Gjestebloggar Steffen har vore på tur igjen:
Takk kjære vêrmakter for det nydelege
veret de leverer i fylket vårt for tida!!!
Det gjev oss som er meir glade i fjellsko enn skisko ypparlege høve
til flotte fjellturar til fots også høgt til fjells. Skareføret gjer at det er
kjempelett å gå i terrenget – men obs! – enkelte stader er det lumsk is under
det lisje snølaget - så brått ligg ein der! Det veit rumpa mi!
I dag, 17.01.13, fekk eg meg ein slik kjempetur: Skareføre med 2 cm snø på, blå himmel og sol,
-6 grader og fint fjellterreng utan større vegetasjon, og variert utsikt i alle
retningar langs ruta.
Turen gjekk med bil frå Førde til Naustdal, og til mest
oppe på austsida av Ramsdalsheia; 300 meter ovanfor den siste knappe svingen
før ein kjem opp til tunnelen går ein stikkveg til høgre. Her, nedanfor
skytebana, parkerer ein bilen, går
gjennom bommen og opp til skytebana. Her startar turen. Vegen er tydelegvis blitt varda dei seinare
år; eg greidde fint å følgje den heile vegen i dag, trass i meir og meir snø
opp mot toppen.
Målet var Blånipa, eitt av dei mange 1000 blåfjella
kring oss. Ingen kommune med respekt for seg sjølv manglar eit «Blåfjell» eller
ei «Blånipe» - ei heller Naustdal som har fleire! Alt frå bilen på veg opp mot
Ramsdalsheia frå Naustdalssida ser ein
dette breie fjellmassivet – for anledningen i kvit vinterdrakt. Blånipa er eit forlokkande fjell, og det er lett å nå; tar rett nok nokre timar, men er
heller ufarleg og lett tilgjengeleg.
Vegen oppover bakkane frå skyttarhuset går
på vestsida av elva oppover, til terrenget smalnar av mellom Alnakken og elva.
Her kryssar ein elva på flate berg og går så austover, og følgjer terrenget som
skrår seg oppover mot høgda og himmelsjå der terrenget flatar ut – for ei stund.
Soloppgang på veg mot Blånipa i Naustdal |
Her, i dette området, kom også morgonsola til syne kring kl 10. på turen min i dag; du verden kor godt det gjer å få med seg soloppgangen over fjella sør-aust! Fin utsikt innover Naustedalen i dette partiet av turen. Fleire fine badekulpar ein kan lauge seg i langs med elva, om temperaturen er litt høgare enn i dag då; og elvanemindre frosne…
Frå dette første flate partiet er det lett
å sjå kvar vegen sånn røffeleg må gå. Terrenget er fast og lett å gå på om
sommaren – men nok endå meir avretta i dag då eg gjekk i snø… Først følgjer ein
det flate partiet i austleg retning, så går ein meir i nordaustleg retning, og
vardinga har peiling ganske mot varden på toppen, utan å gjere store
krumspring.
I dette området hadde det kome litt meir
snø enn lenger nede på turen, eventuelt at nedbøren som kom som regn for ei
stund sidan, likevel kom som snø her kring 900 meter, for her sokk eg litt
lenger ned i snøen, men berre pitte-litt, så ingen problem å gå lell. Vi er jo
trass alt i midten av Januar!
Stigninga er størst frå skyttarhuset og
opp til elvekryssinga, og så her i siste partiet opp mot topp-partiet og varden
på Blånipa. Like under varden tek du vestover (til venstre) og så rundar opp på
siste ryggen og attende til den fine varden som ventar på deg. Postkasse med bok og, for dei som likar å
journalføre seg.
Utsikta frå Blånipa er storslagen – i sør
og søraust mot Naustedalen. Mot Nord ser du ned til vatna på Solheim og
leirstaden Nesholmen. I Nord-vest ser ein mot Ålfotenmassivet – og vestover mot
Flora og øyane utanfor. I dag blas det
såpass kaldt nett her på toppvarden, at termosen med kaffi ikkje kom fram før
litt lenger ned i lia att på returen. Siste ryggen bort til varden var også
temmeleg isete og glasert, så varsemd måtte til; og skistavane eg hadde i handa
gjorde definitivt tena si her oppe.
Dette er elles fjelltoppen ein skal gå
midtsommars om ein vil sjå solnedgangen vest i havet såpass langt innanfrå,
anslagsvis i 23-tida – dyrisk fint!!!
Eg brukte 2 timar effektiv gange opp på
snøføre; rekn 2 ½-3 på sommarføre. Kring 2 timar ned att på sommarføre. Lengd:
12,3 km.
Denne turen må du få med deg – i vinter –
eller til sommaren att!
Fantastisk flott tur og herlige vinterbilder til fjells! Holdt det med brodder og staver eller....? Ser det er brukt gps, men er det virkelig godt merket oppover slik at man ser det bra når det er snødekke...? Har ikke gått der siden jeg gikk opp på ski i mine yngre glansdager, he-he :) Kan ikke si at jeg er kjent der lenger dessverre, men Blånipa er et mål for 2013. Tenkte uten snø, men... dette så herlig ut! :D
SvarSlettTakk for turinspirasjon nok en gang! ^_^
Ha ei flott uke!
Eli Kristin
Blånipa er ein veldig fin tur på sommaren, så det går absolutt å vente til snøen forsvinn. Merkinga er nok litt vekke no når det er snø, så ein bør gjerne vere litt kjent med ruta for å gå der på snødekke. Det var litt isete enkelte plassar og ein måtte gå rundt, men det gjekk greitt med stavar (brukte ikkje broddar sjølv om dei var med i sekken).
Slett