torsdag 31. januar 2013

Blå himmel og kvitt gull: Storehesten (1209 moh)


Storehesten var eit vakkert skue i dag
- freistande å reise ut på tur!
Men på ein heilt vanleg kvardag
- er det jobben som ventar!

Men det hindrar oss ikkje i å drøyme,
og einskilde dagar vert draumane oppfylt!
Det er det vi lever på i kvardagane,
og hindrar at "kvar dag blir kvardag"!

Og så må ein hugse på at det å nyte ei utsikt også er ei oppleving i seg sjølv
- eit minne som er verdt å ta vare på!
Og som gjev grobotn for nye draumar......


(Ynskjer du å vite meir om dette fantastisk vakre og karakteristiske fjellet i Sunnfjord, så kan du blant anna gå inn på sidene til Storehesten Opp. Verkeleg eit turmål å tilrå for både nære og tilreisande!) 

onsdag 30. januar 2013

Det var reven og rotta og grisen.....

Det var reven og rotta og grisen,
som tok seg en tur ut på isen.
Så kom der fram
ein gamal mann,
med stav i hand,
og jaga dei på land.
Det var reven og rotta og grisen.
(ukjend - opphav frå Aust Agder)

.......... var barnesangen vi nynna på, på laurdagens familietur. Sanna Oliva har lært den i barnehagen, og no kan vi den alle saman! 
Familietur på Kletten på Soleide i Førde - Viefjellet bak på biletet nederst. 
Det flotte vinterværet vi har hatt dei siste par vekene, ser dessverre ut til å vere over for denne gong. Samstundes er det litt deilig at det blir litt mildare vær, slik at det også er råd å leggje ut på tur med våre to små utan å vere redd for at dei skal fryse for mykje. Det har vore mykje innetid også i barnehagen på grunn av kulda, så sist helg vart laurdagen brukt til å vere  ute - heile familien i lag! 

Det vart ein kombinert trille- og gåtur. Bendik Matias likar framleis å sitje i vogn, og Sanna Oliva likar godt å få seg nokre pausar på ståbrettet. Vi gjekk frå Viebøen i Førde og inn til Soleide - ein grusveg som er svært populær å gå, jogge, sykle eller ri på. Og det var mykje folk som var ute og gjekk - jamn trafikk heile vegen. Grunnen til at dette er ein populær turveg, er nok at du kort veg frå sentrum og støyande trafikk, finn ro og landleg idyll. Turen er ca. 2,5 km ein veg. I boka "Gå sjøl" er denne turen tilrådd som fin sykkelveg for små born. 
Kartet viser stien opp til Viefjellet . Vi gjekk bilvegen frå Via og inn til startpunktet for turen til Viefjellet. På andre sida av vegen kan du ta turen opp på Kletten (164 moh).

Vel inne på velteplassen på Soleide - der du mellom anna finn merka sti opp på Viefjellet (sjå kartet over) - parkerte vi barnevogna, og gjekk opp på ein liten ås som heiter "Kletten". Om lag ein kilometer å gå oppover - passeleg langt for dei små å trene seg på å gå i ulendt terreng. Og nynnande på "det var reven og rotta og grisen....", så gjekk det som ein leik oppover bakkane! Litt kunstnarisk utfalding på vi også ta oss tid til på vegen(sjå nedst på biletet over). 

På toppen av Kletten får du fin utsikt til Bruland, Vie og ned mot Førde sentrum. Litt kos på toppen måtte til - og dei små fekk skryt for flott innsats! 


Om du ynskjer å høyre barnesangen om reven og rotta og grisen, kan du klikke her
(Advarsel: Den er lett å få på hjernen!!!!): 

søndag 27. januar 2013

Følg ikkje dei raude T-ane......

Flott januartur til Flatastølen (501 moh) nedanfor Førdsnipa
Ingen regel utan unntak:

Vanlegvis ville eg tilrådd at T'ane skulle følgast, 
men skal du ut på tur til fots no,
så kan det vere isete i terrenget,
og spesielt isete er det nettopp i sjølve stiane..... 
Derfor er tilrådinga at ein heller held seg litt utanfor stien!

