torsdag 3. januar 2013

Topp 10 turar i 2012

Øverst frå venstre: Glimt frå Meneseggja, Lassenipa, Alden og varden på Skålefjellet
Nederst frå venstre: Varden på Dokka, Portafjellet x 2, Ålfotmassivet og bygging av Dalsfjordbrua frå Heileberget
Fjell-loggen for 2012 er gjennomgått, og eg har plukka ut dei 10 "beste" vaksenturane i 2012.. Konklusjonen er at eg/vi har hatt veldig mange flotte turar! Det som er gjennomgåande for dei turane eg har plukka ut, er at dei fleste var nye turmål for meg. Men også den samla turopplevinga (vær, turfølgje, stemning, årstid m.v.) har vore ein del av kriteria for utveljing. Det vart vanskeleg å rangere turane frå 1 til 10 då alle helst skulle vore på førsteplass..... Men eg har no landa på ei slags rangering.

Alle turane har eg blogga om i løpet av året, så du kan klikke deg inn på turmåla for å lese meir :) 

Topp 10 turar i 2012

1) Over Heileberget i Dalsfjorden 26.06.12 (Fjaler)
Dette er ein av dei turane vi har drøymt om å ta i fleire år, og derfor kom den øverst på lista. Fjellet ser  nærast ut til å vere umogeleg å kome opp på når du ser det frå Dale sentrum, men det er på ingen måte noko krevjande tur med tanke på eventuell klyving eller høgder. Været var ikkje på sitt aller beste, men vi hadde i alle fall opplett og fekk sett det vi kunne sjå. Dette er definitivt ein tur vi kjem til å ta igjen!

2) "Atløy over" 22.04.12 (Askvoll)
Dagen for "Atløy over" var planlagt lenge på førehand, vi var fleire gode vener/kjende som samlast for å gå på tur - og når då dagen opprant med sol frå skyfri himmel, så kunne det på ingen måte blitt betre! Med lokal kjentmann som turleiar, var det berre å følgje i fotspora hans. Faktisk første gongen eg var på Atløy i det heile, og denne turen ga meirsmak til å kome tilbake. Atløy har fantastisk mykje å by på av flotte naturopplevingar, anten du er til sjøs, vandrar langs sjøkanten eller vil opp på fjelltoppar!

3) Skålefjellet i Stavang 23.05.12 (Flora)
Skålefjellet hadde også stått på lista vår ei stund. Turen vart tatt som kveldstur på tidleg sommar med lange lyse kveldar, flott solnedgang og fine temperaturar - og med mann/kjæreste som turfølgje, så vart også dette ei ultimat turoppleving! I tillegg hadde vi heile sommaren føre oss - og mange turmål som venta:
Det var solnedgang
Det var latter det var sang
Det var sommerfri
Det var sjø og magi
Det var deg og det var meg
Det var minner som aldri vil dø
Det var evighet
Og en sol som farga himmelen rød....

4) Menesstølen - Meneseggji - Harevollnipa 01.08.12 (Balestrand)
ENDELEG fekk vi eit høve til å gå på den eksotiske fjellryggen i Vetlefjorden! Det store spenningsmomentet (som så mange gonger før) var været - og om det ikkje var full klaff, så hadde vi det i allefall delvis med oss :) Her skal vi tilbake!

5) Lassenipa 26.08.12 (Flora)
Dette turmålet var på sett og vis litt meir tilfeldig valt, samtidig som vi har vore i området tidlegare og har vore nysgjerrig på å utforske det vidare. I ytterkanten av Ålfotmassivet med sine flotte fjellformasjonar og utsikt heilt ut til øyane utanfor Florø, så står naturopplevingane i kø. Det tilfeldige møtet med Eli Kristin som har bloggen Skorpionens hjørne, gjorde også turen til ei spesiell og kjekk oppleving som vi vil hugse lenge!!!!

6) Haukånipa 21.09.12 (Flora)
Haukånipa ligg også i Nordalsfjordområdet, men medan Lassenipa ligg heilt inst i fjorden, så ligg Haukånipa lenger ut mot kysten. Sjølv med knappe 800 meters høgde, gjev toppen ei fantastisk utsikt. Må innrømme at "godkjensla" kjem når eg ser på bileta på blogginnlegget! Tidleg snøfall gjorde det litt krevjande mot toppen, men ein flott rundttur med artige opplevingar undervegs: møte med lokal stølseigar og innføring i historikk, helikopterlanding rett foran oss og funn av flott steinsouvenir som framleis prydar spisestovebordet vårt!

7) Moldurda - Dokka 16.10.12 (Askvoll)
Nye turområde er alltid kjekke å ta fatt på, og i år har vi fått gjort unna ein del "attraksjonar" i Askvoll. Kombinasjonen fjell og fjord slår aldri feil, så når ein kjem opp i høgda ute ved kysten, blir det alltid flott utsikt! Og når vi attpåtil har strålande sol og godt selskap, så blir turen ein "høydare"!

8) Alden 11.06.12 (Askvoll)
Den einaste av turane på lista, eg har vore på tidlegare, men den som har vore på Alden, vil alltid ynskje seg tilbake dit! "Den Norske Hesten" er lett synleg og eit kjent landemerke. Flott tur med mine kjekke kollegaer, og sjøbadet når vi kom ned att til kaia, sette ein ekstra spiss på opplevinga!

9) Bjørsetstølen - Bjørsetfjellet 31.08.12 (Jølster)
I 2012 hadde vi ein draum om å bestige fleire av Jølstrafjella. Slik vart det ikkje, men ein liten smak av det fekk vi gjennom turen på Bjørsetfjellet. Så vi kom i alle fall i gong - og kanskje er 2013 det året Jølstradraumen blir oppfylt i staden?

10) Portafjellet - Vardeheia 12.10.12 (Askvoll)
Ein flott tur i meir indre delar av Askvoll, og meir urørt landskap. Ein tur som ein ikkje nødvendigvis finn på å gå utan å vere kjend, men derfor ekstra kjekk å "oppdage"!

Topp 1 i 2012: Over Heileberget i Dalsfjorden


1 kommentar:

  1. En liten titt innom for å ønske dere godt nytt år! :) Utrolig mange flotte turer dere fikk med dere i 2012 - må ha vært vanskelig å plukke 10 av dem, he-he! Lassenipa vil jeg huske lenge, fantastisk kjekt å treffe på dere. Satser på at jeg ser deres blide åsyn i fjellet i 2013!! ^_^

    Stor nyttårsklem fra kysten ;)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!