onsdag 23. januar 2013

Krunene (1064 moh) i Angedalen - Førde

Flott vintervær, men 15 kalde minusgrader gjer at det ikkje nødvendigvis fristar å ta turen ut likevel! Men tanken på å kome seg opp i fjellet og i sola var forlokkande, og med trua på at sola ville varme litt, så la vi av garde på fjelltur!

Vi plukka ut eitt - for meg  - nytt turmål: Krunene (1064 moh) i Angedalen. Eit grensefjell mellom Førde og Naustdal. Steffen har vore der nokre gonger før, men det er veldig mange år sidan sist.

Vi starta frå Tjønneland i Angedalen. Derifrå går det skogsveg heilt opp til Tjønnelandsstølen. Mot å betale bompengar, kan du nok køyre heile vegen på sommarstid (i alle fall med ein robust bil!). Men det går ikkje no på vinteren. Vi parkerte derfor ved ein tømmervelteplass, eit lite stykke forbi dei siste bustadhusa på veg oppover skogsvegen.
Vasskraftanlegget - ved inngangen til Tjønnalandsdalen
God veg med jamn stigning opp til stølane. For tida er det mykje is i sjølve vegen, så det lønar seg å gå på sida av vegen. Etter ca. 40 minutt er du komen opp til eit vasskraftanlegg, og det er berre eit par hundre meter inn på flata til stølane. Turen til stølane er fin å ta med små barn. Mange fint vedlikehaldne stølshus på rekkje og rad innover dalen.


Sola møtte oss på stølsvollen - perfekt timing!


Frø stølen gjekk vi vidare inn dalen over Løkane og opp til Andersskaret midt i biletetn- Blåfjellet t.v og Krunene t.h.
Frå stølen gjekk vi vidare innover dalen, over myrane på Løkane og opp skaret i enden av dalen. Sidan det er snø og skare, så hadde vi ingen sti å gå etter, men vegen gir seg sjølv oppover. Skaren bar rimeleg godt oppover, men på rundt 700 meter høgde seig vi litt gjennom. Men ikkje verre enn at det var greitt å gå likevel.

På toppen av skaret heiter det Andersskaret og du er då 876 moh. Her er det sett opp ein flott varde og Andersskaret er i seg sjølv eit flott turmål! Herifrå ser du delar av Naustedalen og fjella lenger nord. Går du vidare forbi skaret, kan du til slutt kome til Espelandsstølane og Skaflestad i Naustdal. Vi tok ein rask kaffi og litt mat ved varden, men kulda frista ikkje til dei store matpausane.

Ved varden i Andersskaret (875 moh) med utsikt attende til Tjønnalandsdalen eller overgang til Naustedalen.


Frå Andersskaret har du 2 flotte fjelltoppar du kan velje å gå på: Krunene og/eller Blåfjellet. Tar du til venstre, kjem du opp på Blåfjellet (1067 moh) i Naustdal. Frå Blåfjellet kan du også gå vidare til Smådalsnipa - eitt av mine kvardagsfavorittfjell. Vi var eigentleg frista til å prøve og rekkje begge toppane på same turen, men det var det ikkje rom for denne dagen. Så derfor måtte vi prioritere. Og sidan vi har vore på Blåfjellet før - nettopp via Smådalsnipa, så var det ikkje så vanskeleg å bestemme seg for at vi ville ta Krunene.
Frå Andersskaret og opp mot Krunene - glassert is etter kvart...

Blåfjellet (1065 moh) bak til høgre - det andre turmålet
du lett kan nå  frå Andersskaret

Frå Andersskaret tok vi derfor til høgre, og la oppløfta i veg opp bakkane til Krunene - vel vitande om at vi berre hadde ca. 200 høgdemeter att. Vi var spent på om det var isete, men det gjekk heldigvis greitt - og vi fekk feste med å sparke foten inn i snøen. Verken stavar eller broddar hadde vore nokon ulempe å hatt med seg - men når stavane låg igjen i den andre bilen, så måtte vi greie oss utan. Prøvde for øvrig å kjøpe broddar i ein av sportsbutikkane i Førde, men "fjellbroddar" tilpassa den normale damsestorleiken nr. 39, var visst bestillingsvare...... tru det eller ei!
Utsikt  ned att mot Tjønnelandsstølen