Sterk austavind i dag gjorde til at det var greitt å gå i ly av skogen, 
så dagens turmål vart til Legjestølen og Flatastølen i Førde. 
Vinden brusa godt i tretoppane, men vi merka fint lite til den.
Snødriv i lufta gjorde at utsikta var så som så, 
men det gjorde slett ingenting nettopp i dag! 
Vi kosa oss på tur likevel :) 

Turskildring om tur til Legjestølen og Flatastølen, og vidare til Førdsnipa, finn du her.

Og for øvrig så har Legjestølen passert 50 besøkande hittil i år, så vi ligg godt an til ny årsrekord!  

onsdag 23. januar 2013

Krunene (1064 moh) i Angedalen - Førde

Flott vintervær, men 15 kalde minusgrader gjer at det ikkje nødvendigvis fristar å ta turen ut likevel! Men tanken på å kome seg opp i fjellet og i sola var forlokkande, og med trua på at sola ville varme litt, så la vi av garde på fjelltur!

Vi plukka ut eitt - for meg  - nytt turmål: Krunene (1064 moh) i Angedalen. Eit grensefjell mellom Førde og Naustdal. Steffen har vore der nokre gonger før, men det er veldig mange år sidan sist.

Vi starta frå Tjønneland i Angedalen. Derifrå går det skogsveg heilt opp til Tjønnelandsstølen. Mot å betale bompengar, kan du nok køyre heile vegen på sommarstid (i alle fall med ein robust bil!). Men det går ikkje no på vinteren. Vi parkerte derfor ved ein tømmervelteplass, eit lite stykke forbi dei siste bustadhusa på veg oppover skogsvegen.
Vasskraftanlegget - ved inngangen til Tjønnalandsdalen
God veg med jamn stigning opp til stølane. For tida er det mykje is i sjølve vegen, så det lønar seg å gå på sida av vegen. Etter ca. 40 minutt er du komen opp til eit vasskraftanlegg, og det er berre eit par hundre meter inn på flata til stølane. Turen til stølane er fin å ta med små barn. Mange fint vedlikehaldne stølshus på rekkje og rad innover dalen.


Sola møtte oss på stølsvollen - perfekt timing!


Frø stølen gjekk vi vidare inn dalen over Løkane og opp til Andersskaret midt i biletetn- Blåfjellet t.v og Krunene t.h.
Frå stølen gjekk vi vidare innover dalen, over myrane på Løkane og opp skaret i enden av dalen. Sidan det er snø og skare, så hadde vi ingen sti å gå etter, men vegen gir seg sjølv oppover. Skaren bar rimeleg godt oppover, men på rundt 700 meter høgde seig vi litt gjennom. Men ikkje verre enn at det var greitt å gå likevel.

På toppen av skaret heiter det Andersskaret og du er då 876 moh. Her er det sett opp ein flott varde og Andersskaret er i seg sjølv eit flott turmål! Herifrå ser du delar av Naustedalen og fjella lenger nord. Går du vidare forbi skaret, kan du til slutt kome til Espelandsstølane og Skaflestad i Naustdal. Vi tok ein rask kaffi og litt mat ved varden, men kulda frista ikkje til dei store matpausane.

Ved varden i Andersskaret (875 moh) med utsikt attende til Tjønnalandsdalen eller overgang til Naustedalen.


Frå Andersskaret har du 2 flotte fjelltoppar du kan velje å gå på: Krunene og/eller Blåfjellet. Tar du til venstre, kjem du opp på Blåfjellet (1067 moh) i Naustdal. Frå Blåfjellet kan du også gå vidare til Smådalsnipa - eitt av mine kvardagsfavorittfjell. Vi var eigentleg frista til å prøve og rekkje begge toppane på same turen, men det var det ikkje rom for denne dagen. Så derfor måtte vi prioritere. Og sidan vi har vore på Blåfjellet før - nettopp via Smådalsnipa, så var det ikkje så vanskeleg å bestemme seg for at vi ville ta Krunene.
Frå Andersskaret og opp mot Krunene - glassert is etter kvart...

