søndag 30. september 2012

Haustdans ved Botnavatnet


"Vil du være vennen min, kom og gje meg klemmen din!
Trallala, trallala
Vil du være vennen min, kom og gje meg klemmen din!
Trallala, trallala
Boga boga boga boga, jeg vil være venn med deg!"

....syng vi medan vi trampar og dansar på nokre steinheller ved Botnavatnet. I glede av å vere ute, sola skin, vi kosar oss, laurdagsgodt, heile familien på tur - og ikkje minst: utruleg flotte haustfargar i naturen! Eit vakkert skue!
(.....og JA, vi blir litt påverka av å sjå Fantorangen på barne-Tv....)

Denne laurdagen var ein dag vi eigentleg kanskje ikkje hadde tenkt oss på tur. Etter ei hektisk veke, var det godt å roe ned litt. Det gjorde vi også - på føremiddagen. Men så skein sola meir og meir, og vi MÅTTE ut på tur og nyte litt av dagen i friluft. Og DET angra vi ikkje på!

Vi ville ha eit avslappande turmål, ikkje så altfor mykje reising til og frå, og då var Botnavatnet eit godt alternativ. Eit turmål med mange mogelegheiter - alt etter om du ynskjer ein lett tur, ein middels tur eller ein meir tung og krevjande tur. Du kan t.d. gå vidare inn til Botnastølen, eller opp på nokre av fjelltoppane som omkransar Botnavatnet.

Eg har tidlegare blogga om tur til Botnavatnet og Botnastølen, og google-søk på Botnavatnet er nokre av dei mest brukte søkeorda som får treff på min blogg. Så det må jo tyde på at Botnavatnet er eit populært turmål. Det er også mykje brukt på vinterstid.

Botnen ligg heilt inst i Angedalen i Førde. Vanlegvis brukar vi å parkere rett før siste husa i Botnen (her er det god parkering på høgre sida av vegen), men sidan vi var litt "late" i dag, valte vi å køyre inn til parkeringa rett innafor Aksla. På vegen inn dit, må du gjennom tre grinder, så det er litt tungvint. Vi gjekk vidare inn vegen, opp Vassbrekka og inn til Botnavatnet der vi hadde oss ein liten matpause.

På returen valte vi å gå opp til hyttenen og over på vegen på andre sida av elva - forbi Gamlestølen og ned til Øyastølen. Her har eg ikkje gått før. På mange måtar vil eg seie at det er vel så fint å gå denne vegen, og der er det også tilrettelagt med fleire sitjebenker. Om du vil, kan du også køyre nesten heilt inn til Botnavatnet på denne sida - om du vil betale bompengar på kr. 70. Men viss turmålet er sjølve Botnavatnet, så er det jo finast å gå!
Øyastølen

Vi gjekk over ei bru for å kome til Øyastølen. Her ligg det eit sel med tilhøyrande uthus. Ingen av oss har vore bort til denne stølen før. Sidan vi hadde parkert på Aksla, var vi liten lysten på å gå heile vegen ned att, for så å måtte gå opp att til Aksla. Så det enda med at vi tok av oss skoa, og vada over elva - vatnet nådde oss heilt opp til knea! Ein kald fornøyelse for oss voksne, og til stor glede for dei små - som kunne blei bært over :)

Haustfargane har verkeleg slått ut i full blomst i Botnen, og det var deilig å kunne ta seg god tid, nyte fargeprakten, ta bilete og berre leve i nuet! Og her kjem eit lite bileteras frå turen vår:
Laurdagsgodt!




Gamlestølen i bakgrunnen





Her vassa vi over......brrr kaldt!

fredag 28. september 2012

Og namnet blei....... Hafstadkleiva!


Då er det endeleg avgjort kva som blir namnet til Bystien i Førde: Hafstadkleiva.

Det har vore ein lang diskusjon og mange sterke meiningar, men slik vil det vel alltid vere???? Rådmannen innstilte på at namnet framleis skulle vere Bystien sidan det no er godt innarbeidd blant folk, men det vart ein jamn kamp der Hafstadkleiva gjekk av med sigeren. 15 stemmer til Hafstadkleiva og 12 stemmer til Bystien. Forkjemparane for Hafstadkleiva trekte fram at stien er ei kleiv som ligg på Hafstad, og at ein med dette namnet ivaretek lokal tradisjon.

nettsidene til Firda er det mange som har kommentert namnevalet, og nokre kritiserer det for å vere traust og kjedeleg, og at det vert tungt å selje inn. Men er det nødvendigvis slik at det er traust og kjedeleg at vi ivaretek tradisjon og held på lokale namn? Utforminga av stien ivaretek det spenstige og innovative, så kvifor ikkje eit traust namn på ein moderne sti? (kontrastar, motsetnader som tiltrekk kvarandre osb.......). " Himmeltrappa" og "Zikk Zakk'en" som også har blitt føreslått, er i alle fall ikkje noko betre, og manglar ei lokal forankring.

