mandag 25. februar 2013

#sol #vinteraktivitetar #kvalitetstid #familiekos

Vi har hatt ei fantastisk helg med strålande sol......reine påskestemninga!

Familiekos har stått i fokus, så både laurdag og søndag har vore brukt til berre å nyte sola, vere i lag store og små - utan nokon større turmål i sikte! Vi fann oss rett og slett ein base der vi hadde gode sitjeunderlag og alt av medbrakt utstyr, og så tok vi det derifrå. Ungane hadde med både ski og akebrett som dei vekselvis testa ut. Vi vaksne hadde også truger, som gjorde det lettare å dra dei små på akebretta sine. Vi starta også grillsesongen og grilla pølser både laurdag og søndag - og det synast dei små var minst like kjekt som alle aktivitetane. Då eg spurde Sanna Oliva kva som var det kjekkaste på laurdagen, svara ho: "Å ete...."! :)


Laurdag var vi tilbake der vi starta skituren til Klungeren dagen før - nemleg Masdalsgjerdet i Førde. Søndag tok vi turen til Vadheim for å kunne vere i lag med onkel/tante/søskenbarn (eller bror/svigerinne/tantebarn om eg skal sjå det frå min ståstad) og kosa oss ved ei skiløype rundt Tangetjørna i Indredalen. Tangetjørna er også startpunktet for turen til Mannebrekka som eg skreiv om i fjor haust (så meir info om kor det er, finn du i det innlegget). Ved Tangetjørna er det laga ei skiløype på ca. 2 km og mykje av løypa er passeleg flatt for søte små som skal trene seg på å gå på ski. Er imponert over kor fort dei små meistrar ski og stavar, så eg augnar håp for framtidige vintrar :) Og vi vaksne tok oss nokre individuelle turar rundt løypa, så vi fekk forbrukt litt ekstra energi også!



Deilig er det å kjenne at sola varmar og at vi derfor kan vere ute lenge - ca. 4 timar ute  i sola både laurdag og søndag! Dette kan vi like! Så no er det berre å glede seg til påske om ein månads tid, og håpe at sola skin også då :)

3 kommentarer:

  1. Ei helg med berre KOS!! :)) avlslapping og leik, god mat og sol. Life is good :-D

    SvarSlett
  2. Reine idyllen! Kjekt å nyte utelivet i fint ver saman med familien. Klare, fine bilete! Det er noko spesielt med kontrastane på Vestlandet, sol, snø, fjell og fjord. Vakkert!

    Ha ei fin dag!


    Klem frå Ingunn

    SvarSlett
  3. Herlige bilder av gjengen. Rene skjære påskestemningen der, høy kosefaktor også :) Dere er så flinke til å komme dere ut og helst oppover hele året gjennom. Må bare innrømme at det er dårlig med trim og bevegelser her ute på kysten. Ikke har jeg ski eller truger heller, så sånn er det.

    Ser frem mot flere flotte vinterdager uansett! :) Kos dere på tur!!!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!