torsdag 7. februar 2013

Strålande turvær i vente!!!


Sjekk dette værvarselet!!!! Rett nok viste det endå meir sol på varselet i går, men dette er jo absolutt meir enn godkjent! Vi får satse på at vi får brukt det til å kome oss på tur - litt åleine og litt ut og nyte sola og snøen med dei små.

Vi har eigentleg tenkt å tjuvstarte helga i morgon, og ta nokre timar fri midt på dagen. Føler det er fortent etter ei særs hektisk jobbveke med tenestereise og mange fristar for innlevering. Sidan det er kome ein del snø siste veka, så er det fine skareføret vekke og vi er "nøydd" til å anten bruke ski eller truger. I alle fall vil det bli ein tung tur om ein prøver seg til fots!

I morgon fell valet på truger - blir kjekt å få testa dei ut etter gamalt. Vi kjøpte nye truger i fjor som vi faktisk ikkje har fått testa endå, så berre det er ein god grunn til å ta ein trugetur! Truger er blitt meir og meir populært, og har du ikkje prøvd det, så bør du absolutt teste det ut!

Håpar fleire er like heldige med været som oss, og at de får sjansen til å nyte MASSE frisk luft i løpet av dei komande dagane - anten det er til fots, med barnevogn, ski, truger, skøyter osb.......!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!