fredag 30. november 2012

Flott bloggomtale frå Skorpionen's hjørne:)


Eli Kristin som har bloggen Skorpionens hjørne, var ein av dei heldige som vann Give Away'en min. Ho har gjeve boka  og bloggen min hyggjeleg omtale i dette blogginnlegget: ✰ Skorpionen's hjørne: Stig ut i naturen!

Kjekt at boka falt i smak - og kjekt at bloggen min blir satt pris på :) Eli Kristin har også mange fine tips til turar i Florø og omegn under etiketten Fjelltur.

Det er meldt godvær i helga og heile neste veke - så det er berre å kome seg ut og nyyyyyyyte!

Ha ei fin 1. adventshelg - med eller utan fjelltur!

torsdag 29. november 2012

Seinhaust på Jonstadstølen

Vi brukar vanlegvis å stenge stølen for vinteren i løpet av første halvdel av oktober. Etter dette, er alle turar vi får på hausten å rekne som bonusturar. Når vi køyrer til parkeringa i Reiakvamsløken, er det høgste punktet på vegen om lag på 600 meters høgde, så det kan bli tidleg vinterstengt. Med eit stort snøfall i oktober, såg det skummelt ut for fleire stølsturar i år. Men heldigvis (for oss), så må vi no opp i ca. 700 meters høgde før vi kjem i snøen, så då fekk vi sjansen til ein flott stølstur på søndag. Det har dessverre ikkje blitt så altfor mange turar i år, så det var kjekt å få seg ein tur no på tampen av året. Og kven veit - kanskje det byr seg nokre sjansar i desember også?

Med berre minstemann med i turfølgjet denne dagen i lag med oss vaksne, vart det ein relativt fredeleg tur. Fint å gå i terrenget når det er lett frose i myrane, lauvet er vekke frå trea og du ser ting på ein heilt anna måte enn på våren/sommaren. Sidan det truleg ville vere like kaldt inne i selet som ute, så kosa vi oss på steinbenken ved selsveggen - med restar etter heimelaga pizza og kaffi.

Jonstadstølen har eg skrive om fleire gonger før: I juli 2008, Om vinterstenging i oktober 2010 og Bendik Matias sin første stølstur i juni 2011. Så denne gongen lar eg først og fremst bileta tale for seg:








søndag 25. november 2012

Vår første geocach!

Haugumkletten med Hafstadfjellet i bakgrunnen
I går tok eg og Sanna Oliva oss ein tur på (Haugum)Kletten. Det er ein liten topp rett ved her vi bur, og ein passeleg tur for små føter til å trene seg på å gå i ulendt terreng. Kvar gong vi går her, lurer eg på kvifor vi ikkje brukar dette området meir? Her er det faktisk utruleg mykje spennande å utforske undervegs - og derfor veldig, veldig kjekt for dei små. Turen opp gjer du unna på 10 minutt, så det er ingen lang tur - og passar derfor veldig godt i 2-4 års alder. Men også for større born er her mykje spanande å utforske!

Vi hadde primært to formål med turen vår: Kome oss ut å lufte oss litt/vere litt i rørsle og kaste 2 smokkar som Sanna Oliva fann i ei korg. Det er no ei stund sidan smokkane vart kasta for godt - dei havna i elva og er no truleg i magen på nokre fiskar. I alle fall er det det vi trur - og kanskje vi finn dei igjen neste gong vi har fiska og skal sløye fisken....:) Men vi hadde lagt til sides eit par stykker, sånn for sikkerhets skuld og i all løyndom - og desse fann ho i går. Så då var det om å gjere å kvitte seg med dei før uvanen brått blei etablert på nytt!

Heilt i starten av turen til Kletten, kan du ta turen innom ei hole. Du kan faktisk gå eit godt stykke inn i den, så lommelykt er naudsynt om du ikkje vil famle i blinde. Innerst i hola er det laga til steinbenkar og bord, og vi såg mange restar etter telys frå folk som har tilbrakt tid her. Eg og Sanna Oliva fann ut at her må vi gå bort ein kveld og ta med oss lommelykt og telys, og kose oss med kveldsmaten. Noko som har lyst til å vere med? Førjulskos med pepperkaker kan jo vere eit alternativ :)


Vi gjekk vidare oppover stien, som byr på passeleg store utfordringar for dei små - litt lett bortover, litt plankar å balansere på og rekkverk til å støtte seg på i dei brattaste partia. Sanna Oliva hugsa frå tidlegare at det er sett opp ein del fuglekassar i trea, og ho leitte etter dei på turen oppover.

Vel oppe på toppen, får du faktisk ei flott utsikt over Førde sentrum, og du ser rett på Hafstadfjellet.

