søndag 27. januar 2013

Følg ikkje dei raude T-ane......

Flott januartur til Flatastølen (501 moh) nedanfor Førdsnipa
Ingen regel utan unntak:

Vanlegvis ville eg tilrådd at T'ane skulle følgast, 
men skal du ut på tur til fots no,
så kan det vere isete i terrenget,
og spesielt isete er det nettopp i sjølve stiane..... 
Derfor er tilrådinga at ein heller held seg litt utanfor stien!

Sterk austavind i dag gjorde til at det var greitt å gå i ly av skogen, 
så dagens turmål vart til Legjestølen og Flatastølen i Førde. 
Vinden brusa godt i tretoppane, men vi merka fint lite til den.
Snødriv i lufta gjorde at utsikta var så som så, 
men det gjorde slett ingenting nettopp i dag! 
Vi kosa oss på tur likevel :) 

Turskildring om tur til Legjestølen og Flatastølen, og vidare til Førdsnipa, finn du her.

Og for øvrig så har Legjestølen passert 50 besøkande hittil i år, så vi ligg godt an til ny årsrekord!  

4 kommentarer:

  1. Blir ikkje mange turer etter T`er og i stier for tiden nei :) ser vi også går en del utenom. Men det er på nye stier det morsomme dukker opp ;)

    SvarSlett
  2. Nei det er sannelig sant! :))) Nå har all isen forsvunnet her og temperaturen er 6 vårlige grader:))) herlig! Men hadde jammen vært fint med noe sne nå:)))

    SvarSlett
    Svar
    1. Her er det også vårlige temperaturer og masse regn, men isen henger nok framleis igjen i skogsvegane/stiane. Blir utruleg mørkt med alt regnet - det var litt lysare og finare med snø og klarvær :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!