torsdag 15. november 2012

Skåfjellet og Espenipa (751 moh) frå Erdalsdalen



Gjestebloggar Steffen:
Då "eigaren" av denne bloggen var oppteken med andre gjeremål og ungane var på utlån, fekk eg høve til ein fjelltur åleine. I tillegg fekk eg æra av å skrive ein epistel på bloggen frå dette fin-fine, men underforbrukte turområdet, berre minuttar med bil frå Førde.

Erdalsdalen er ein ypparleg startstad for ulike småturar på 1-4 timar. For nord for Erdalen er det fleire mindre hengjedalar. Dette er dal-idyllar med fine småfossar, i alt 4 ulike stølsområde som alle har bygningsmassar, gode fiskevatn og fjelloppar som gjev fint utsyn. Særleg vestover Førdefjorden, men også mot Naustdal, og i sør mot Førdsnipa. Det er bra utbygd stinett her, om enn noko utydeleg grunna lite bruk, og terrenget er relativt lettgått og sjølvforklarande. Terrenget er likevel noko myrete, så det gjer seg med godt fottøy.
Turen eg omtalar i dag, til Skåfjellet/Espenipa, går gjennom den vestlegaste av hengjedalane på nordsida av Erdalsdalen. Denne turen er merka med lilla farge på kartet over. Eg har dessutan teikna inn fleire andre aktuelle turar vi har teke før - og som vi vonar kan inspirere – merka med gult og lyseblått, men som ikkje er omtalt nærare her.

Slik finn du fram:
Frå Førde køyrer du vestover langs fjorden mot Naustdal, og etter 4 km kjem du til Erdal. Her tar du av til høgre og køyrer opp i ERDALSDALEN. Etter eitt minutts køyring opp svingane frå hovudvegen kjem du opp til inngangen til den flate dalbotnen. Du parkerer straks, på første velteplass på venstre sida av vegen, ved ei lita bru. Du går over denne brua i retning innover dalen, og berre få meter etter brua tek du til venstre og inn på og til venstre over eit dyrka jorde. Du går over nok ei lita bru over ei elv som kjem ned frå dalen du skal opp i. Gå over brua og ta til høgre og ta peiling inn i eit granfelt langs med Løypingselva.

Her byrjar stien, som er litt vanskeleg å halde då stormen Dagmar har medført mykje trefall i granfeltet. Hald rett fram gjennom feltet, parallelt med og kring 10-15 meter frå elva, og oppover skråninga. Stien blir tydelegare etter kvart. Stien opp til første delmål på veg til Espenipa – Kloppstadstølen – går heile tida på venstre sida av Løypingselva.

Etter å ha vunne høgdemeter og sikksakka oppover dalsida, flatar det etter kvart ut – og utsynet bak deg og ned at til hovudvegen i Erdalen og vidare ut Førdefjorden opnar seg, og er ei fin skue. Her, ved inngangen til denne hengjedalen i retning nordover mot Kloppstadstølen går stien tidvis like bort til Løypingselva. Her er det fint å gå; slakt terreng og fleire småfossar som buldrar frå elva som renn gjennom dalen med glisen furuskog. Men altså: Gå heile tida på venstre side av elva.

Etter å ha følgt stien langs med elva nokre minuttar til, openberrar snart Kloppstadstølen seg. Stølane er viktige kulturberarar, og dei er alltid kjekke å kome til som eit turmål i seg sjølve, eller som rasteplass på vegen mot eit anna reisemål – slik som i dag.
Frå Kloppstadstølen ser du opp mot Skålefjellet

Frå Kloppstadstølen, på baksida av sela, ser vi no rett på Skålefjellet. Espenipa er meir gøymt enno. Stien vidare frå Kloppstadstølen i retning Skåfjellet er ikkje særleg tydeleg, men gjev seg mykje godt sjølv:. Følg botnen vidare innover på same kurs du har fått fram til stølen. No byrjar terrenget å stige att, men ikkje meir enn at det er lett å gå her – om ein held unna at myra nok dreg noko…. :)

Etter å ha halde same rette kurs nordover opp dalbotnen, ser du etter kvart ein avrunda fjellrygg til venstre med ein stor markeringsvarde på. Denne ryggen kan du ta bort på frå dalbotnen, og runde meir vestover og opp på det flate partiet som namnet Skåfjellet med rette syner til. Frå Skåfjellet er det fin utsikt ned på vegen opp til Kloppstad og bossanlegget på Einestølen – og ikkje minst kunne følje Førdefjorden forbi Naustdal og ut mot Heilemassivet med auga. Det tar ikkje lange stunda å gå vidare bort til neste fjell; varden og boka på Espenipa har berre få høgdemeter meir enn Skåfjellet. Frå denne varden ser ein m.a. ned i Åsedalen og fjella i Naustedalen.

Utsikt utover Førdefjorden


Frå Espenipa ser vi ned i Åsedalen
Returen frå Espenipa gjekk mest same vegen attende som opp. Men i staden for å gå attende om Skålefjellet, tok eg ein meir direkte sørleg kurs mot nedre delar av ryggen eg gjekk på veg opp på Skålefjellet. Derfrå følgde eg dalbotnen ned att til Kloppstadstølen og same sti derfrå langs Løypingselva til bilen i Erdalsdalen.

Turfakta:

Avstand: 7,3 km, i følgje GPS’en

Effektiv gåtid: 2-2,5 time







Utsikt mot Førdsnipa

2 kommentarer:

  1. For ein erdøling var dette eit kjekt innlegg :)

    /Andreas Erdal

    SvarSlett
  2. Hei,
    Er estimert effektiv gåtid en vei eller tur/retur?

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!