tirsdag 31. desember 2013

Romjulsvandring mot Kvanndalen

Målet for jula 2013 var å vere i aktivitet, 
bevege seg litt utandørs, 
få litt frisk luft og aktivitet.
For meg høyrer dette jula til,
likeså mykje som pinnekjøtet og gåvene. 

Det var ingen store ambisjonar om toppturar, 
og været har heller ikkje lagt til rette for at det var særleg freistande.
Men med nokre stølsturar og vandringar i skog og mark,
så ville eg vere godt nøgd. 
Og sjølv om jula 2013 nok er kjenneteikna med regn og mykje vind, 
så har det faktisk vore høve til å kome seg ut også. 

Her er nokre glimt frå romjulsturen i Kvanndalen i Førde: 
Flott å sjå den snødekte Storehesten og Blegja!

Medan parkeringsplassen på Bruland var full av bilar, 
med folk som truleg var på Hafstadfjellet
så fekk eg gå som ei einsam sjel på min veg.
Og det var veldig deilig!

Dess høgare eg kom opp, dess meir snø vart det,
og atskilleg tyngre å gå.
Så derfor gjekk eg ikkje heilt opp til Kvanndalsstølen,
men returnerte og tok turen bort til Masdalsstølen i staden.

Det var faktisk første gong eg gjekk over elva og heilt bort på stølsvollen:

mandag 30. desember 2013

Turåret 2013 slutta (kanskje) med Flatastølen


Medan det nærast var vårleg i Førde sentrum, 
møtte vi til fulle vinteren etterkvart som vi steig opp forbi Legjestølen, 
 og mot Flatastølen på vel 500 moh. 

Ein fin tur på tampen av året!
Mest truleg årets siste tur - eller kanskje ikkje.....???

God nyårsfeiring til alle lesarar!
Takk for turåret 2013!

(Tidlegare tur til Flatastølen, kan du lese om her)

søndag 29. desember 2013

Mostien - der livet står stille

Hva var livet om
vi ikke 
kunne stanse opp 
og kikke.....


Ei relativt regnfull romjul 
er status her i frå Sunnfjord!
Men desto viktigare er det å kome seg ut
og lufte seg litt,
vekk frå matorgie, tv-sjåing og høglydt inneleik!

Dagens tur på Mostien vart ein fredfull tur, 
nærast åleine i eit vakkert turområde, 
lytta til regnet og naturen sine lydar, 
og inspiserte gamalt byggverk både over, under og inni! 

Bli med oss på turen gjennom denne biletserien av mobilbilete:









onsdag 25. desember 2013

1. Juledagstur til Nedrestrandstølen

Mellom all julematen og godteriet, gjer det seg med litt frisk luft og trim! Når vi endåtil var så heldige at det var opplett og tendensar til blå himmel, så måtte vi berre ut på tur!
For no på kvelden pøsar regnet ned igjen:(

lørdag 21. desember 2013

Solsnu - Juletrehogst og bålkos i Jonstadlia

Steffen Ben  bloggar:

Då er dagen komen - den vi alle lengtar mot. 

For i dag ser vi med eitt livet i eit nytt, og lysare perspektiv.
Det er SOLSNU - kl 18.11 i dag --for å vere presis.  Solsnu - dagen som ber lovnad om lys, er komen. 

Og, alt i god tid før klokka var 18.11 denne laurdagen, kunne tre generasjonar glede seg over, også i år, å ha gjennomført dette høgtidssame ritualet, med skogstur og felles hyggje til Jonstadlia i Naustdal.

For opp i skogen her, høgt over Naustdal, fekk vesle Bendik Matias og storesyster Sanna Oliva i dag velje seg, og sage ned eit juletre som er "berre mitt" - foreldra og besteforeldra "sine" juletre, likeså. I år - som i fjor - og åra før det att. Tradisjonen tru!


Lite var det likevel som minte om direkte Julekortstemning i Jonstadlia i år; så og seie heilt snøfritt, 5 grader + og vinddrag gjorde at dei store granene rundt oss sang Julesangar i dur og moll. Men lite snø på greinene, gjorde det desto lettare å finne nett dèt juletreet ein syntest såg finast ut: Det med tettast greiner, med minst krokut stamme, og rett årsvekst.