Vi gjorde oss klar til smokkekasting. Eigentleg så lurte vi på om vi skulle etablere eit smokketre, men Sanna Oliva ville kaste dei i staden. Etterpå såg vi faktisk at det hang ein smokk i eit tre der - men det er nok nokon som berre har mista den.

Klar, ferdig, kast! Og laaaangt der ned havna den!
Vi hadde også med oss såpeboblar som vi blåste ut på toppen:

Det er fleire stiar til toppen, og på returen gjekk vi derfor ein annan sti fordi det langs denne stien er etablert gapahuk, disser og balansestokkar. Like etter at vi starta på turen ned att, oppdaga Sanna Oliva brått ein matboks inni ei lita hule. Og då kom ho mor på det: Det skal jo liggje ein Geocach på Kletten - og det var den vi fann - heilt utan GPS!!! Geocaching er forenkla sagt ein slags orienterings-skattejakt ved bruk av GPS der du leitar etter utlagte turboksar. Meir om informasjon om Geocaching finn du på Wikipedia. Ein oversikt over geocachar i Førde og omegn, finn du på denne sida.

Vi har fleire gonger tenkt vi skulle gå på leiting etter slike geocachar, men det har førebels blitt med tanken. Men no har vi altså funne vår første. Vi hadde ikkje planlagt å leite etter denne, så vi hadde eigentleg ikkje med oss noko i byte - meg eg ofra nøkkelknippet mitt slik at Sanna Oliva kunne ta med seg ein bokstavmagnet - ho valde bokstaven E.

Vi fann, vi fann - vår første geocach kan loggførast!

Så vart det nokre rundar på dissene og balansestokkane, før vi gjekk heim att.


Og at det hadde vore ein tur full av opplevingar for småjenta, fekk eg høyre då ho skulle leggje seg. Eg masa om at ho måtte leggje seg ned i senga (ho sat), og ho svara då:

"Eg er så sliten for eg har vore så masse på tur i dag. Så eg får ikkje til å sove...."

søndag 18. november 2012

Ja, takk - begge deler: Moldurda (837 moh) og Dokka (756 moh)!


Dokka (756 moh) sett frå Ringstad
Ein av hausten sine vakraste fjelleventyr fekk vi i Askvoll, nærare bestemt Moldura og Dokka, med start i Holmedal. Begge toppane var førstegongsbestigning for vår del, og turar som vi har hatt på lista vår lenge. Då er det ekstra kjekt når det blir realitet og det klaffar med fantastisk flott vær!

Utgangspunktet vårt var turskildringa til Dokka som står i "Opptur Sogn og Fjordane" turnr. 17-05. Der startar turen til Dokka frå vassverket ovanfor garden Fossheim, ca. 2 km nord for Holmedal. Samtidig såg vi på kartet at også Moldura var fullt mogeleg å gå frå denne sida. Dermed bestemte vi oss for å prøve oss på begge toppane på same dag. Vi hadde ikkje noko turskildring for Moldura, ut i frå kartet rekna vi med at vi greitt skulle finne ein veg til toppen.

Skogsvegen mot Nyksvatnet - vi ser mot Moldurda
Ved vassverket på Fossheim, var det god plass til å parkere. Der sto det skilta til Nyksvatnet, og vi følgde den skogsvegen oppover. Ca. 5 minutt etter at vi starta, møtte vi eit par på veg ned att. Vi spurde dei om det var noko merkt eller tydeleg sti til Moldurda, og det var det. Dei sa vi skulle følgje skogsvegen/stien opp til Nyksvatnet (458 moh), og rett før vatnet gjekk det ei merka rute til høgre mot Moldura. På veg opp til Nyksvatnet, passerte vi Vikastølen.


Brua ved Vikastølen - Dokka i bakgrunnen
Og vi trengte slett ikkje å bekymre oss for å finne vegen, for det var god merking og tydeleg sti. Merkinga var trepinnar med raudmaling på, og vi kunne gå mest utan å tenkje på kor vi skulle ta vegen. Terrenget er lettgått med jamn stigning, så du stig raskt oppover. På veg oppover ser du til både Holmedalsstølen og Hålandsstølen.
God merking gjorde det enkelt å gå - vi er på veg oppover til Moldurda
Omlag halvvegs opp til Moldura frå Nyksvatnet, kom vi til eit stidele der det var merka Moldura i båe retningar, men der den eine ruta var merka "lett rute" og den andre "tung rute". Vi valte den tunge ruta då vi rekna med at det var ein kortare veg til toppen, om enn noko brattare stigning. Men det var relativt overkommeleg stigning også på den "bratte" ruta, så ein skal ikkje vere redd for å velje denne. Og før vi visste ordet av det, så var vi på toppen av Moldurda! Sidan Moldurda er er den høgaste toppen i dette fjellområdet mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, så er utsynet vidt i alle retningar.