Blåfjellet (1065 moh) bak til høgre - det andre turmålet
du lett kan nå  frå Andersskaret

Frå Andersskaret tok vi derfor til høgre, og la oppløfta i veg opp bakkane til Krunene - vel vitande om at vi berre hadde ca. 200 høgdemeter att. Vi var spent på om det var isete, men det gjekk heldigvis greitt - og vi fekk feste med å sparke foten inn i snøen. Verken stavar eller broddar hadde vore nokon ulempe å hatt med seg - men når stavane låg igjen i den andre bilen, så måtte vi greie oss utan. Prøvde for øvrig å kjøpe broddar i ein av sportsbutikkane i Førde, men "fjellbroddar" tilpassa den normale damsestorleiken nr. 39, var visst bestillingsvare...... tru det eller ei!
Utsikt  ned att mot Tjønnelandsstølen


Endeleg - varden på Krunene !   Stråååålande vêr !
Vi skal ikkje skryte på oss det store tempoet denne dagen, og med atskillege fotostopp, så tar det litt tid. Men den effektive gangtida til topps var uansett litt over 2 timar og då hadde vi gått 6,3 km. Og som alltid: Fantastisk flott utsikt! Tilsvarande utsikter har vi sett mange gonger før, men det er alltid kjekt å sjå frå nye topp-punkt - og ein ser seg aldri mett! Sol og fjell i vinterdrakt er utruleg vakkert! Bileta nedanfor talar for seg! Men.....kaldt var det, så vi starta raskt på turen ned att før frosten tok oss!

Eit nøgd par har nådd toppen på Krunene!

Sol, natur i vinterprakt, flott utsikt vestover, og vakre skyformasjonar - kan ein ynskje meir?

Utsikt austover: Botnavatnet i Angedalen i dalbotnen til høgre for logoen. Sandfjellet ruvar til venstre i biletet.


"Fjellskopudder"kallar Steffen dette:  På returen frå Krunene følgde vi ryggen mellom Tjønnalandsdalen og Kvålstølen, før vi  til slutt tok ned lia direkte til Tjønnelandsstølen.
På returen ned ryggen frå Krunene 

Vel attende i bilen, viste GPS'en ca. 3,5 time effektiv gangtid og om lag 12 km distanse.

Og alle var einige om at vi hadde hatt ein fantastisk tur! 

Takk til mitt perfekte turfølgje, Steffen Ben, som bidreg med:
godt humør
turinspirasjon
vegvisar og sporlagar
fotografering
GPS-tracking
hjelp til blogginnlegg 
og mykje meir ....:)

Kartutsnitt over turruta frå Tjønneland i Angedalen til Krunene,
og returen på ryggen mellom Kvålsstølen og Tjønnalandsdalen og ned att til stølen



tirsdag 22. januar 2013

Varden på Eikåsnipa (826 moh) i måneskin!


16 minusgrader
Skareføre
Måneskin
Flott vintervær
Utsikt over Jølstravatnet og Førde by
Kveldsstemning....

....Men snart slutt på godværsperioden?
Då er det godt å kunne minnast nokre flotte turar dei siste dagane!

Meir om Eikåsnipa finn du for øvrig her

fredag 18. januar 2013

Blånipa (1121 moh) frå Ramsdalsheia i Naustdal



Gjestebloggar Steffen har vore på tur igjen: 

Takk kjære vêrmakter for det nydelege veret de leverer i fylket vårt for tida!!!  Det gjev oss som er meir glade i fjellsko enn skisko ypparlege høve til flotte fjellturar til fots også høgt til fjells. Skareføret gjer at det er kjempelett å gå i terrenget – men obs! – enkelte stader er det lumsk is under det lisje snølaget - så brått ligg ein der! Det veit rumpa mi!

I dag, 17.01.13, fekk eg meg ein slik kjempetur:  Skareføre med 2 cm snø på, blå himmel og sol, -6 grader og fint fjellterreng utan større vegetasjon, og variert utsikt i alle retningar langs ruta. 

