tirsdag 15. januar 2013

Flora turlag sine 6 favoritt-turar for 2013

Flora turlag hadde fastlagt turprogrammet sitt for 2013, vart dei utfordra av avisa Firdaposten til å tilrå 6 turar - 3 turar for godt vaksne og 3 turar som er eigna med små born. Alle turane for vaksne har eg faktisk gått i ein eller anna form, medan turane for barn er turmål vi ikkje har vore på. På bloggen Skorpionens hjørne kan du derimot finne omtale frå desse turane, så dei har eg linka til nedanfor.

Så er du på leit etter flotte turar i Flora kommune, kan du ta ein kikk på tilrådingane nedanfor. Og dersom du ynskjer å ta turen i lag med kjentfolk, så kan du slå følgje når Flora turlag har sine organiserte turar til turmåla.

3 favorittar for vaksne i 2013
1) Grytadalen til Børa på ski
Dette er ein krevjande tur i kupert terreng, og du bør ha god erfaring med skigåing for å vere med på denne. Turen er berekna til ca. 8 timar. Turleiaren Anders Espeset er min tremenning, så eg kan gå god for at han er ein stødig og trygg fjellførar :)

Eg kan ikkje skryte av å ha vore på (Hauka)Børa på ski, men eg har i alle fall vore der til fots. Faktisk var det ein av mine første litt større turar etter at fjellinteressa byrja å blomstre :)
Haukåbøra sett frå Haukånipa
2) Nipenatt
Nipenatt er ein klassikar du berre MÅ få med deg! Vi var så heldig å få vere med i 2011, og den turen tar vi gjerne igjen! Heilt fantastisk å vandre om natta på den lysaste tida av året. Konklusjonen var at det måtte vi gjere meir! Mitt blogginnlegg frå denne turen finn du her.

Turen startar i 19-tida om kvelden og tar 7-8 timar. Den startar i Eikefjord og går opp til Hovlandsstølen og vidare til Nipevatnet. Så går du vestover til Flatenipa på 704 moh som er turens høgaste punkt, vidare til Litlenipa og Strandanipa, og til slutt på Hatlesetnipa og ned att til Grov.

Utsikt frå Strandanipa mot Florø og øyane utanfor - ved midnattstider!


3) Lassenipa 
Lassenipa med sine 1024 moh var ein av mine favoritt-turar i 2012, og ein av turane eg kjem til å minnast med stor glede. Turen tar ca. 2-3 timar opp og 1,5 time ned att. Mitt blogginnlegg frå turen til Lassenipa kan du lese her.
Lassenipa (1024 moh)


3 favoritt for små barn i 2013
1) Reksta på langs
Flott tur på ein av øyane utanfor Flora. Høgste punktet på turen er 173 moh, men tippar du får flott utsikt likevel. Turen er stipulert til å vare 3 timar inkl. pausar. Dette er ein tur vi gjerne kan tenkje oss å ta med ungane på :) Ei turskildring frå Reksta på langs, finn du mellom anna ved å klikke her.  

Eli Kristin på bloggen Skorpionens hjørne har eit flott blogginnlegg om tur til Reksta - klikk her

2) Lommelykttur til Mekjevikja
Lommelyktturar er alltid populært, og i Mekjevikja er det flott tilrettelagt med gapahuk der det er høve til å brenne bål og ete niste. 

Skorpionen har vore der fleire gonger, og eitt blogginnlegg frå denne turen finn du her

3) Midtbøstølen
Ein tur i Nordalsfjorden som passar for alle. Følgjer du Flora turlag sin organiserte tur, så vil Josten Midtbø fortelje om stølslivet undervegs på turen. 

Og sjølvsagt har Skorpionen vore også her! Dette er nok ein tur vi fort kan finne på å ta :)

Så om du bur i nærleiken av Flora eller tilfeldigvis er der ved anna høve, så er dette gode turtips å ta med seg på vegen!

1 kommentar:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!