Eg for min del har ikkje hatt sterke synspunkt i saka: Bystien klang fint og lett, men er for så vidt noko inkjeseiande. Bystien kan jo vere kor som helst, i kva by som helst..... då er Hafstadkleiva eit betre namn som ivaretek den lokale identiteten. Så medan Bergen har si Stolzekleiv, så har Førde fått si Hafstadkleiv! :) Er litt meir usikker på kva som blir kortversjonen av namnet: I Bergen heiter det "Stolzen", men "Hafstaden" kling ikkje like godt..... eller??? Då blir det nok heller: "Skal vi gå opp Kleiva i dag?"

Og vil vedtaket om namneendring føre til andre namneendringar? Skal Stiftinga Bystien omdøypast til Stiftinga Hafstadkleiva? Bør "Førde Opp" i framtida heite "Hafstadkleiva opp"?
Bilete frå Førde Opp
Kva synast du om det nye namnet - Hafstadkleiva?

Eg har tidlegare skrive innlegg om Bystien og Førde Opp. Kjem ikkje til å rette namnet der - for namnet Bystien har jo også si historie, og det var slik det ein gong var. Så kanskje eg bør ta meg ein ny tur og skrive om Hafstadkleiva - har faktisk ikkje vore der sidan Førde Opp 1. september, så kanskje på tide med ein ny tur??? Kva seier de - skal vi ta ein tur opp Hafstadkleiva i helga? :)

Ha ein fin, fin helg alle saman!

Takk til alle som les bloggen min - mellom 50 og 100 besøkjande kvar dag - er veldig kjekt :) Og ein ekstra takk til de som legg igjen ein kommentar! Veldig kjekt med tilbakemeldingar - det gjev inspirasjon til vidare skriving!

onsdag 26. september 2012

(F)uglefjellet 534 moh



"Veit du kor vi skal på tur i dag?" spør eg Sanna Oliva
"Nei", svarar ho
"Vi skal gå på eit fjell som heiter Fuglefjellet. Kanskje det er mange fuglar der?"
"Ja," svarar ho, "eller kanskje ugler???"
Og dermed vart fjellet døypt om til Uglefjellet :)

Fuglefjellet med sine 534 moh er ikkje noko spesielt høgt fjell, men det gjev likevel ei storslagen utsikt der det ligg på nordsida av Sognefjorden, rett aust for Lavik.

Fjelltrimgruppa i Lavik Idrettslag har gjort ein fantastisk jobb med å merke turruter på nordsida av Sognefjorden - frå Vadheim og utover til Lavik og Lavikdalen. Rutene er særs godt merka med skilt ved startpunkta, og god og tydeleg merking heile vegen. Køyrer du mellom Vadheim og Lavik, vil du sjå fleire av desse turskilta langs vegen. Vi har gått fleire av desse turane tidlegare:
  • Ullebø - Fløyen - Hatlelifjell - Duken - Norevik
  • Skårseggja frå Varleite
  • Laviksåta frå Lavikstølane
  • Robba frå Bog
  • Kjerringa frå Avedalen
  • Langeneset - Norevikstølen
Men Fuglefjellet vart ein ny topp for oss. Vi har sett på ruteskildringane at ved å starte frå Bosdal, ville dette vere ein passeleg tur for oss med våre to små. Fuglefjellet er også omtala i brosjyra "Topp 15" i Sunnfjord og ved Sognefjorden.

Turfakta:
Det er to ulike startpunkt for å kome til Fuglefjellet. Det eine startar ved Raa - då går du heilt frå sjøen og til topps. Jamn stigning, men noko brattare mot slutten. Tidsbruk: ca. 1,5 time. Vi valte derimot å starte frå vegen mot Bosdal (det står skilt til Bosdal frå hovudvegen like før du kjem til Lavik). Vi gjorde då unna nokre av høgdemeterane med bil i staden for å gå :). Frå startpunktet her er det jamn stigning til toppen, og tidsbruk er ca. 1 time. Distanse: litt over 6 km t/r.