Turen gjekk med bil frå Førde til Naustdal, og til mest oppe på austsida av Ramsdalsheia; 300 meter ovanfor den siste knappe svingen før ein kjem opp til tunnelen går ein stikkveg til høgre. Her, nedanfor skytebana,  parkerer ein bilen, går gjennom bommen og opp til skytebana. Her startar turen.  Vegen er tydelegvis blitt varda dei seinare år; eg greidde fint å følgje den heile vegen i dag, trass i meir og meir snø opp mot toppen.

Målet var Blånipa, eitt av dei mange 1000 blåfjella kring oss. Ingen kommune med respekt for seg sjølv manglar eit «Blåfjell» eller ei «Blånipe» - ei heller Naustdal som har fleire! Alt frå bilen på veg opp mot Ramsdalsheia  frå Naustdalssida ser ein dette breie fjellmassivet – for anledningen i kvit vinterdrakt. Blånipa er eit forlokkande fjell, og det er lett å nå; tar rett nok nokre timar, men er heller ufarleg og lett tilgjengeleg.

Vegen oppover bakkane frå skyttarhuset går på vestsida av elva oppover, til terrenget smalnar av mellom Alnakken og elva. Her kryssar ein elva på flate berg og går så austover, og følgjer terrenget som skrår seg oppover mot høgda og himmelsjå  der terrenget flatar ut – for ei stund.


Soloppgang på veg mot Blånipa i Naustdal

Her, i dette området, kom også morgonsola til syne kring kl 10. på turen min i dag; du verden kor godt det gjer å få med seg soloppgangen over fjella  sør-aust! Fin utsikt innover Naustedalen i dette partiet av turen.  Fleire fine badekulpar ein kan lauge seg i langs med elva, om temperaturen er litt høgare enn i dag då; og elvanemindre frosne…

Frå dette første flate partiet er det lett å sjå kvar vegen sånn røffeleg må gå. Terrenget er fast og lett å gå på om sommaren – men nok endå meir avretta i dag då eg gjekk i snø… Først følgjer ein det flate partiet i austleg retning, så går ein meir i nordaustleg retning, og vardinga har peiling ganske mot varden på toppen, utan å gjere store krumspring.  

I dette området hadde det kome litt meir snø enn lenger nede på turen, eventuelt at nedbøren som kom som regn for ei stund sidan, likevel kom som snø her kring 900 meter, for her sokk eg litt lenger ned i snøen, men berre pitte-litt, så ingen problem å gå lell. Vi er jo trass alt i midten av Januar!

Stigninga er størst frå skyttarhuset og opp til elvekryssinga, og så her i siste partiet opp mot topp-partiet og varden på Blånipa. Like under varden tek du vestover (til venstre) og så rundar opp på siste ryggen og attende til den fine varden som ventar på deg.  Postkasse med bok og, for dei som likar å journalføre seg.
Vi passerer Alnakken på veg opp mot Blånipa



Utsikta frå Blånipa er storslagen – i sør og søraust mot Naustedalen. Mot Nord ser du ned til vatna på Solheim og leirstaden Nesholmen. I Nord-vest ser ein mot Ålfotenmassivet – og vestover mot Flora og øyane utanfor.   I dag blas det såpass kaldt nett her på toppvarden, at termosen med kaffi ikkje kom fram før litt lenger ned i lia att på returen. Siste ryggen bort til varden var også temmeleg isete og glasert, så varsemd måtte til; og skistavane eg hadde i handa gjorde definitivt tena si her oppe.
Dette er elles fjelltoppen ein skal gå midtsommars om ein vil sjå solnedgangen vest i havet såpass langt innanfrå, anslagsvis i 23-tida – dyrisk fint!!!
Vi ser Storehesten i sør

Eg brukte 2 timar effektiv gange opp på snøføre; rekn 2 ½-3 på sommarføre. Kring 2 timar ned att på sommarføre. Lengd: 12,3 km.

Denne turen må du få med deg – i vinter – eller til sommaren att!
Blånipa kjem til syne i det fjerne...












