søndag 16. desember 2012

Juletrehogst og bålkos

Etter fleire veker med temperaturar på ned mot 10 minusgrader, er det no brått blitt mildvær igjen. Austavinden har tatt hardt tidlegare i helga, så nesten alt av snø har blæse vekk. Så den kvite jula kan vi førebels sjå langt etter. Det betyr likevel ikkje at vi manglar julestemninga! Artig å sjå korleis jula får nye dimensjonar med små born i hus som no har vokse såpass til at dei forstår meir og meir av det som skjer rundt dei :) Det er tydeleg at "På låven sitter nissen" er favorittsangen, og begge dei små dansar ivrig, nikkar, hoppar og viftar med "sin store skje" medan dei går rundt med ein grautbolle og ei grautskei!

Og i dag - 3. adventssøndag - var det tid for å hente juletreet. Det hentar vi i Jonstadlia i Naustdal. Fjorårets tur var snørik, men sidan det nesten ikkje er snø no, så kunne vi ta den lette vegen og køyre opp i Solsidevegen. I år, som i fjor, var også svigerforeldra mine med på turen.

Vi brukte ikkje så lang tid på å finne to tre som vi synast var passande - eitt stort og eitt lite. Sanna Oliva bar stolt det treet som ho og Bendik Matias skal ha på rommet sitt.

Når juletrehogsten var unnagjort, var det tid for kos. Vi hadde med ved, og tente opp bål og grilla pølser. Dei to små holdt stolt kvar sin pinne over bålet. Medan vi åt kunne vi nyte flott utsikt over Naustdal. Sola kom ikkje heilt gjennom skylaget i dag, men med 5-6 grader og opplett, så kunne vi slett ikkje klage. Og Sanna Oliva konstanterte: "No koooosar vi oss!"

Litt meir rørsle måtte også til, så vi gjekk ein liten spasertur langs etter Solsidevegen før vi vende nasa heimover. Solsidevegen er eit godt eigna turmål for både små og store, og det har eg tidlegare skrive om i dette innlegget.

4 kommentarer:

  1. Så koselig!
    Vi henta også juletre i dag, et stort og et lite!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var veldig kjekt - og spanande for dei små :)

      Slett
  2. Ser koselig ut å hogge sitt eget juletre :-) Og så stas for barna å plukke ut sitt eget tre da, morro!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi er heldig som har tilgang til eigen skog - og prøver å gjere juletrehenting til ein fast tradisjon :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!