Vi brukte for øvrig ca. 1 time og 20 minutt til toppen, men då gjekk 3-åringen vår store delar av vegen sjølv. Så i voksentempo har du godt med tid om du skal bruke ein time. Like før toppen kan du velje mellom to ulike ruter - vi valte å gå den eine opp og den andre ned att. Det er absolutt å tilrå, då du får med deg ulik utsikt alt etter kva rute du går.


Tommelen opp - vi er klar for å gå!!!

Og for ei utsikt!!!! Du ser innover og utover Sognefjorden, panorama mot sørsida av Sognefjorden og fjella i Stølsheimen, lenger vest stig Lihestmassivet opp i alt sitt velde og i nordvest ser du også Alden.





 
Med sol og vindstille, kunne vi kose oss vel og lenge på toppen. Sjølvsagt var der også kasse med turbok i. Alltid spanande å gå på skattejakt i varden! Bendik Matias fekk dessverre med seg eit (lang)varig minne frå toppen: Han datt og slo panna si mot ein skarp stein, så han har fått eit godt synleg kutt midt i panna.... det sette sjølvsagt ein liten dempar på den vidare gleda. Men det kunne gått verre: det var ikkje noko djupt kutt, så med litt liming av kuttet, håpar vi at arret ikkje vert så altfor synleg etterkvart.

Og for ordens skuld: vi såg ingen ugler på (F)uglefjellet!
Ei heller trur eg at vi observerte nokon fuglar denne haustdagen.
Men flott tur var det uansett!

søndag 23. september 2012

Haukånipa (790 moh)......

.....eller Det var ein gong ein merka sti som eg eigentleg hadde tenkt å kalle innlegget! Men sidan eg som regel synast det er viktig at det allereie i tittelen vert gjenspegla kor vi har vore på tur, så enda eg opp med å kalle den for Haukånipa likevel.

Etter det som har føltes som månadsvis med store nedbørsmengder, blei det brått lovnadar om sol frå skyfri himmel. Og då var vi (dvs. eg og Steffen) ikkje seine om å ta ut ein av fleire gjenståande feriedagar, og bruke ein "heilt vanleg arbeidsdag" på fjelltur i staden! (Om du ikkje har prøvd det før, så er det abolutt å tilrå!!). Sidan vi den siste veka også har opplevd at snøen har kome langt nedover fjellsidene, så er det ein del ynskjeturar som må setjast på vent. Men vi er ikkje opprådde for turmål, og det var ikkje vanskeleg å finne alternativ i lågare terreng. Nok ein gong trakk vi oss ut mot kystnære strøk, og ville bestige Haukånipa for første gong.

Turfakta:

Kartutsnitt frå www.ut.no
 Vi starta turen ved vestenden av Haukåvatnet, som ligg heilt inn til rv. 614 ein dryg km aust for Haukå i Norddalsfjorden. Dei første 150 meterane opp til Haukåstølen, går du på traktorveg. Vidare går det ein tydeleg sti opp til høgre før hytta, og oppover eit skar. På toppen av skaret ser ein Tjørnesvatnet på høgre hand. Ein tek til venstre og følgjer legda (hylla) rett vestover med jamn stigning. Det er bert fjell og stien er delvis varda.

Ein gong så var heile ruta merka med T-ar frå stølen og opp - det er den ikkje lenger..... Nokon har gjort ein aktiv jobb med å fjerne denne merkinga.......! :( Men heldigvis så er stien ganske tydeleg frå stølen og opp i skaret, og derifrå gjev retninga seg sjølv - så ein finn fram sjølv om ein kjem ut av stien. (Vi har også fått vite grunnen til at den ikkje er merka lenger - men det trur eg ikkje vi skal gå inn på her....). Turen står omtala i Opptur Sogn og Fjordane turnr. 19-05 i Flora kommune, og her står det at den er merka. Derfor denne presiseringa om at det ikkje gjeld lenger. Vi sakna jo blant anna at det kunne stått eit skilt med Haukånipa ved startpunktet, men no skjønar vi jo kvifor det kanskje ikkje gjer det!

