mandag 25. mars 2013

1000-meters toppar i strålande påskevær!

Ved varden på Kjelstadnakken (1050 moh) 

For eit påskevær!!!! 

Og vi har dessutan hatt mogelegheit til å nyte det i fulle drag! Turaktiviteten er stor, i tillegg til ski- og akeleik med dei små.

Mange flotte bilete er blitt tatt, men i påvente av at vi skal rekke å blogge litt av desse, så legg vi ut nokre små smakebitar frå mobilen fortløpande.

To flotte Gaulartoppar på over 1000 meter har vi vore på dei to siste dagane: Kjelstadnakken (1050 moh) og Venevasseggja (1024 moh). Fantastisk, rett og slett! :)


Utsikt mot Storehesten og Blegja frå Kjelstadnakken

Utsikt mot Viksdalsvatnet frå Venevasseggja (1024 moh) på Rørvikfjellet

1 kommentar:

  1. Ååååå! Fjelltopputsikt! :)) kjenne at eg har vært mykje i lavlandet no på langrenn på kryss og tvers. En topptur hadde gjordt seg kjenne eg ;) Fine fjell hos dokke, gler meg til fullversjons bloggen :-D

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!