Etterpå - når juletrea var komne av stuen og dratt til rettes, var det tid for å sette seg ned og nyte roen rundt bålet vi laga til, og hadde fin bålkos: Varm drikke og grilling av pølser og tilbehør måtte òg til. Også det tradisjonen tru. Jammen heldt regnbygene seg vekke når vi satt rundt bålet òg (og nett det, er kanskje ikkje tradisjonen tru!, den siste tida friskt i mente).

Tenk, eitt år sidan sist vi sat rundt bålet her, med fin-fin utsikt ned til Naustdal sentrum og Førdefjorden. Det fin-finaste av alt er likevel å tenkje på:  


At, framleis har vi heile Jula fram føre oss.  Måtte det bli mange små koseturar, her og der.. Men no er det berre 20 minuttar til solsnu - så då skundar eg meg å trykkje på Publish-knappen, og vi er på internettet... 

God førjuls-laurdagskveld..

fredag 20. desember 2013

"Alle trenger et magisk pusterom før jul!".....

heiter det i reklamen for Toro risengrynsgraut! 

Anten ein kallar det magiske pusterom, avkopling, energipåfyll
eller noko anna, 
så er det i alle fall lurt å ta seg ein pause frå førjulsstria. 

Ein av mine pausar blei ein tur på Legjestølen i går: 
Med hjarte for Legjestølen, kaffi og kakemenn - og eit pepparkakehjarte!.......magiske øyeblikk i førjulsstria
Som eg har skrive i tidlegare innlegg, så høyrer det med å ta ein tur til Legjestølen i romjulstida,
og no også i førjulsstria...:)
Været har jo vore heller deprimerande siste tida,
regn, regn, vind, regn, vind, vind og regn.....
Kvar er snøen og julestemninga?
Jo, julestemninga skapte eg for meg sjølv på turen i går,
tradisjonstur og medbrakte julekaker!

Det er ei stund sidan siste tur på Legjestølen,
og vi har vore veldig spente på besøksstatistikken:
Blir det ny rekord for 2013?????
Og eg kan med ein gong seie: JAAAAA! 
Eg skreiv meg inn som nr. 627 i år,
så kanskje vi rundar 650 før året er omme? 
Då slår vi fjorårets rekord med om lag 100!

Det går mot ny besøksrekord på Legjestølen i 2013! 
Eg konstanterte også at det er på tide å leggje ut ny bok for 2014,
berre 5 ark gjenstår på den gamle, 
men den har holdt i 2 år. 
Så i dag må ny bok kjøpast, og vi satsar på ny tur om ikkje så lenge!

Kjekt å sjå at turen til Legjestølen blir meir og meir nytta!

Også på Legjestølen er det gjort klart til den store julenedvasken - grønsåpe, zalo og skurekost ligg klar til den som måtte ha litt tid til overs....;)

søndag 15. desember 2013

Dalsfjordbrua gjev tilgjenge... også til fjella bak!

Steffen Ben bloggar:


For 4 medlemer i familien min - og for over 4000 andre frå fjern og nær som på smidig vis vart Shuttla inn i den nye tunnelen på Nishammaren i Dale i går, der ein høgtidleg seremoni og snorklipping for den nye Dalsfjordbrua stod på dagsorden - vart det ein einaste folkefest som varma heilt inn i hjarterota. For oss 4, og truleg òg  for alle som kunne krype og gå av frammøtte lokale og fjerne heltar med kjensler for Dalsfjorden og folket her - og for frammøtte politikarar og byråkratar frå alle tre styringsnivåa!

Dalsfjordbrua, mellom Nishammaren i Fjaler og Otterstein i Askvoll, er endeleg opna!
D-dagen for Fjaler og Askvoll er eit faktum 14. desember 2013.
Fjellet Fløyen og Heileberget til høgre i biletet
Biletet av brua er teke på ein fjelltur frå Laukeland 13.08, i anleggsperioden, derfor arbeidslys på brua.





