Vi ser 3 markante fjell i nordvestleg retning: Blånipa i Eikefjorden til venstre, den avrunda Haukåbøra midt i og den spisse Midtbønipa til høgre. 


GPS-tracking frå turen:


Høgdeprofil på turen:

tirsdag 15. januar 2013

Flora turlag sine 6 favoritt-turar for 2013

Flora turlag hadde fastlagt turprogrammet sitt for 2013, vart dei utfordra av avisa Firdaposten til å tilrå 6 turar - 3 turar for godt vaksne og 3 turar som er eigna med små born. Alle turane for vaksne har eg faktisk gått i ein eller anna form, medan turane for barn er turmål vi ikkje har vore på. På bloggen Skorpionens hjørne kan du derimot finne omtale frå desse turane, så dei har eg linka til nedanfor.

Så er du på leit etter flotte turar i Flora kommune, kan du ta ein kikk på tilrådingane nedanfor. Og dersom du ynskjer å ta turen i lag med kjentfolk, så kan du slå følgje når Flora turlag har sine organiserte turar til turmåla.

3 favorittar for vaksne i 2013
1) Grytadalen til Børa på ski
Dette er ein krevjande tur i kupert terreng, og du bør ha god erfaring med skigåing for å vere med på denne. Turen er berekna til ca. 8 timar. Turleiaren Anders Espeset er min tremenning, så eg kan gå god for at han er ein stødig og trygg fjellførar :)

Eg kan ikkje skryte av å ha vore på (Hauka)Børa på ski, men eg har i alle fall vore der til fots. Faktisk var det ein av mine første litt større turar etter at fjellinteressa byrja å blomstre :)
Haukåbøra sett frå Haukånipa
2) Nipenatt
Nipenatt er ein klassikar du berre MÅ få med deg! Vi var så heldig å få vere med i 2011, og den turen tar vi gjerne igjen! Heilt fantastisk å vandre om natta på den lysaste tida av året. Konklusjonen var at det måtte vi gjere meir! Mitt blogginnlegg frå denne turen finn du her.

Turen startar i 19-tida om kvelden og tar 7-8 timar. Den startar i Eikefjord og går opp til Hovlandsstølen og vidare til Nipevatnet. Så går du vestover til Flatenipa på 704 moh som er turens høgaste punkt, vidare til Litlenipa og Strandanipa, og til slutt på Hatlesetnipa og ned att til Grov.

Utsikt frå Strandanipa mot Florø og øyane utanfor - ved midnattstider!


3) Lassenipa 
Lassenipa med sine 1024 moh var ein av mine favoritt-turar i 2012, og ein av turane eg kjem til å minnast med stor glede. Turen tar ca. 2-3 timar opp og 1,5 time ned att. Mitt blogginnlegg frå turen til Lassenipa kan du lese her.
Lassenipa (1024 moh)


3 favoritt for små barn i 2013
1) Reksta på langs
Flott tur på ein av øyane utanfor Flora. Høgste punktet på turen er 173 moh, men tippar du får flott utsikt likevel. Turen er stipulert til å vare 3 timar inkl. pausar. Dette er ein tur vi gjerne kan tenkje oss å ta med ungane på :) Ei turskildring frå Reksta på langs, finn du mellom anna ved å klikke her.  

Eli Kristin på bloggen Skorpionens hjørne har eit flott blogginnlegg om tur til Reksta - klikk her

2) Lommelykttur til Mekjevikja
Lommelyktturar er alltid populært, og i Mekjevikja er det flott tilrettelagt med gapahuk der det er høve til å brenne bål og ete niste. 

Skorpionen har vore der fleire gonger, og eitt blogginnlegg frå denne turen finn du her

3) Midtbøstølen
Ein tur i Nordalsfjorden som passar for alle. Følgjer du Flora turlag sin organiserte tur, så vil Josten Midtbø fortelje om stølslivet undervegs på turen. 

Og sjølvsagt har Skorpionen vore også her! Dette er nok ein tur vi fort kan finne på å ta :)

Så om du bur i nærleiken av Flora eller tilfeldigvis er der ved anna høve, så er dette gode turtips å ta med seg på vegen!