Storehesten og Lisjehesten ruvar majestetisk mot deg langs løypene på Langeland |
Tja...... det kjentest ikkje slik ut då eg tok på meg skia i dag
- for første gong på snart 5 år (trur eg)!
Paradoksalt nok er også fødslar medverkande til at skia ikkje har vore på
- men kan nok ikkje skulde berre på det.
Det har vore andre prioriteringar i høve friluftsaktivtetatar: til fots, på truger eller trilleturar.
I vinter hadde eg ei målsetting om at no - NO måtte skia på att.
Har tradisjonelt sett gått mykje på ski - bortoverski vel å merke.
I mine barndomsdagar gjekk eg år etter år for å få skimerket
- målet var 5 år på rad med gull,
og det klarte eg!
Så eg har saktens gått mine kilometer på ski,
og var (er) veldig glad i den type aktivitet.
Men det var uvant å bevege seg i skiløyper igjen,
kan ikkje seie eg følte meg særleg elegant der eg gjekk bortover......;)
Det kom seg litt etter litt,
og hadde eg hatt ski som spelte litt meir på lag, så hadde det vore enda betre!
Smørefrie ski har nok sine fordelar,
men dei såg eg ikkje så mykje av i dag, nei!
Og målsettinga mi var ikkje nett så lita når eg la ut i løypa
- den lengste løypa måtte testast.
Så dermed vart det nærare 20 km på meg i dag! :)
Turen gjekk på Langeland - ei populært skiutfartsområde på grensa mellom Førde og Gaular.
Her myldrar det av folk til ei kvar tid - i alle fall på flotte solskinsdagar som i dag.
Du finn også mange ivrige treningsentusiastar
- og eg kjenner at det stressar meg litt der eg går i løypa.
Føler på at det er om å gjere å kome fortast mogeleg fram.
Eg klarar derfor ikkje å få den heilt store friluftskjensla,
slik eg har når eg går på fjelltoppar.
Og trur nok kanskje at eg trivst aller best på "toppturar" - også på ski:
gå jamt og trutt oppover - stige høgdemeter for høgdemeter.
Men eg treng nok litt meir skitrening før eg blir komfortabel med nedfartar igjen...;)
Uansett:
Det var kjekt å gå på ski igjen og den "fullkomne" skigleda skal eg nok finne att!
Det var nydeleg fint i løypene - all ære til dei som har laga dei!
Og det var umogeleg ikkje å kose seg med sol frå skyfri himmel!
Litt dårlege mobilbilete, men dei gjev no i alle fall eit inntrykk:
Storehesten igjen :) |
Om lag halvvegs - på Ytre Hjelmelandsstølen |
Ser man det ja! Fram med skia igjen :) 5 år e ikkje lange tia, og eg skjønner at du har gått masse før i tiden. Men dørstokk-mila er lang uansett kor lenge siden sist! Gratulere med å krysse dørstokken!! Skigleden kjem nok etter et 2-3 turer ;)
SvarSlettSatsar på det, ja.... tenkte faktisk på deg då eg gjekk i løypa og at du hadde funne skigleda etter tur nr. 3 :)
SlettDet øverste bildet her er kanskje den aller flottaste utsikta eg veit om. Hugsar framleis første gongen eg runda svingen i Bygstad og fekk Kvamshestem midt i mot. Tek nesten pusten frå ein! Fin info om skimoglegheiter Langeland. Godkjensla kjem den..:)
SvarSlettJa, den utsikta er heilt fantastisk! Det må vere utruleg flott for tilreisande å sjå når dei kjem køyrande. Og enda vakrare er det sjølvsagt når ein går i løypene på Langeland og får sjå "hestane" frå ulike vinklar gjennom turen.
SlettLangeland skisenter har utruleg flotte turmogelegheiter - ikkje utan grunn at det er storutfart der i helgane! Og sjølv om det er folkemylder rundt skistadion, så kan du faktisk også oppleve å vere "åleine" ute i løypa - spesielt viss du går den lange runda.
Fant bloggen din via Lindas strikkerier og har kosa meg med å se bilder og lese. Jeg legger meg til som følger, for dette vil jeg ikke gå glipp av. Jeg er også veldig glad i å gå på ski.
SvarSlettKlem fra Ingunn
Hei Ingunn! Så kjekt at du fann bloggen min og velkomen som følgjar! Har lagt meg til hos deg også - masse flott handarbeid til inspirasjon :)
SlettLer litt når eg les, og kjenner meg igjen i det meste du skriv om skituren din på Langeland. Skuldrane senkar seg litt når ein kjem litt vekke frå dei oppkøyrte løypene, og dei mest trente skifolka. Har ikkje vore på ski enda heller, men må no få til ein tur eller to med Lotte og/eller Hanna rundt Gjøset.
SvarSlettJa, sant - eg kunne skrive mykje om dette.... føler meg litt meir avslappa i rolegare omgjevnadar. Men det er uansett eit flott skiområde - så det er absolutt verdt å ta seg ein tur.
SlettSå flott natur du er omgitt altså :-) Du skal nok se at du finner den "fullkommne" skigleden etterhvert... Ingenting slår en skitur i solskinn og med flott føre synes jeg :-)
SvarSlett