Mange har diskutert det kostnadsøkonomiske reknestykket med ei bru på over 1 milliard her ute ved kysten; det skal ikkje eg gjere. Snorklippinga i går markerte, uansett, 40 års kamp frå ivrige eldskjeler (ikkje alle rakk å sjå sluttresultatet), diplomati og lobbyverksemd, tru som har avløyst vonbrot, lokalpatriortisme på sitt beste - òg ein ekte kjærleik mellom fjalerbuar og Askvoll-folk som ville nærare kvarandre... 

Kjekt å sjå - godt å oppleve og dele - også for oss som kom frå Førde til arrangementet: Med ei mor frå Dale, sjølv er eg døypt i Dalekyrkja - og sonen vår, Bendik Matias på 3 år har namnet sitt etter oldefaren sin i Skaddalen - så var 14.12.2013. ein dato vi for lengst hadde kryssa av for at vi skulle til Dale på! Sjølvsagt var Norges-flagget med!
Formidabel folkefest i ved Dalsfjordbrua i går kl 13; Bendik Matias flankert av farmor og farfar























"Kvar mann, si bru..." (for å skrive om Lars Sponheim litt) 
Den nye Dalsfjordbrua som gjev deg tilkome til andre sida av fjorden, på 1 minutt - ferje og småbåtar er historie - kan tene mange føremål. På ein tur- og fjellblogg som denne, er det sjølvsagt dèt fokuset eg vil framheve her: For - og det er kjempebra - med eitt opnar fjella på Askvollsida (og vice versa) seg for turar på ein mykje lettare måte enn tidlegare.

Personleg vonar eg at Dalsfjordbrua kan lette tilkome til Fløyen (761 moh) og det fantastiske Heileberget som du ser direkte over fjorden frå Dale, og som ligg like opp for brukaret på Askvollsida av Dalsfjordbrua.  Til no har ein vore nøydd i ordne seg båtskyss frå Dale og over fjorden til Fossevika, for så å ta i ferd på den den etter kvart godt opparbeidde stien til topps på Fløyen. 

Dette er ein fin tur i seg sjølv - eller, ein kan halde fram uttetter Heileberget til endes, og så gå ned i Rivedal. Eller ein kan forlate Heileberget, og ta seg nordover og ned til sjølvbetjeningshytta Nipebu (umerkt tur).  Truleg er det enno ikkje laga rås frå Otterstein, der brua kjem over frå Dale, og opp i stinettet frå Fossevika mot Fløyen - men eg håpar at dette blir realisert med det første.
Dalsfjordbrua fotografert på ein fjelltur på Bergsheia i Bygstad 7. august 2013.
Fløyen og Heileberget i midten, Laukelandshesten t.h






















I alle høve er fjella på båe sider av Dalsfjorden - med eit snorklipp - kome mykje nærare kvarandre, til bate for oss som likar fjell, og stadig nye fjell...
I oppsummeringa vår av dei flottaste 10 turane vi vaksne tok i fjor (2012) - så dukkar ikkje mindre enn 5 turar i Askvoll kommune opp! - og der turen opp frå Fossevika til Fløyen og vidare over Heileberget til Rivedal gjekk av med "sigeren" som den flottaste av turane vi gjekk det året.  

Her kjem du til 10-på-topplista vår av turar for oss vaksne i 2012 (2013-lista kjem snart!)

Her ser du turruta Fossevika - Fløyen i 3D:

PS! Ikkjr gløym å gå fjellturar no i førjulstida òg - det er då vi treng dei mest!

lørdag 14. desember 2013

Mor og dotter på tur med hodelykt!

Mor og dotter har utforska skogen med hodelykt i kveld! Kjekt og spanande - og litt skummelt med vinden som tok tak i trea...:)

søndag 8. desember 2013

Ei friluftsbok i julegåve?

Eg er veldig glad i bøker - all slags bøker - og synast det er kjekt å både gje og få bøker i gåver. Derfor er det også naturleg for meg å kome med nokre tips om gode bøker som du/de kan gje i julegåver. Eg kunne gitt gode tips i mange slags sjangrar, men sidan dette primært er ein turblogg, så dreiar tipsa mine seg om gode friluftsbøker. Fordelen med friluftsbøkene er at dei har lang varigheit - naturen endrar seg i sakte tempo - og bøkene kan lesast/sjåast i mange gonger. Så for friluftsinteresserte så er dette supre presangar!

