fredag 29. mars 2013

"Eg skull' te fjells for å jakte rein..." - Fauskevarden (853 moh)

Sola er i ferd med å gå ned dei fleste plassar, men den lyser framleis opp Fauskevarden (853 moh)

Medan eg sit og tenkjer på innlegget om gårsdagens ettermiddagstur, høyrer eg på Hellbillies på NRK 1, og då kjem det: 
Eg skull' te fjells for å jakte rein. 

Bussen va ganske sein, eg skulde gå te Hein. 
Været va ruskut og tungt og grått. 
Lendet va sleipt og vått, 
Sjål vart eg redd so smått. 
Hadde hverken kart ell kompass, 
Burde jaddi hugst på sopass. 
Jævlig dumt syns væl du? 

Og nettopp rein er ikkje eit  uvanleg syn når du tar turen på Fauskevarden (853 moh) på vegen mellom Førde og Askvoll. Heldigvis var eg litt heldigare med været enn Hellbillies-karane - sola skein nok ein dag frå nesten skyfri himmel. Og kart og kompass var relativt unødvendig når eg kunne følgje uttallige (ski-)spor på veg mot toppen!

Etter å ha tilbrakt store delar av dagen i snøen med skileik, aking, grilling, kos og høg solfaktor, vart det ein ettermiddagstur til denne fjelltoppen. Nest etter Hafstadfjellet, er nok Fauskevarden ein av dei mest besøkte toppane kring Førde. På sommarstid ber i alle fall terrenget preg av stor slitasje einskilde stader, så det vitnar om at her må det vere ein del utfart. Og det er ikkje vanskeleg å forstå: På toppen får du utsikt mot Storehesten og Heilebergmassivet/Blegja på nært hald, og du får litt føling med fjorden og havgapet i vest. Her er ein flott plass å nyte solnedgangen! I tillegg kan du altså vere så heldig at du ser ein reinsdyrflokk i løpet av turen. Det har eg gjort eit par gonger - og det er alltid like spesielt!

Turen er i tillegg svært populær som skitur, og no også med truger: 
Nokon hadde gått her på truger før meg..... og eg trur eg fann ut kven! :)
Slik finn du fram til Fauskevarden: 
Turen har same startpunkt som turen til Nordheia: Køyr frå Førde og mot Askvoll, forbi skisenteret i Blomlia. Rett før Nordheiatunellen finn du ein stor parkeringsplass på høgre sida av vegen, og ein liten på venstre sida. Skal du på Fauskevarden, er det greitt å parkere på venstre sida, då det er her du startar turen (men denne er ikkje brøytt no på vinteren). 

Turen går først på skogsveg eit stykke, før du kjem inn på ein tydeleg og merka sti. Som sagt så ber terrenget preg av ein del slitasje, så det er ikkje vanskeleg å sjå kor folk har gått. Samla distanse t/r ca. 6 km. Tidsbruk: 1,5 - 2 timar totalt. Meir info kan du også finne på lommekjent.no

Eg har nett starta turen på veg mot Fauskevarden - toppen er lett synleg i terrenget. Stien er på venstre sida opp mot topp-partiet. 
Storehesten og Heilebergmassivet skodar vi frå mange toppar - men her får du dei på ekstra nært hald!


Kveldsroen har seinka seg over Gjøsetstølen og Gjøsetvatnet - etter ein skjærtorsdag med truleg svært stor skiutflukt

Ved varden ser du mot havgapet i vest

 Eg var litt tidleg ute for å få med meg solnedgangen på toppen, men eg kunne ane idyllen på veg ned att:




Då kjem eg te ei krasafaren steinbu. 
Eine veggen sigji ut, men taket nokolein. 
Set meg ned og finn fram nista, 
Våt og kald so kroppen rista. 
Likevæl æ eg glad! Eg æ glad! 

Det er nok inga krasafaren steinbu å finne på vegen til Fauskevarden - og varden på toppen står framleis støtt - men gleda over å kome fram/nå toppen er nok like stor! Og konklusjonen? JO - denne turen bør eg ta oftare! :)

Karutsnitt over turen - henta frå lommekjent.no: 

2 kommentarer:

  1. Alltid artig å se de fine bildene av den vakre naturen og lese innleggene dine fra turene! Dere er flinke som klarer å få til ettermiddagsturer. God planlegging vil jeg tro.
    Vi gjør oss klar for nok en strålende dag på ski.

    Fortsatt riktig god påske!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Herlige bilder! Jammen har det vært den beste påsken jeg kan huske på evigheter.

    Forsatt god turpåske:))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!