- Pappa, bråkar fyrlykter voldsomt?, spør ei undrande jente på snart 4 år. Ho har aldri vore på ei fyrlykt før, dvs i alle høve ikkje som ho kan hugse sjølve. Til no har vi vaksne berre peikt på det nakne neset der lykta ligg, frå hytta vår - i dag skal vi dit på Fyrsafari - til fots!
Og forventningane er store. Kanskje har påskeharen vore der med egget sitt?
På Fureneset like ved Fure, på sørsida av Dalsfjorden, ligg Fureneset lykt, og terrenget er ypparleg for å ta med små ungar på utforskartur: Dyrka flater, små berg og lyngheier pregar landskapet. Utsikta er fenomenal i alle retningar, trass i at vi går mest i flomålet (sjå kart nedst).
|
To forventningsfulle born i mors trygge hand. Våren prøver rydde vekk ein motstridig vinter.
Naust i Furevika. Askvoll på nordsida av fjorden i bakgrunnen. |
|
Nydeleg kystlandskap:
Krevjande å vere tre på forblåste små åsar her ved kysten |
|
Fin badevik på veg ut til Fureneset fyrlykt. Noko spanande vrakgods som har drive i land? Flaskepost? |
|
Alden i Nord-vest. Fint dagsturmål, kanskje teltovernatting? |
|
Sanden på stranda er eit formidabelt teiknepapir for store og små. Ikkje noko står skrive med lita skrift her...
|
|
Endeleg dukkar fyrlykta på Fureneset opp bak rabbane. Snart lunsj.
Øyane til venstre er Bulandet. Ferja på veg frå Askvoll til Verlandet; Alden i bakgrunnen |
|
Mor må forklare kva dei røde, grønne og blanke glassplatene inne i lykta skal vere godt for. Nyyydeleg utsikt over leia. |
|
Jau, så men:
Påskeharen har tenkt på turgåarane!!! |
|
Utsikt mot Granesundet - Atløya til venstre og Askvoll-halvøya til høgre.
Stavenes-halvøya skimtar ein til høgre for treleggen i midten. |
Så utrulig mange nydelige bilder, dere er så flinke :)
SvarSlettFine bilder igjen! Liker godt montasjene dine, fargene og motivene passer så godt ilag :) koselig tur med smårollingene, et eventyr for dei :))
SvarSlett