Eg har inntrykk av at mange gjer seg ferdig med julegåvehandelen lenge før desember byrjar, men satsar likevel på at det er nokre etternølarar som framleis har nokre gåver att, og dessutan så kan de jo spare tipset til seinare :)!

Tips til friluftsfamilien: 
"Vill glede" av Mikkel Soya Bølstad

Vill glede over "Vill glede"?
Då eg høyrde at skribenten bak bloggen "Vill Glede" ,Mikkel Soya Bølstad, skulle gje ut bok om friluftsliv med barn, var eg ikkje sein om å sjekke ut om vårt lokale bibliotek hadde bestilt inn denne boka. Og det hadde dei - eg sette meg derfor på reservasjonslista (som førstemann!) lenge før boka faktisk var utgitt. Eg var ikkje sein med å hente boka då eg høyrde den var komen!
Boka "Vill Glede" - bilete henta frå nettsida villglede.no
Mikkel er tobarnspappa, lektor i zoologi, ivrig skribent og fotograf. Han har publisert ei rekkje artiklar i ulike friluftsmagasin, og er også fast skribent i bladet UTE. Og er du fast lesar av dette bladet, så kjenner du nok også igjen ein del av artiklane i boka.

Boka får fram nettopp det som er tittelen på boka - Vill glede - over å vere ute i naturen, kose seg til alle årets årstider og ha det gøy ute med borna. Dette er boka for alle foreldre som likar friluft - anten du er mest glad i toppturar, helst vil telte og fiske ved eit vatn eller berre likar å gå små turar ute i skogen. Her finn du tips til det meste. Mange av artiklane er overnattingsturar anten dei er i telt, under open himmel eller i hengekøye. Boka gir også tips til foreldre i tidsklemma om korleis ein kan få til lågterskelturar i nærmiljøet. Boka er også krydra med masse faktastoff for korleis du skal få til vellukka turar, m.a. tips til val av klede, korleis du skal fyre opp bål, pakkeliste, skitips til barn, mat på tur osb.....- noko som alltid er greitt å vite.

Men det eg likar aller, aller mest i heile boka er familien sitt manifest for godt friluftsliv: 
Vill Glede sitt manifest for godt friluftsliv (bilete henta frå Villglede.no)
Familien stilte seg spørsmålet: Kva er eit godt liv? Kva er eit godt friluftsliv? - og manifestet er svaret på desse spørsmåla. Plukk ut dine favorittar - eg slit litt med å velje, men desse kjem nok høgt på lista:

  • Prioriter livskvalitet framfor levestandard!
  • Drøm stort, lev smått!
  • Gi små barn eit stort hjerte for friluftsliv!
Er du frilluftsinteressert og har barn - ja, då er det all grunn til å danse av Vill Glede om du får denne boka under juletreet! :)

Tips til friluftsungdomen:
"Villmarksjenta" av Maria Grønntjernet

Har du ein frilluftsinteressert ungdom i huset? Er ungdomen attpåtil ei jente? Ja, då er dette boka du bør kjøpe til henne:
Boka "Villmarksjenta" (bilete henta frå www.harvest.as)
....og er du verken ungdom eller jente, men litt friluftsinteressert, så er boka uansett veldig kjekk og inspirerande lesnad!

Sommaren 2012 gjekk Maria, som då berre var 16 år, Norge på tvers - frå svenskegrensa til Vestkapp. Ho brukte 50 dagar på turen, og dette er dagboka frå denne turen. Utdrag frå boka kan du lese på nettsida Harvest.as. Boka er ein flott kombinasjon av personlege opplevingar og komplette turtips.

