste seg at vi ikkje hadde behov for trugene i det heile! Vi følgde den merka T-ruta, men i staden å gå opp skaret i Bordbotnen, var det tjukk nok is til å gå rett over vatna.

Nipebu låg bada i solskinn og det var heilt vindstille. Vi sat utanfor hytteveggen og høyrde dråpane som rann frå taket grunna snøsmelting. Vi kunne ikkje hatt det betre!!!! Vi angra ganske mykje på at vi ikkje hadde planlagt overnatting, men det er ikkje alltid det høver seg slik, så det får vi ta att ein annan gong.

Start frå Markavatnet - sikt vestover mot Skjerlia





Den T-merka ruta til Nipebu går opp skaret til venstre mellom Fossedalshengenipa og Nipeholten 


På veg over Langevatnet - vi er snart framme!

Vi held fram over Langevatnet - Nipebu i sikte!



Nipebu med gjesteanneks - Nipeholten og Fossedalshengenipa i bakgrunnen (713 moh)

Påskestemning - litt på forskot!

Fossedalshengenipa i dvergutgåve

Hoppande glad :)

På veg heim att over Nipevatnet ser vi rett mot Markahengenipa - kanskje eit framtidig turmål?


































På veg oppover frå Markavatnet, såg vi opp på Fossedalshengenipa (713 moh) - og det freista veeeeeldig å ta turen opp dit. I så fall ville det bli vår "førstebestigning" på denne toppen. Vi fann ut at vi skulle sjå det an til returen - og sjølvsagt vart det noko av! På skaren gjekk det raskt og radig oppover, og etter ein liten halvtime etter at vi tok av frå stien, så sto vi på toppen: For eit skue!!!! Vi lar bileta fortelje resten av historia:

På veg opp mot Fossedalhengenipa, er det flott utsikt mot Eitrenipa (t.v.), Nordre og Søndre Kringla


Toppen av Fossedalshengenipa gjev nydeleg utsikt vestover. Nipebu på venstre side av vatnet midt i biletet.

Fjellpanorama (frå venstre): Eitrenipa, Blegja, Storehesten (bak), Nordre og Søndre Kringla
(og for ein gongs skuld lot fotografen andre ta hand om kameraet!)
Som kjent spring hestane alltid lettast heim att....!

Snart attende ved Markavatnet etter ein strålande fjelltur!

11 kommentarer:

  1. Jeg blir helt satt ut! Så vakkert! Kjempefine bilder av flott landskap! Her nyter vi finværet på ski.
    Gratulerer med dagen og god helg!!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Flotte bilder frå ein flott dag i eit kjent fjellområde. Dette er nærast mi leikegrind...:-)

    Ynskjer du å sjå meir her frå ligg det fleire stillfilmseriar på bloggen min http://gustavskaar.blogspot.no/
    Fossedalshengenipa her http://youtu.be/g22S1p2KGpY
    Nipebu her http://youtu.be/_tx88BtbJis

    På filmane ligg det musikk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ein heilt utruleg dag, ja! Har sett fleire av innlegga dine frå turar i dette området, og dei har medverka til at Fossedalshengenipa sto på "to do"-lista :)

      Slett
  3. Han e kjempegod å ta bilder han fotografen din!Kjempeflott, stilige bilder,og ein nydeleg tur.Nipebu har eg faktisk vert til,ein nydeleg haustdag i 2011.
    Ødela kneet mitt på veg ned,så fekk eit år ca uten dei heilt store aktivitetane.Men no er eg klar,så blir nok tur dit igjen ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, han fotograferer ivrig og blir aldri lei av å prøve ut ting :) Ikkje alltid "fotomodellen" er like tålmodig....;) Såg deg/dykk i hytteboka, ja :)

      Slett
  4. Så utrolig fin blogg du har!! Har lagt meg til som følger, og gleder meg til å komme innom på besøk igjen, og igjen :) God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Likeså! Følgjer med deg, eg også :) God helg!

      Slett
  5. Drømmeforhold i et drømmalandskap. Virker som et spennende område å legge ut på tur i. Tenke seg til hvor mye flott natur vi har ...ja sannelig er det bare å beholde ryggsekken på:))

    Fin turuke til dere:))

    SvarSlett
  6. Ååååå så nydelig!! Sukk..... den mannen kan å ta fine bilder ;) drømme, drømme...

    SvarSlett
  7. Fantastisk flotte turbilder. Dyktig bak linsa, det er sikkert. Nydelig vær, fjell og landskap - og spreke turtelduer på tur. Dere er flinke og spreke altså! :)

    Se og nyt, herlig turinspirasjon som alltid.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!