Alden er ei lett gjennkjenneleg landemerke!

Ved ein av vardane på Moldurda



Vi tok turen midt i oktober, og sjølv om det var strålande vær, så var det kald vind, og det freista ikkje med noko langvarig stopp på toppen. Det var i grunnen berre å setje kursen ned att og mot neste mål: Dokka.

Dokka sett frå Vikastølen
På retur frå Moldura gjekk vi same veg attende til Nyksvatnet som den vi gjekk opp. Nede ved Nyksvatnet var det nærast vindstille, så vi tok oss ein liten matpause ved hytta som ligg der.

Dei to hyttene ved Nyksvatnet (øverst) og hytta ved Vikastølen (nederst)

Nyksvatnet

Ved Nyksvatnet - Dokka i bakgrunnen
Ved hytta og over demninga, var det lett å sjå dei raudmerka trepinnane som viste vegen mot Dokka. Også her var det tydeleg sti, og moderat og jamn stigning gjorde det lett å gå - ja, det var nesten så vi flaug bortetter....;) Og når ein berre kan følgje stien utan å tenkje seg meir om, så kan ein verkeleg nyte turen til fulle!

Og om vi var nøgde med utsikta på Moldura, så vart vi endå meir betatt av utsikta vi fekk på Dokka! Den var rett og slett storslagen: Austover ser vi fjellområda mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, Dale sentrum kjem til syne, samt Flekkefjorden, Lihesten og øyane i Solund i sør, havranda i vest og oljeplattformene kunne sjåast med det blotte auget, Askvoll, Atløy og vidare nordover langs kysten. Og med ein rasteplass i ly for den verste vinden, kunne vi sitje og kose oss ei stund med resten av kaffien, nista og sjølvsagt sjokoladen!

Flott utsikt frå Dokka

"Ørna tek ikkje ungar!"

På veg ned fjellryggen frå Dokka
 - vi ser innover Dalsfjorden
Returen frå Dokka hadde vi planlagt å ta slik turen opp er skildra i Opptur-boka. Det vil seie å gå langs fjellryggen ned mot Fossheim. Vi fann ikkje noko tydeleg sti, men den var å sjå her og der. Så vi følgde den delvis nedover, men valte å setje kursen meir i retning Nyksvatnet etterkvart, slik at vi kom ned att på skogsvegen rett nedanfor Vikastølen. Deretter følgde vi skogsvegen attende til bilen.

I Opptur-boka er turen til Dokka skildra ved at ein går fjellryggen oppover, og at det er ein jamn bratt stigning oppover, men utan klyving. Vegen om Nyksvatnet er omtala som ein noko mindre bratt rute opp. Vår erfaring er at turen opp fjellryggen nok kan vere ei nokså tung rute, særskilt sidan det også er vanskeleg å finne stien. Og sjølv om du har flott utsikt over Dalsfjorden når du går fjellryggen, trur vi at dei fleste vil ha størst glede av turen ved å velje ruta om Nyksvatnet. Denne vil opplevast som lettare og enklare å gå. Utsikta får du uansett når du når toppen!

Og til sist: Her er det små avstandar mellom fjelltoppane, så kombinasjonen Moldurda - Dokka på ein og same dag er fullt mogeleg å klare - utan at du treng å vere i noko toppform for å klare det! Så vi seier berre: Ja takk, begge deler!

Turfakta:
Samla effektiv gangtid: ca. 3 timar
Total distanse: 10,6 km

Effektiv gangtid på dei ulike delmåla:
Fossheim - Nyksvatnet: ca. 25 minutt
Nyksvatnet - Moldurda: ca. 40 minutt
Nyksvatnet - Dokka: ca. 40 minutt
Dokka - Fossheim: ca. 40 minutt



Kartutsnitt over området - henta frå www.ut.no
Skribent: Liv Janne
Fotograf: Steffen Ben :)

torsdag 15. november 2012

Skålefjellet og Espenipa (751 moh) frå Erdalsdalen



Gjestebloggar Steffen:
Då "eigaren" av denne bloggen var oppteken med andre gjeremål og ungane var på utlån, fekk eg høve til ein fjelltur åleine. I tillegg fekk eg æra av å skrive ein epistel på bloggen frå dette fin-fine, men underforbrukte turområdet, berre minuttar med bil frå Førde.