Noko av det som imponerte - og inspirerte - meg med boka er at Maria er svært open om kjenslene sine undervegs på turen. Vi skulle gjerne tru at ei jente som utfører slike turar, er ei knalltøff jente som ikkje er redd eller engsteleg for noko som helst - men tvert om: I boka skildrar ho fleire opplevingar der ho utfordrar seg sjølv til det yttarste - å ta seg over snødekte fjell i tåke der du veit du truleg ikkje vil sjå eit menneske på mange timar, å gå gjennom mørke tunnellar, sove åleine ute i telt obs. Eg synast det er utruleg flott at ho viser at ein treng ikkje å vere noko supermenneske for å utføre slike turar - og som ho sjølv skriv det:
"For et år siden kunne jeg ikke sett for meg dette.
Da var jeg jenta som var redd for store dyr, mørket og alt det ukjente"

"Jeg føler meg ufattelig liten her jeg står i disse enorme naturomgivelsene,
og enda mindre når jeg krysser ferske spor etter moskus"

"Om man vil bli kvitt sine redsler, må man møte det man er redd for"


Tips til friluftsentusiastane
- og gåver som hamnar under vårt eige juletre :)
Dei to siste boktipsa, er bøker som mest sannsynleg blir å finne under vårt juletre, og derfor har eg med vilje ikkje lese dei. Desse to bøkene skal vi kose oss med i romjula, og derfor må eg her basere med på det som er av "reklame" for desse bøkene: 

"Sjelebot; 33 tur- og naturperler i Hordaland og Sogn og Fjordane" av Knut Langeland

Forlaget si omtale av denne boka gjer jo at du berre føler at du MÅ ha denne: 
SJELEBOT er ei turbok som kan fortelja deg kvar du bør dra. Men aller mest er det ei turbok som ønskjer å formidla at du må dra. At du ikkje må sitja stille i livet og la høvet gå frå deg. Det er ei turbok som spreier kunnskapen om det nære, som løfter fram Vestlandet og dei vestlandske kvalitetane, og som hjelper deg å finna fram til naturperlene i nabolaget. Dei som vi så lett gløymer og overser når verda blir lita og turmåla helst skal vera fjerne.
SJELEBOT viser veg til desse plassane, til desse turane. Somme kjende, somme ukjende og bortgøymde. Med sin særeigne forteljarstil maler Knut Langeland bilete og formidlar stemningar. Saman med naturfotografen Helge Sunde viser han kor snublande nær oss det eksotiske kan liggja.
Boka inneheld 33 turar, fordelt året rundt, til fots, på ski eller med kajakk. Dei fleste turane er frå fjellheimen bergensarane elskar: Stølsheimen, Vossefjella, Kvamfjella, Bergsdalsfjella og Byfjellene, men vi blir også med til Skåla i Nordfjord i nord og til Folgefonna i Hardanger i sør.

Så vi satsar på at denne boka verkeleg held det den lovar - og gjev Sjelebot!

Siste boktips er: 
"Toppturar i Sogn" av Bjørhusdal, Haslestad og Vereide

Denne boka står sjølvsagt på ynskjelista fordi den omhandlar turar i mitt fylke. Boka er blitt utruleg populær på kort tid  - særleg blant skientusiastar. Slik vert boka omtala: 


Toppturar i Sogn er ein skiførar til 69 fjell i områda Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane. Sogn har dei siste åra blitt kjend som eit skiområde i verdsklasse for den som er i stand til å ta seg til topps for eiga maskin. Her finn du alt frå spektakulære tindar til botnlaus puddersnø.

Boka er delt inn i tre hovudområde. Sogndalsdalen og Fjærland er heimebana for det sterkt veksande skimiljøet i Sogndal og bygdene rundt. Snømengdene er store og stabile, og nedbøren kjem gjerne med mindre vind enn det ein er van med i andre delar av landet. Mange stader er det gode tilhøve for skogskjøring, og det er gode grunnar til at Sogndalsdalen er laussnøbikkjene sin favoritt.

Hurrungane er det ikoniske fjellområdet lengst vest i Jotunheimen, mest kjend for klatreklassikaren Store Skagastølstind. Fjell som Store Ringstind, Fanaråken og Nordre Dyrhaugstind er høge, majestetiske og klassiske vårskiturer. Toppane er tilgjengelege for dei fleste toppturentusiastar. Men her finst også stupbratte renner og flankar som berre kan tilrådast for dei mest erfarne, som den karakteristiske renna på Austabotntind.