Vi likar å gå rundturar, så vi ville prøve å ta turen som er merka av på kartet ovanfor - der vi kom attende til Stjølstjørne rett nedanfor Haukåstølen. Frå toppen gjekk vi då den varda ruta mot Grytadalsbu. Frå toppunktet går ein ca. 100 meter vestover, før ein går sør og ned Nipeskora. Nede på kanten er det ein godt synleg varde som markerer ruta vidare nedover mot vest. Det er viktig å finne denne varden! Ruta er T-merka nedover. Det er bratt, men steinen ligg stabilt i urane. Vel nede frå ura, måtte vi finne stien som skulle føre oss attende til skogsvegen vi starta på. (Hadde vi følgt T-merkinga vidare, ville vi ha kome til Grytadalsbu). Ved hjelp av GPS'en gjekk det ganske lett, og når vi først hadde funne stien, så var den relativt tydeleg det meste av vegen vidare. Så då var det berre å gå på:)

Total lengd: 9,3 km i følgje GPS'en
Tidsbruk: 1,5 -2 timar opp til toppen, noko lenger tid attende om du går rundturen (då delar av turen er brattare).

Vi ser opp til Haukånipa
Vår turoppleving:
Vi skulle nyte dagen, og hadde derfor ikkje nokon planar om å setje fartsrekordar på vegen..... Det var idyllisk langs med Haukåvatnet, og litt oppe i første bakken møtte vi på sjølvast Haukåtrollet! Eit ganske så fredeleg eitt som sådan!


Haukåvatnet

Kose nase med Haukåtrollet!
På stølen møtte vi ein kar som heldt på å setje opp ei flott grillhytte utanfor hytta si (den einaste bygningen på stølen). Vi slo av ein liten prat, og vi følte ikkje akkurat for å gå amok med fotoapparatet med folk til stades på stølen, så det vart lite bilete herifrå. Men om du vil sjå bilete frå stølen og elles frå turar til Haukånipa, kan du ta turen innom Skorpionens Hjørne her og her.

Som nemnt, trass i manglande merking, så var det ikkje vanskeleg å finne stien vidare oppover. Vi måtte derimot trø forsiktig, då det var ekstremt glatt på steinane. Sjeldan vi opplever at det er så glatt som det var denne dagen. Vel gjennom skogen og oppe i skaret, skulle vi kome over på solide berg som det vanlegvis vil vere godt og lett å gå på. Vil tru at du kan småspringe oppover på tørre og fine sommardagar utan å vere redd for å miste fotfestet - ......Men sidan det var så glatt, måtte vi prøve å gå der det var grastustar. Det vart heller ikkje betre av at vi kom opp i nysnøen som har kome dei siste dagane! Det skal ikkje mykje snø til før det blir atskilleg tyngre og vanskelegare å gå. Heldigvis så var jo ikkje dette eigentleg nokon lang tur, og eg var veldig glad eg ikkje skulle gå i slikt terreng i 7-8 timar! Det er ikkje så ofte lenger at eg misser motivasjonen når eg er på tur og blir lei, men det var farleg nær her.....




Det var derimot fullstendig gløymt då vi kom på toppen, og fekk ei aldeles fantastisk utsikt vestover mot Florø by og øyane utanfor! Sola kom fram og vi kunne verkeleg kose oss ved varden!

Hurra - vi er på toppen!


Radioamatøren LA4YPA i QSO med LA6MO i Måløy
Returen attende gjekk veldig greitt, sjølv om det tok si tid i starten med bratte steinurar og nysnø.... Eg pusta letta ut då vi kom til stidele der vi skulle skilje lag frå den merka T-ruta og gå attende mot skogsvegen. Ein relativt godt nedtrakka sti, gjorde det lett og greitt å gå.




Vi ser mot Klauvekeipen og Terdalskeipen


På vegen fekk vi også høve til å ta eit helikopter i nærare augesyn - ja, ganske så nært faktisk: det sette i frå seg personar på ei fjellhylle berre eit par hundre meter frå der vi sto. Det er folk som er i gong med førebuingane til monstermastene..... Dei blir vel ikkje akkurat noko vakkert syn her heller!


Steffen fann også ein flott souvenir som vi tok med oss heimatt:


Og dette var fredagen i denne fantasktisk flotte helga vi har hatt med sol, sol og sol! Det har blitt fleire turar på oss, så om du følgjer med på bloggen ut over veka, så kjem det nok fleire turopplevingar!

Heldig er eg som stort sett har med ein fast turfotograf! All honnør til Steffen for mange flotte bilete - som gjer det vanskeleg (og tidkrevjande) og plukke ut bilete til bloggen.... mellom anna så blei det "berre" tatt 140 bilete på denne turen! :)