Erdalsdalen er ein ypparleg startstad for ulike småturar på 1-4 timar. For nord for Erdalen er det fleire mindre hengjedalar. Dette er dal-idyllar med fine småfossar, i alt 4 ulike stølsområde som alle har bygningsmassar, gode fiskevatn og fjelloppar som gjev fint utsyn. Særleg vestover Førdefjorden, men også mot Naustdal, og i sør mot Førdsnipa. Det er bra utbygd stinett her, om enn noko utydeleg grunna lite bruk, og terrenget er relativt lettgått og sjølvforklarande. Terrenget er likevel noko myrete, så det gjer seg med godt fottøy.
Turen eg omtalar i dag, til Skålefjellet/Espenipa, går gjennom den vestlegaste av hengjedalane på nordsida av Erdalsdalen. Denne turen er merka med lilla farge på kartet over. Eg har dessutan teikna inn fleire andre aktuelle turar vi har teke før - og som vi vonar kan inspirere – merka med gult og lyseblått, men som ikkje er omtalt nærare her.

Slik finn du fram:
Frå Førde køyrer du vestover langs fjorden mot Naustdal, og etter 4 km kjem du til Erdal. Her tar du av til høgre og køyrer opp i ERDALSDALEN. Etter eitt minutts køyring opp svingane frå hovudvegen kjem du opp til inngangen til den flate dalbotnen. Du parkerer straks, på første velteplass på venstre sida av vegen, ved ei lita bru. Du går over denne brua i retning innover dalen, og berre få meter etter brua tek du til venstre og inn på og til venstre over eit dyrka jorde. Du går over nok ei lita bru over ei elv som kjem ned frå dalen du skal opp i. Gå over brua og ta til høgre og ta peiling inn i eit granfelt langs med Løypingselva.

Her byrjar stien, som er litt vanskeleg å halde då stormen Dagmar har medført mykje trefall i granfeltet. Hald rett fram gjennom feltet, parallelt med og kring 10-15 meter frå elva, og oppover skråninga. Stien blir tydelegare etter kvart. Stien opp til første delmål på veg til Espenipa – Kloppstadstølen – går heile tida på venstre sida av Løypingselva.

Etter å ha vunne høgdemeter og sikksakka oppover dalsida, flatar det etter kvart ut – og utsynet bak deg og ned at til hovudvegen i Erdalen og vidare ut Førdefjorden opnar seg, og er ei fin skue. Her, ved inngangen til denne hengjedalen i retning nordover mot Kloppstadstølen går stien tidvis like bort til Løypingselva. Her er det fint å gå; slakt terreng og fleire småfossar som buldrar frå elva som renn gjennom dalen med glisen furuskog. Men altså: Gå heile tida på venstre side av elva.

Etter å ha følgt stien langs med elva nokre minuttar til, openberrar snart Kloppstadstølen seg. Stølane er viktige kulturberarar, og dei er alltid kjekke å kome til som eit turmål i seg sjølve, eller som rasteplass på vegen mot eit anna reisemål – slik som i dag.
Frå Kloppstadstølen ser du opp mot Skålefjellet

Frå Kloppstadstølen, på baksida av sela, ser vi no rett på Skålefjellet. Espenipa er meir gøymt enno. Stien vidare frå Kloppstadstølen i retning Skålefjellet er ikkje særleg tydeleg, men gjev seg mykje godt sjølv:. Følg botnen vidare innover på same kurs du har fått fram til stølen. No byrjar terrenget å stige att, men ikkje meir enn at det er lett å gå her – om ein held unna at myra nok dreg noko…. :)

Etter å ha halde same rette kurs nordover opp dalbotnen, ser du etter kvart ein avrunda fjellrygg til venstre med ein stor markeringsvarde på. Denne ryggen kan du ta bort på frå dalbotnen, og runde meir vestover og opp på det flate partiet som namnet Skålefjellet med rette syner til. Frå Skålefjellet er det fin utsikt ned på vegen opp til Kloppstad og bossanlegget på Einestølen – og ikkje minst kunne følje Førdefjorden forbi Naustdal og ut mot Heilemassivet med auga. Det tar ikkje lange stunda å gå vidare bort til neste fjell; varden og boka på Espenipa har berre få høgdemeter meir enn Skålefjellet. Frå denne varden ser ein m.a. ned i Åsedalen og fjella i Naustedalen.

Utsikt utover Førdefjorden


Frå Espenipa ser vi ned i Åsedalen
Returen frå Espenipa gjekk mest same vegen attende som opp. Men i staden for å gå attende om Skålefjellet, tok eg ein meir direkte sørleg kurs mot nedre delar av ryggen eg gjekk på veg opp på Skålefjellet. Derfrå følgde eg dalbotnen ned att til Kloppstadstølen og same sti derfrå langs Løypingselva til bilen i Erdalsdalen.

Turfakta:

Avstand: 7,3 km, i følgje GPS’en

Effektiv gåtid: 2-2,5 time







Utsikt mot Førdsnipa