Mellom desse to mest kjende områda finn vi Jostedalen. Det store og vide området ved
Jostedalsbreen, der ein skientusiast kan finne alt ein kan draume om. Her er høge toppar, brear, bratte renner og herleg skogskøyring. Jostedalen er framleis forholdsvis lite besøkt av andre enn dei lokale toppturfolka, som truleg er blant dei i Noreg som har tilgang til mest nyfallen nysnø kvar einaste vinter.

Toppturar i Sogn er ein unik vegvisar til desse tre områda. Alle turane er detaljert skildra med ruteinnteikningar på flyfotografi. Til kvar enkelt del følgjer eit kart med oversikt over toppane. Boka er rikt illustrert med 160 turbilete i tillegg til flyfotografia. Toppturar i Sogninneheld óg kapittel om skihistorie, skred, vêr og tips for turar på vårsnø.

Vi gler oss til denne boka - og har du fått nokon gode tips i dette innlegget, så løp og kjøp (eller kanskje rettare sagt: klikk og kjøp!)

Vil også minne om eit par boktips eg har blogga om tidlegare: 
Og klikkar du på etiketten "Bøker" på lista i venstre spalte på bloggen, så finn du fleire boktips!

lørdag 7. desember 2013

OPPSTRYN (3): Under brefall og stupbratte fjell på Vetledalsseter og Infimus

Steffen Ben bloggar:


Etter mykje vêr den siste tida - med regn, blest, pluss og minusgrader i jamn veksling, ras, springflod, avblesne hustak, snøkave og smadra bilar - så er det greitt å minne om at slik har det heldigvis ikkje vore i heile haust! For slikt vêr går nemleg lett ut over frekvensen på trim og fjellturar - men gjev ro til å blogge om alle turane vi har teke i år som framleis står på vent for presentasjon her på bloggen. Bileta på PC-en min minner meg om at eg for kring to månader sidan hadde ei tredagars turvandring i Oppstryn, i Stryn kommune. Dette er det tredje og siste innlegget frå denne vandringa - og då var det ypparleg haustver!!! Så sett deg godt til rette med kaffikoppen din no, og nyt vakre Nordfjord, og gled deg til våren att:

***

Lei av å gå i kø på kjende turistmål i Rondane, Hardangervidda eller Jotunheimen,  eller å møte overfylte DNT-hytter når du skal inkvartere deg etter ein strabasiøs dagstur? Eg veit råd!: 
I Erdalen, i Oppstryn, er det flusst med plass når du trakkar med tursekken din på god sti innetter den vide, idylliske stølsdalen.  Kanskje får du  jamvel den intime, nyvølte DNT-hytta Vetledalsseter  heilt for deg sjølve for natta. Hytta innbyr til ro og ettertanke, der den ligg beskytta under den breie skjørtkanten på fjellet Strynekåpa. Det du heilt sikkert får om du tek turen hit, er storslagen norsk natur, kanskje utan sidestykke! Svake ord om sterke, uforgløymelege naturopplevingar...

Stemninga er sett: Klårt haustvêr - sterke fargar - vill natur - ein fjellgåar med god tid -
og èi lun turlagshytte - og èi spetakulær naudbu - som båe ropar: VELKOMMEN HIT!
Attersyn frå Erdalen i retning Erdal (bygda Flo på andre sida av vatnet) 

Les dei andre 2 blogginlegga mine frå tredagars-opphaldet mitt i Oppstryn i haust:



I retning frå Stryn køyrer du mot Strynefjellet. Når du har passert Nasjonalparksenteret og er komen opp til austre enden av Oppstrynsvatnet, er du komen til den vesle grenda Erdal. Her tar du av frå hovudvegen mot høgre, og følgjer grendavegen innetter dalen; du passerer fleire ferme gardar. Etter kort tid må du gjere eit val; anten parkere bilen på den tillaga parkeringsplassen på høgre sida av den asfalterte vegen på Greidung - eller, som eg gjorde - halde fram med bil vidare innetter dalen, etter kvart over på grusvegen (bompengar) som slyngjer seg slakt oppover mot fronten på ein forhøga avsats på dalbotnen. Slik vinn du litt høgd med bil, om du ynskjer det. Ved vegs slutt, må du parkere, og då er det berre å ta føtene fatt på god fot- og krøtertrakka sti.

