søndag 3. februar 2013

Ingen topptur, men flott opptur!

Flott vintervær på tur frå byggjefeltet på Farsund og opp til Solheim!

Eigentleg ein søndag utan turplanar!
I helga har det sosiale stått i fokus.
Med barnefri, freista det å roe seg med kaffikoppen og boka i go'stolen!
Men fornufta sa at kroppen og sinnet hadde godt av å kome seg ut på tur
- og i dag seira fornufta! 
Kjenner at det absolutt var eit lurt val:)

Overskya, lette snøfnugg i lufta, austavind og nysnø i bakkane
- ingen store turambisjonar utover å få rørt litt på seg.
Litt oppoverbakkar freista likevel for å få pulsen i gong
- dermed vart det tur opp til Solheim frå byggjefeltet i Farsund. 

Vel 3 km ein veg og over 300 høgdemeter stigning,
gjer til at det nesten blir ein fjelltur likevel.
Og ikkje minst: Utruleg flott utsikt 
- over Movatnet og området rundt, fjella på Holsen,
Sundsdalen, Kinna og Åsane. 

Og attpåtil kom sola fram
- vandring i vintersnø, sol som varma i fjeset,
på tur med kjærasten! 
Kan det bli betre?

Såg på dei "høge" fjella og tenkte på dei som var på topptur
- endeleg nok snø til å bruke ski.....
Dei kosa seg nok der,
men eg reflekterte over at gleda mi var like stor
- over å vere på OPPTUR
sjølv om det ikkje var topptur!

Små turar kan gje like stor glede som store turar!
Flott utsikt over Mo og fjella på Holsen

Tur frå byggjefeltet på Farsund og opp til Solheim
Slik finn du fram til turen: 
Frå Førde sentrum køyrer du i retning Skei. På Sunde køyrer du over brua og på toppen av bakken etter brua, kan du ta av til venstre opp til eit nytt, stort byggjefelt. Køyr rett fram for å halde fram på vegen opp til Solheim. Det er bilveg heilt opp, men skal du ha trimtur, så parkerer du i enden av byggjefeltet og går vegen oppover. 

1 kommentar:

  1. Ååååh, så flott! Hva er vel bedre en OPPtur!!:)

    Det er så fort gjort å devaluere korte turer, og det er synd, syns jeg! For OPPLEVELSEN kan jo være så inderlig god likevel! :)

    Og bare det å komme seg OPP av godstolen, gjør underverker... og det fine er jo at god-stolen alltid venter på deg :-) .... til du er tilbake fra OPPturen :-)

    Takk for at du fant bloggen min - og takk for at du ledet meg til din! Jeg følger deg fra dags dato :-):-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!