Mot Skei og Kjøsnesfjordbrua. Bilete teke frå oppstigninga til Fugledalen . Biletet teke før sola braut skikkeleg gjennom. |
Turpåska
2013 fekk ein pangstart med flott førstegangstur i fjella i Jølster. Denne
kommunen har utruleg mykje flott å by på når det gjeld fjell, og det er nesten
vanskeleg å velje kva toppar ein skal gå på. Vårt val denne dagen er kanskje
ikkje av dei mest kjende – men det står definitivt ikkje tilbake for mange
andre flotte Jølstrafjell som hyppig blir omtala: Tindefjellet, Bolsetnipa,
Bjørja og Skjorta – for å nemne nokon!
Håheimsfjellet
på 1079 moh
vart vårt val denne dagen. Og ja – denne turen anbefalar vi definitivt til andre!
Ufatteleg lite snø i fjellet til å vere i mars. Blåfjellet mellom Fygledalen og Husdalen |
Slik finn
du fram:
Jølster
kommune har gitt ut eit flott turhefte der dei omtalar 17 turområde i kommunen.
Desse turane er merka, og det står informasjonstavle ved starten av kvart
turmål. I heftet ser du flyfoto av turane, og desse fotoa heng også på informasjonstavlene.
Startpunkt:
Ca. 50 m vest for rundkøyringa ved Skei Hotell, tar du av til ein gardsveg.
Informasjonstavla om turen heng heilt nede ved riksvegen. Du går gjennom gardstunet, og følgjer ein sti opp til
høgdebassenget ovanfor tunet. Vidare herifrå er det god og merka sti oppover
dalføret mot Fugledalen og Fuglestøylen. Turtid ca. 1 time opp til støylen.
For å gå
vidare til Håheimsfjellet, går du vidare opp til Skredestøylen, som du ser opp
på når du er på Fuglestøylen. Stien vidare er visstnok ikkje så godt merka som
opp til Fuglestøylen, men sjølv om vi gjekk i snø, såg vi eit og anna raudmerke
på berga oppover. Truleg vil du derfor kunne finne god sti også heilt til
toppen. Turtid frå Fuglestøylen, ca. 1,5 timar.
Vi hadde
med oss truger, men frå Fugle og opp til Fuglestøylen var det godt nedtrakka
sti i snøen, så vi kunne gå til fots opp dit. Ein flott tur i seg sjølv om ein ikkje ynskjer ein topptur.
Vi lar bileta og bilettekstane snakke for resten av turopplevinga:
Ankomst Fuglastøylen etter ein liten times gange med truger |
Biletet lyg!: Bratt som pokker frå Fuglastøylen til Skredestøylen oppe til høgre |
Her er det berre å ta rennfart.... |
Siste kneiken opp mot det flate partiet inn til varden på Håheimsfjellet tok vi av oss trugene og klatra opp berga. Bolsetnipa bak. |
Skei sentrum til venstre i biletet. Dvergsdalsdalen over varden. Grovabreen oppe til venstre |
Varden på Håheimsfjellet med utsyn til Jølstravatnet i sør, Stardalen i aust og Breimsvatnet i nord |
Fjella mellom Stardalen (t.v) og Kjøsnesfjorden |
Fjellet Skjorta i midten mot nord |
Skjorta i midten og spissen til høgre er Ryssdalshornet ved Sandane |
To trugespor oppover, men berre eitt nedatt?... Skredestølen t.v. med dyrisk utsikt til Jølstravatnet |
Attende på Fyglastølen |
Påskekort-stemning på fredag i Palmehelga. Nedtur til Jølstravatnet og Skei att Håheimsfjellet betre utsikt enn frå Bolsetnipa? |
Blir rett svimmel av all denne vakre fjellutsikten!
SvarSlettNydlige bilder i herlige forhold! Vi har jammen hatt ei flott påske så langt og værmeldingene lover ennå godt:)
Forsatt god turpåske:)
Du smeise!! For noken fine bilder og fin beskrivelse :) fekk lyst på en vakker topp eg og no, kunn gått på langrenn. Kjenne at den toppen der skulle eg virkelig ønske var i min nærhet ;))
SvarSlett