Grenda Erdal i Oppstryn. Her på veg inn bygdevegen mot Greidung og vidare til Hesthammaren der eg parkerte.
Når det er sagt, så blir du slett ikkje utmatta av avstandane du må gå om du jamvel startar heilt nede ved hovudvegen i Erdal - barnevenleg tur med andre ord. Det som kanskje i staden gjer deg matt, er den vakre naturen.... 

  • Frå hovudvegen i Erdal til parkeringsplass på Greidung; 3/4 time
  • frå Greidung til Vetledalsseter, vel 2 timar å gå
  • Frå enden av bomvegen på Hesthammaren - Vetledalsseter, 1 time
  • Vetledalsseter - Infimus, 1 time.

Ved ERDAL tar du av frå hovudvegen over Strynefjellet og til høgre (frå Stryn)  på bilveg,
seinare smal, men god traktorveg (bomveg) innetter Erdalen . Så oppetter
til reset Hesthammaren, innanfor bebyggelsen i Erdal. Herfrå til fots - først til
  Storesetra - så til DNT-hytta Vetledalsseter.
 Neste dag vidare opp til Nødbua Infimus ved foten av Erdalsbreen.


"We do not take pictures with our cameras, but with our hearts and minds"                                              (Arnold Newman)

Start ved Hesthammaren - via Storesetra - til Vetledalsseter:
Stien syner godt i terrenget etter folk som går til og frå dei to stølane i Erdalen, Storesetra og Vetledalsseter, og frå klauvdyr som beiter og er viktige krigarar i kampen mot attgroing av vegetasjonen. 

Stien går i dalbotnen i svak stigning innetter dalbotnen. Fjellbjørk truar med å overta den opne dalen.  På båe  sidene av dalbotnen, som går i vest-aust-retning, er fjella ville; på sørsida er fjella prega av glatte svà..









Storesetra (385 moh):
Første stopp er Storesetra og den irrgrønne stølsvollen. Fjellet bak til venstre, med vid skjørtekant, er Strynekåpa (1530 moh). Turmål neste år, kanskje...









Storesetra har over 10 bygningar og ligg vènt til midt i Erdalen. Strynekåpa bak til høgre.

Haustens purpurfarga fargeprakt... i djup kontrast til Mor Norge's gråstein på neste bilete (... og den kvite snøen utanfor vindauget ditt i dag...)


Flott vørdsla steinsel på Storesetra. Det er steinsel på både på Storesetra og Vetledalsseter.
Strynekåpa bak til venstre.



VETLEDALSSETER (525 moh):
Framme ved dagens overnattingsmål. Vetledalsseter med DNT-hytta (raud), like under foten på Strynekåpa (bak t.h)

4-5 bygg står på stølsvollen på Vetledalsseter

Vetledalsseter er nettopp ei gamal seter, og  den raude hytta på biletet over er ei gamal bu som vart flytta frå Hjelle nede i dalen, og oppattbygd her i 1924. Hytta har så gradvis fått endra funksjon, til ho til slutt vart reindyrka som ubetjent turlagshytte, då Indre Nordfjord Turlag i 2010 gjorde formell avtale om bruk av hytta. 

DNT-hytta har overnattingsplass til 6-10 personar; som så langt kanskje har vore best kjend som eit kjærkome krypinn for turfølgje  på veg til/frå turar på breane i området, og treng ly for natta etter ein lang og strabasiøs tur. 

På den grønmåla veggen i stova i hytta på Vetledalseter kan ein lese om opphavet til, og bruken av hytta, frå 1924 og fram til 2010 då hytta fekk status som ubetjent DNT-hytte - til glede for deg og meg som turgåarar!





Vetledalsseter - gamal bu flytta hit frå Hjelle i 1924


Ein ny turgåar - den einaste her denne natta - skriv seg inn i hytteprotokollen på DNT-hytta Vetledalsseter. Protokollen røpar at det er godt om plassen gjennom året. 

Vetledalsseter er eit ypparleg turmål for folk med barn som vil ha seg hytteovernatting, då gåavstanden er høveleg. Hytta er utstyrt med det aller mest nødvendige av proviant for å få seg eit varmt måltid på to-blussaren på kjøkkenet. Hytta har to vedomnar og ein har greidd å ta godt vare på sjela til bua, når den no er blitt restaurert av turlaget! Takk!!



