onsdag 20. mars 2013

Hyttehelg i Dalsfjorden (1): Folkesti og kystkultur

Gjestebloggar Steffen Ben: 

Folkestien på Eina ved Grytøyra
Vi skriv medio mars, våren er i anmarsj - trude vi - og ein helgetur til hytta yst i Dalsfjorden stod på tapetet denne helga.  Ingen store utfluktsplanar var lagt, ut over å vere  i  aktivitet med smånurka utomhus.

Laurdags morgon vakna vi like godt til snøfall på hytteplatning en, om enn ikkje mange cm.   Fjorden låg still og fin. Dagens utferdsmål gjekk til Eina, like vest for Grytøyra, på sørsida av Dalsfjorden. Atløyna ligg like på andre sida av fjorden, mot nord. No er vi like over havnivå, i ope kystlandskap - med Værlandet og Bulandet rett vest - og storhavet utanfor.

I dette landskapet har det nokre år vore jobba med å lage enkle Folkestiar, og som sluktar seg fint langs med den brokete kyststripa langs fjorden, og som gjev høve for mange fine småturtar med dei små som sit i beremeis - eller for dei som er litt større og greier gå eit stykkje sjølve. Idyllane står i kø - det same gjer dei mange kulturminna i dette vakte kystlandskapet (sjå elles artikkel om Fureneset Fort frå krigen, like i nærleiken).

I år har 4-åringen ingen andre å lite på enn Apostlanes hestar på tur - beremeisa er parkert for ever (?)

Fint tilrettelagde stiar med god merking - vi skal mot Vikinggravene


Utsikt mot Nord-vest: Tvibyrge (t.v) og Brurastakken på Atløya (t.h.)


Vikinggrav på ein haug
med utsikt til storhavet
Mangehoda troll
 
Fartøysjef og navigatør (2), båe i godlune.
Alden kneisar bak.

Naturens eigne smykke


I denne vika gjekk vi klar den sør-austlege trekken, som lett kan skjemme ein elles fin vårdag
Lammetun rett fram - siste landfaste utpost mot havet...



Eit gamalt bygg har si historie....
Kva er historia til dette huset? 




1 kommentar:

  1. Så fine bilder! :) du er flink med kameraet Steffen. Ser koselig ut i kystlandskapet :) ser dette var del 1, gleder meg til del 2 ;)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!