tirsdag 8. januar 2013

Topp 10 turar med borna i 2012

Øverst frå venstre: Fuglefjellet og Engebøfjellet
Nederst frå venstre: Høgekletten, Revjehornet og Iungsdalshytta
I tillegg til å plukke ut dei 10 beste "vaksenturane" i 2012, har eg også plukka ut dei 10 beste turopplevingane med borna våre i 2012. Også her er nok det dei nye turmåla som har fått fokus, men den samla turopplevinga (vær,stemning, kva vi gjorde m.v.) har i større grad hatt noko å seie for utvalet som er gjort. Nesten alle turane har eg blogga om, så det er berre å klikke seg inn på turmålet for å lese turskildringane.

Topp 10 turar med borna i 2012:

1) Engebøfjellet (Naustdal)
Flott tur i det ultimate påskeværet - nemleg sol frå skyfri himmel! Fin og lett grusveg til topps der du kan nyte utsikta vestover i havet og rett mot Heilevangsstaurane. Endå er det ikkje avgjort om det blir gruvedrift ved Engebøfjellet, så løp og besøk medan det framleis er nesten urørt!

2) Hovden på Atløy (Askvoll)
Etter ei minnerik oppleving på "Atløy over", var vi tilbake på øyna berre ei god veke etterpå med dei to små. Ein opplevingsrik dag der vi rakk to småtoppar og sightseeing m.m. i tillegg. Hovden er "berre" 367 moh, men gjev kanskje likevel den beste utsikta på heile Atløy!

3) Høgekletten (Askvoll)
"Det er ikkje høgda det kjem an på!": Nok ei flott oppleving i Askvoll sitt øyrike! Liten og markant topp, med ein spanande turveg til topps. Turen vert særskilt hugsa fordi vi lot fantasien råde for å finne turmotivasjon til dei små: vi dikta song, vi telte vardar og vi leitte etter S-ar!

4) Revjehornet (Selje)
Mitt første besøk på Stadlandet og nok ein fjelltur med strålande utsikt! På denne turen fekk også eventyret om Reveenka sin renessanse :)

5) Iungsdalshytta (Ål)
Vi er glad i å besøke DNT-hytter, og denne har stått på ynskjelista vår. Ein veldig fin, familievenleg og lettgått tur, og det er ekstra kos når belønninga er å kunne kjøpe seg noko godt når vi kjem fram til hytta!

6) Husedalen i Kinsarvik (Ullensvang)
Ein av dei turane eg dessverre ikkje har rukke å blogge om, men den bør absolutt skrivast om - og ikkje minst tilråast! Husedalen er truleg den flottaste inngangsportalen til Hardangervidda. Omtale om turen og bilete fin du her. Her er du verkeleg i fosseriket - Husedalen er ei fantastisk perle!

7) Fuglefjellet (Høyanger)
Fjell + fjord = fantastisk utsikt! Dette har eg sagt mange gonger tidlegare, og det gjeld også her! Ny turoppleving, passe lang tur med små barn, flott turområde - I say no more! :)

8) Bygdeheia (Fjaler)
Ein fjelltopp vi har vore på nokre gonger, og ein veldig godt eigna tur for små born. På denne turen kosa vi oss verkeleg!

9) "Dalemannsvegen" (Gaular)
Gamle ferdselsvegar er ofte turar som er godt eigna med små born. Ein artig tur med start frå min barndomsheim. For ein gongs skuld var det også fleire enn oss 4 med i følgjet, og det var jo ekstra kjekt! Det er meir motiverande for dei små når dei kan gå i lag med fleire andre born.

10) Fossen gard i Vadheim (Høyanger)
Ein ny tur som har stått på lista vår ei stund. Veldig godt tilrettelagt sti, og du kjem opp i eit spanande turområde som du får lyst til å utforske meir. Men for oss med små born, vart det endestasjon på Fossen denne gongen.

Eigentleg ser eg at eg burde hatt delt førsteplass på minst 7 av turane..... så rangeringa her var veldig vanskeleg - og ikkje absolutt! Og når eg ser gjennom fjell-loggen nok ein gong, så er det endå fleire turar eg gjerne ville hatt med.... Kort fortalt: 2012 var eit flott turår!

3 kommentarer:

  1. Hei!

    Fin blogg, artig å lesa om andre barnefamiliar som også er på tur. Her er vår eigen blogg: http://www.turugla.blogspot.com. Ta gjerne ein tur innom der! :)

    Anne Silje Berg

    SvarSlett
  2. Så mange fine turer dere har hatt med barna i 2012 :-) Heldig som har slik natur og topper med fin utsikt!

    SvarSlett
  3. Dette var mange flotte turer:) Så heldige barna er som får oppleve så mye flotte turer:)))

    Ønsker dåkke en flott turuke:))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!