Endeleg - varden på Krunene !   Stråååålande vêr !
Vi skal ikkje skryte på oss det store tempoet denne dagen, og med atskillege fotostopp, så tar det litt tid. Men den effektive gangtida til topps var uansett litt over 2 timar og då hadde vi gått 6,3 km. Og som alltid: Fantastisk flott utsikt! Tilsvarande utsikter har vi sett mange gonger før, men det er alltid kjekt å sjå frå nye topp-punkt - og ein ser seg aldri mett! Sol og fjell i vinterdrakt er utruleg vakkert! Bileta nedanfor talar for seg! Men.....kaldt var det, så vi starta raskt på turen ned att før frosten tok oss!

Eit nøgd par har nådd toppen på Krunene!

Sol, natur i vinterprakt, flott utsikt vestover, og vakre skyformasjonar - kan ein ynskje meir?

Utsikt austover: Botnavatnet i Angedalen i dalbotnen til høgre for logoen. Sandfjellet ruvar til venstre i biletet.


"Fjellskopudder"kallar Steffen dette:  På returen frå Krunene følgde vi ryggen mellom Tjønnalandsdalen og Kvålstølen, før vi  til slutt tok ned lia direkte til Tjønnelandsstølen.
På returen ned ryggen frå Krunene 

Vel attende i bilen, viste GPS'en ca. 3,5 time effektiv gangtid og om lag 12 km distanse.

Og alle var einige om at vi hadde hatt ein fantastisk tur! 

Takk til mitt perfekte turfølgje, Steffen Ben, som bidreg med:
godt humør
turinspirasjon
vegvisar og sporlagar
fotografering
GPS-tracking
hjelp til blogginnlegg 
og mykje meir ....:)

Kartutsnitt over turruta frå Tjønneland i Angedalen til Krunene,
og returen på ryggen mellom Kvålsstølen og Tjønnalandsdalen og ned att til stølen



6 kommentarer:

  1. For en nyyydelig tur! Hadde eg berre bodd nærmere.... :) og ja, fantastisk fine bilder! Sånne dager har vi dessverre ikkje så mange av, og må derfor nyte dei som er, kaldt el ikkje. Du skreiv om fjellbrodder. Snowline chainsen sine? Eg har dei, og annbefaler dei på det varmeste <3 beste som finst!! Skreiv en blogg om dei. Suverene for deg som går tur i fjellet vinterstid.

    Ha en fin fin kveld :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser jo at du har fine fjellområde der du bur også :) Skal notere meg tipset om broddar - har framleis ikkje kjøpt nokon. Og ser jo at det kunne vore veldig greitt å ha:)

      Slett
  2. Oi, så nydelig vintervær og fjelltur. Herlig kombinasjon! Får ikke andre med meg nå, så jeg må ærlig innrømme at jeg er litt pinglete vinterstid. Dårlig form og frykt for ukjente turveier i fjellet gjør at turopplevelsene uteblir. Har vært full rulle med annet uansett, men hjelp - slike herlige innslag lokker og får frem prekær lyst på fjelltur, he-he! :)

    Kan jeg spørre om hvilke type brodder dere bruker til fjells på slike og tilsvarende turer nå?

    Ha ei fin uke alle 4 :)
    Eli Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Har til no klart oss utan broddar, men ser at det absolutt er ein fordel. Steffen kjøpte seg nokon for eit par veker sidan, og skulle ha same sort, men det var bestillingsvare når du kom ned i damestørrelsar.... Det er kanskje ikkje så mange damer som går på tur i isete terreng.... he, he;) Så har ingen gode tips til broddar, men du kan sjå kommentaren over her. Elles så har jo Gustav skrive litt om sine erfaringar på sin blogg :) Elles så har vi også vore litt pinglete med å gå tur vinterstid - tenkjer liksom at det er ski som må til, men ser jo no at det går fint til fots slik været har vore, og så har vi også trugar som vi eventuelt kan ta i bruk. Elles så er det jo fint å gå på kjente stiar også - det viktigaste er som regel å kome seg ut :)!

      Slett
  3. Fantastiske bilde frå ein utruleg flott tur.
    Inspirasjon!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette er absolutt ein tur vi lever lenge på! :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!