lørdag 16. februar 2013

Vi bana veg til Hjellestølen :)

Flott utsikt attende mot Førde sentrum og Hafstadfjellet!

Vi kan ikkje skryte på oss mykje sol i dag, men det har vore mildt og nesten opplett heile dagen. Skodda låg tjukk i fjella på morgonen, men det letta utover dagen. Lysta til ein tur - oss to vaksne i lag - vart derfor stor! Barnevakter vart ordna for nokre timar på ettermiddagen (Takk, kjære svigerforeldre!) - og vi la i veg på trugetur igjen. Vi har verkeleg fått sansen for truger - og har truleg også rekruttert nokre nye trugegåarar dei siste dagane :)

Inspirert av at Indre Sunnfjord Turlag skal ha trugetur til Hjellestølen og Steinheia her i Førde i morgon, så tok vi turen på nettopp Hjellestølen - og dermed har vi bana "veg" for dei som skal ut og gå i morgon! :) No er det meldt ganske mykje regn i morgon, så det kan i så fall bli eit våt affære for dei som tar turen. Eit par år sidan sist vi var her, så kjekt med eit gjensyn med Hjellestølen!

Vi starta rett nok turen vår frå skogsvegen på Hjelle, og ikkje frå det vanlege startpunktet litt lenger inne i dalen, rett før du kjem til Ryggjabrua (sjå sti innteikna i kartet under). Den vanlege stien er skilta frå vegen og merka oppover. Det er for øvrig god sti, så greit å sjå kor du skal gå - vel og merke når det ikkje er snø.....
Når du går skogsvegen, kjem du etterkvart inn på denne stien også. Litt lenger å gå, men det er også litt mindre bratt stigning. Og trugene var eigentleg overflødige så lenge vi gjekk på skogsvegen. Distanse ein veg: ca. 3,5 km.


Som de også ser av kartet over, så er det sti frå Hjellestølen og vidare på Førdsnipa.

Vi starta turen mellom 15.30 og 16 og var attende til bilen 17.45. Då merka vi at det var byrja å mørkne, men det var framleis uproblematisk å gå. Så vi kunne med stor glede konstantere at det no faktisk er mogeleg å gå seg ein ettermiddagstur på eit par timar rett etter jobb utan å mørkne ute - våren nærmar seg, folkens!!! :)


Vel framme på Hjellestølen

Vi ser opp mot Førdsnipa - nokre snøfjon i lufta

8 kommentarer:

  1. Det første bildet bare knalldigger jeg :))

    Jeg tenker virkelig på å tråle litt i sogn og fjordane til sommeren. Utrolig mye flott natur der...

    Fin søndag i skauen:))

    SvarSlett
    Svar
    1. Absolutt å anbefale å ta turen til Sogn og Fjordane - kan gje deg mange gode tips :)

      Slett
  2. Svar
    1. Litt lettare å ta neste tur når sporet allereie er gått opp - men no regnar det vel vekk likevel....;)

      Slett
  3. So fint "truge" bilde av deg Liv Janne. Truger er ein veldig fin måte å komme seg oppover små og store fjell på i snøen. Ellers vart det ikkje tur til Steinheia med turlaget - Lasse stod klar ved Hjelle - forgjeves. Vi får prøve turen ein annan gong - i finare veir.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg rekna nesten med at turen blei avlyst slik som det regna. Men både stølen og Steinheia ligg der, så sjansen byr seg nok igjen :)

      Slett
  4. Trugetur ER veldig gøy! Veldig kjekt å sjå andre også har funnet gleden over disse store føttene :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi har verkeleg fått sansen! Og har så snakka så mykje om det, at eg trur det er fleire som kjem til å kjøpe seg truger no....;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!