mandag 11. februar 2013

Fødd med ski på beina, sa du?

Storehesten og Lisjehesten ruvar majestetisk mot deg langs løypene på Langeland
Tja...... det kjentest ikkje slik ut då eg tok på meg skia i dag
- for første gong på snart 5 år (trur eg)!
Paradoksalt nok er også fødslar medverkande til at skia ikkje har vore på
- men kan nok ikkje skulde berre på det.
Det har vore andre prioriteringar i høve friluftsaktivtetatar: til fots, på truger eller trilleturar.

I vinter hadde eg ei målsetting om at no - NO måtte skia på att. 
Har tradisjonelt sett gått mykje på ski - bortoverski vel å merke.
I mine barndomsdagar gjekk eg år etter år for å få skimerket
- målet var 5 år på rad med gull, 
og det klarte eg! 
Så eg har saktens gått mine kilometer på ski, 
og var (er) veldig glad i den type aktivitet. 

Men det var uvant å bevege seg i skiløyper igjen,
kan ikkje seie eg følte meg særleg elegant der eg gjekk bortover......;)
Det kom seg litt etter litt, 
og hadde eg hatt ski som spelte litt meir på lag, så hadde det vore enda betre! 
Smørefrie ski har nok sine fordelar, 
men dei såg eg ikkje så mykje av i dag, nei!

Og målsettinga mi var ikkje nett så lita når eg la ut i løypa
- den lengste løypa måtte testast. 
Så dermed vart det nærare 20 km på meg i dag! :)

Turen gjekk på Langeland - ei populært skiutfartsområde på grensa mellom Førde og Gaular.
Her myldrar det av folk til ei kvar tid - i alle fall på flotte solskinsdagar som i dag. 
Du finn også mange ivrige treningsentusiastar
- og eg kjenner at det stressar meg litt der eg går i løypa.
Føler på at det er om å gjere å kome fortast mogeleg fram.
Eg klarar derfor ikkje å få den heilt store friluftskjensla, 
slik eg har når eg går på fjelltoppar.
Og trur nok kanskje at eg trivst aller best på "toppturar" - også på ski:
gå jamt og trutt oppover - stige høgdemeter for høgdemeter.
Men eg treng nok litt meir skitrening før eg blir komfortabel med nedfartar igjen...;)

Uansett:
Det var kjekt å gå på ski igjen og den "fullkomne" skigleda skal eg nok finne att!
Det var nydeleg fint i løypene - all ære til dei som har laga dei!
Og det var umogeleg ikkje å kose seg med sol frå skyfri himmel!

Litt dårlege mobilbilete, men dei gjev no i alle fall eit inntrykk:

Storehesten igjen :)
Om lag halvvegs - på Ytre Hjelmelandsstølen
Ein liten stopp på Gjøsetstølen må alltid til - her møtast den lange (20 km) og korte løypa (10 km) til stølen

Litt info om Langeland Skisenter: 
Langeland Ski og Fritidssenter ligg langs E-39, 10 km frå Førde i retning Sande.  

Skisenteret har fleire preparerte løyper: 2 km, 5 km, 10 km og 20 km (dei to første er lysløyper). Dei to lengste er preparerte ved bra snøforhold. 

Det er stor parkeringsplass med parkeringsavgift - 50 kr per dag og 600 kr for årskort (det er mogeleg å betale med kort). 

Ved skistadion er det ei stor skihytte med kiosk som er open i helgane i sesongen. Her det mogeleg å varme seg. 
Ved stadion er det også gode forhold for aking.

9 kommentarer:

  1. Ser man det ja! Fram med skia igjen :) 5 år e ikkje lange tia, og eg skjønner at du har gått masse før i tiden. Men dørstokk-mila er lang uansett kor lenge siden sist! Gratulere med å krysse dørstokken!! Skigleden kjem nok etter et 2-3 turer ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Satsar på det, ja.... tenkte faktisk på deg då eg gjekk i løypa og at du hadde funne skigleda etter tur nr. 3 :)

      Slett
  2. Det øverste bildet her er kanskje den aller flottaste utsikta eg veit om. Hugsar framleis første gongen eg runda svingen i Bygstad og fekk Kvamshestem midt i mot. Tek nesten pusten frå ein! Fin info om skimoglegheiter Langeland. Godkjensla kjem den..:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den utsikta er heilt fantastisk! Det må vere utruleg flott for tilreisande å sjå når dei kjem køyrande. Og enda vakrare er det sjølvsagt når ein går i løypene på Langeland og får sjå "hestane" frå ulike vinklar gjennom turen.

      Langeland skisenter har utruleg flotte turmogelegheiter - ikkje utan grunn at det er storutfart der i helgane! Og sjølv om det er folkemylder rundt skistadion, så kan du faktisk også oppleve å vere "åleine" ute i løypa - spesielt viss du går den lange runda.

      Slett
  3. Fant bloggen din via Lindas strikkerier og har kosa meg med å se bilder og lese. Jeg legger meg til som følger, for dette vil jeg ikke gå glipp av. Jeg er også veldig glad i å gå på ski.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingunn! Så kjekt at du fann bloggen min og velkomen som følgjar! Har lagt meg til hos deg også - masse flott handarbeid til inspirasjon :)

      Slett
  4. Ler litt når eg les, og kjenner meg igjen i det meste du skriv om skituren din på Langeland. Skuldrane senkar seg litt når ein kjem litt vekke frå dei oppkøyrte løypene, og dei mest trente skifolka. Har ikkje vore på ski enda heller, men må no få til ein tur eller to med Lotte og/eller Hanna rundt Gjøset.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, sant - eg kunne skrive mykje om dette.... føler meg litt meir avslappa i rolegare omgjevnadar. Men det er uansett eit flott skiområde - så det er absolutt verdt å ta seg ein tur.

      Slett
  5. Så flott natur du er omgitt altså :-) Du skal nok se at du finner den "fullkommne" skigleden etterhvert... Ingenting slår en skitur i solskinn og med flott føre synes jeg :-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!