onsdag 30. januar 2013

Det var reven og rotta og grisen.....

Det var reven og rotta og grisen,
som tok seg en tur ut på isen.
Så kom der fram
ein gamal mann,
med stav i hand,
og jaga dei på land.
Det var reven og rotta og grisen.
(ukjend - opphav frå Aust Agder)

.......... var barnesangen vi nynna på, på laurdagens familietur. Sanna Oliva har lært den i barnehagen, og no kan vi den alle saman! 
Familietur på Kletten på Soleide i Førde - Viefjellet bak på biletet nederst. 
Det flotte vinterværet vi har hatt dei siste par vekene, ser dessverre ut til å vere over for denne gong. Samstundes er det litt deilig at det blir litt mildare vær, slik at det også er råd å leggje ut på tur med våre to små utan å vere redd for at dei skal fryse for mykje. Det har vore mykje innetid også i barnehagen på grunn av kulda, så sist helg vart laurdagen brukt til å vere  ute - heile familien i lag! 

Det vart ein kombinert trille- og gåtur. Bendik Matias likar framleis å sitje i vogn, og Sanna Oliva likar godt å få seg nokre pausar på ståbrettet. Vi gjekk frå Viebøen i Førde og inn til Soleide - ein grusveg som er svært populær å gå, jogge, sykle eller ri på. Og det var mykje folk som var ute og gjekk - jamn trafikk heile vegen. Grunnen til at dette er ein populær turveg, er nok at du kort veg frå sentrum og støyande trafikk, finn ro og landleg idyll. Turen er ca. 2,5 km ein veg. I boka "Gå sjøl" er denne turen tilrådd som fin sykkelveg for små born. 
Kartet viser stien opp til Viefjellet . Vi gjekk bilvegen frå Via og inn til startpunktet for turen til Viefjellet. På andre sida av vegen kan du ta turen opp på Kletten (164 moh).

Vel inne på velteplassen på Soleide - der du mellom anna finn merka sti opp på Viefjellet (sjå kartet over) - parkerte vi barnevogna, og gjekk opp på ein liten ås som heiter "Kletten". Om lag ein kilometer å gå oppover - passeleg langt for dei små å trene seg på å gå i ulendt terreng. Og nynnande på "det var reven og rotta og grisen....", så gjekk det som ein leik oppover bakkane! Litt kunstnarisk utfalding på vi også ta oss tid til på vegen(sjå nedst på biletet over). 

På toppen av Kletten får du fin utsikt til Bruland, Vie og ned mot Førde sentrum. Litt kos på toppen måtte til - og dei små fekk skryt for flott innsats! 


Om du ynskjer å høyre barnesangen om reven og rotta og grisen, kan du klikke her
(Advarsel: Den er lett å få på hjernen!!!!): 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!