Lyst og triveleg i Stova på Vetledalsseter. Ei enkel seng her i stova, nær ovnen, om ein er åleine. Soverom på hemsen
Dikt på hytteveggen

Lite, historisk kjøkken med ein toblussar og vedomn  til å lage
 seg kaffi og middag - og med vindauge med finfin utsikt til fjella ikring.
Mat er utlagt for sal.

















































Ny dag - nye naturopplevingar: 
Vetledalsseter - opp Stordalen - til naudbua Infimus ved Erdalsbreen

Etter ei god natts svevn - med fullmånen skinande inn dei høge vindauga i stova, god drikke i kruset mitt på bordet - og eit symbolsk ilegg i vedaomnen om natta, for riktig å kunne krøkje tærne og kose meg der eg låg i soveposen min  på divanen mutters åleine, var eg klar til nye naturopplevingar og fotoutfordringar neste morgon! Klar som eit egg for meir av det ukjente, meir av alt det vakre eg hadde opplevd i går, og dagen før det att, her i Oppstryn....


Indre Nordfjord turlag disponerer ikkje berre èi, men to hytter, med få kilometers avstand, her inne i Erdalen.  For litt lenger aust, opp Stordalen og lags det mykjeseiande namnet Ulvestien, ligg nok eit spanande og opplevingsrikt halvdags-turmål, Infimusei nødbu heilt oppe ved brekanten ved Erdalsbreen. 

Turen frå Vetledalsseter til Infimus er noko meir krevjande, og høver nok best for litt større barn som er vane med å gå i småkuppert terreng. Stien mellom Vetledalsseter er T-merka då det kan vere dårleg sikt her, og ikkje alle stader det er like lett å sjå kvar ein skal gå - og den er også skildra i boka Opptur Sogn og Fjordane.


Vetledalsseter vert helsa farvel for nokre timar!






Frå DNT-hytta på Vetledalsseter var dagens
turmål vidare innetter og opp Stordalen til Nødbua Infimus,
i retning bak den raude turlagshytta






Like aust for Vetledalsseter går ein over ei bru, og kan "ta" i Strynekåpa. T-merking denne delen av ruta.








Etter å ha gått  ei kort tid, byrjar ein på stigninga oppetter sida, i retning vatnet vedf Erdalsbreen og nødbua Infimus








Attersyn mot Erdal (nedst i dalen), og Vetledalsseter (bak treet)









I det fjerne ser ein brearmen til Erdalsbreen. Naudbua Infimus oppe på res-kanten i front av breen.



































INFIMUS - DNT-nødbua ved Erdalsbreen : 

Kring ein times gange etter Vetledalsseter er ein komen opp på res-kanten der naudbua ligg. Hytta er ei tidlegare NVE-hytte, bygd i 1967, no overtatt av Indre Nordfjord turlag, og fungerer som naudbu/sikringsbu for fjellfarande. 

I alt tre slike hytter vart bygde i Juni dette året: Infimus her ved Vetledalsbreen. Ei ved brekanten på ryggen aust for Strynekåpa. Denne fekk namnet Optimus. Og ei ved Erdalsbreen. Denne vart kalla hytta ved Erdalsbreen. I dag står berre Infimus att.

Les meir om den spanande historia til desse tre hyttene, her Infimus.  Takk òg til  hyttekomiteen for Infimus som held hytta i så god stand: Arne Heggestad og Hans Støle.



Infimus er bygd for å tåle vind og snølast




































Hytteboka på Infimus røper at litt folk går hit.







Den uynskte heimreisa...:
Det er blitt ettermiddag og på tide med retur attende, først frå Infimus til Vetledalsseter for å hente den store tursekken eg har sett att der frå overnattinga. Derfrå ber det heimover; først via Storesetra til bilen på Hesthammaren i Eerdalen. Så ned til Erdal...og så 2 timars biltur attende til Førde. 

Tre dagars oppdagingsferd i Oppstryn er over, minna er mange, 1000 bilete er tekne - og lysta til å kome att er stor.