tirsdag 19. mars 2013

Ladies on snowshoes!

Utsikt utover Førdefjorden frå Djupvikenipa

"Trugebølgje":

Bruk av truger har verkeleg slått om seg her i byen! 
Vi likar jo sjølvsagt å tru at vi har medverka litt til det....:)
I alle fall er det slik at mange i vår omgangskrets har gått til innkjøp av truger,
eller har lånt truger for å prøve det ut!

I den samanheng fann vi ut at vi måtte til med ein felles trugetur. 
Invitasjon vart sendt til kollegaer og andre kjende som vi visste hadde hive seg på "trugebølgja". 
Ikkje lett å få det til å klaffe for "alle mann alle" i ein travel kvardagskabal, 
men vi var til slutt 4 spreke damer og ein liten hund!


Turmålet var Nordheia (662 moh) eller Nordre Heia som det står på kartet,
som ligg på sørsida av Førdefjorden mellom Førde og Solheimsdalen.  
Eg har skrive om turen ein gong før, og turskildringa finn du her
Turen gjev flott utsikt mot Fureviknipa, Skinnbroki, Fauskevarden, Storehesten, Blegja,
Førdefjorden, Naustdalsfjella, Ålfotenmassivet + + + 
Det er også fint å gå vidare ut på Djupvikenipa for ekstra flott utsikt utover fjorden.

Blide damer har nådd varden på Nordheia (662 moh) - Storehesten i bakgrunnen

Denne turen har passe jamn stigning, og er eit greitt turmål når ein skal teste ut truger. 
Det er heller ikkje så altfor langt : 30 - 45 min ein veg, ca. 3,5 km t/r. 
Ein passeleg ettermiddagstur med andre ord!

Sola skein frå skyfri himmel, 
men sterk vind gjorde det til ei litt kald oppleving. 
Noko som heller ikkje ga rom for den store fotoseansen 
- både vanskeleg å halde kamera i ro og etterkvart veeeeeldig kalde fingrar!

Kald vind gjorde til av vi raskt la i veg på returen

Det la likevel inga demping på turgleda, 
og alle var samde om at det var ein fin tur! 
Så dette kjem vil til å gjere igjen, 
har DU lyst til å vere med?

Fureviknipa til venstre på biletet
Takk til Marit, Dagun, Doris og Isak for ein kjekk tur!!!

8 kommentarer:

  1. Kjempefine bilder igjen! Det er så kjekt å lese om trugeturene dine. Etttermiddagsturer er supert i en travel hverdag!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Nydelege bilder frå ein fin tur :) Kjekt å lese litt om trugeturane, det gir inspirasjon til å få trugene ut av bagasjerommet og på beina :) Blir jo ikkje rare trugeturen av å køyre rundt på dei ;)

    SvarSlett
  3. Sånne turer etter jobb er så kjekke! Du kjem deg ut og opp et mål, og likevel få gjordt det på en ettermiddag. Og damer-på-tur er kjempe kjekt! :))

    SvarSlett
  4. For noen nydelige bilder! Jeg gleder meg sånn til jeg kan dra ut på "skikkelige" turer igjen.. :)

    SvarSlett
  5. Ser det er flere som er flinke bak linsa ja ;) Nydélige turbilder også her - og så kjekt med jentetur til fjells. Jeg får låne meg truer til helga også, hiver meg gjerne med på bølgen, hele. Gleder meg til å teste ut litt!

    Nyt go'været videre!
    Klem fra kysten

    SvarSlett
  6. Om jeg vil bli med...jaaaaaa:)) hehe..Litt langt å dra:)

    Truger er kjempegøy og god trening synes jeg:)) Bildene taler jo for seg selv.
    Herlig herlig:))

    Fineste turpåsken til deg med en kvikklunsj attått:)))

    SvarSlett
  7. Sååå kjekt med så mange hyggjelege kommentarar :) Kjekt å blogge når ein får slike tilbakemeldingar! Takk alle saman!

    SvarSlett
  8. Fine bilder, det så ut som en kjempe fin tur :-)) Spreke damer på truger det ja!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!