torsdag 31. januar 2013

Blå himmel og kvitt gull: Storehesten (1209 moh)


Storehesten var eit vakkert skue i dag
- freistande å reise ut på tur!
Men på ein heilt vanleg kvardag
- er det jobben som ventar!

Men det hindrar oss ikkje i å drøyme,
og einskilde dagar vert draumane oppfylt!
Det er det vi lever på i kvardagane,
og hindrar at "kvar dag blir kvardag"!

Og så må ein hugse på at det å nyte ei utsikt også er ei oppleving i seg sjølv
- eit minne som er verdt å ta vare på!
Og som gjev grobotn for nye draumar......


(Ynskjer du å vite meir om dette fantastisk vakre og karakteristiske fjellet i Sunnfjord, så kan du blant anna gå inn på sidene til Storehesten Opp. Verkeleg eit turmål å tilrå for både nære og tilreisande!) 

2 kommentarer:

  1. Kjenne meg så innmari godt att!!! Spring rundt på jobb og kikker ut vindua og ser på fjella her, solskinnet som lyser på toppane... Ahhhh... kjenne d kribler i beina og har mest lyst ut. Kjem heim og sola er borte og mørkret brer over. Skal bli godt med lysere tider :)

    SvarSlett
  2. Nydelig!!! Godt at storhesten har kommet for å bli:))) Og det så ut som en nydelig turdag..men ja..jobb først:)))

    :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!