Ved varden på Kjelstadnakken (1050 moh) |
For eit påskevær!!!!
Og vi har dessutan hatt mogelegheit til å nyte det i fulle drag! Turaktiviteten er stor, i tillegg til ski- og akeleik med dei små.
Mange flotte bilete er blitt tatt, men i påvente av at vi skal rekke å blogge litt av desse, så legg vi ut nokre små smakebitar frå mobilen fortløpande.
To flotte Gaulartoppar på over 1000 meter har vi vore på dei to siste dagane: Kjelstadnakken (1050 moh) og Venevasseggja (1024 moh). Fantastisk, rett og slett! :)
Utsikt mot Storehesten og Blegja frå Kjelstadnakken |
Utsikt mot Viksdalsvatnet frå Venevasseggja (1024 moh) på Rørvikfjellet |
Ååååå! Fjelltopputsikt! :)) kjenne at eg har vært mykje i lavlandet no på langrenn på kryss og tvers. En topptur hadde gjordt seg kjenne eg ;) Fine fjell hos dokke, gler meg til fullversjons bloggen :-D
SvarSlett