Dokka (756 moh) sett frå Ringstad |
Utgangspunktet vårt var turskildringa til Dokka som står i "Opptur Sogn og Fjordane" turnr. 17-05. Der startar turen til Dokka frå vassverket ovanfor garden Fossheim, ca. 2 km nord for Holmedal. Samtidig såg vi på kartet at også Moldura var fullt mogeleg å gå frå denne sida. Dermed bestemte vi oss for å prøve oss på begge toppane på same dag. Vi hadde ikkje noko turskildring for Moldura, ut i frå kartet rekna vi med at vi greitt skulle finne ein veg til toppen.
Skogsvegen mot Nyksvatnet - vi ser mot Moldurda |
Brua ved Vikastølen - Dokka i bakgrunnen |
God merking gjorde det enkelt å gå - vi er på veg oppover til Moldurda |
Alden er ei lett gjennkjenneleg landemerke! |
Ved ein av vardane på Moldurda |
Vi tok turen midt i oktober, og sjølv om det var strålande vær, så var det kald vind, og det freista ikkje med noko langvarig stopp på toppen. Det var i grunnen berre å setje kursen ned att og mot neste mål: Dokka.
Dokka sett frå Vikastølen |
Dei to hyttene ved Nyksvatnet (øverst) og hytta ved Vikastølen (nederst) |
Nyksvatnet |
Ved Nyksvatnet - Dokka i bakgrunnen |
Og om vi var nøgde med utsikta på Moldura, så vart vi endå meir betatt av utsikta vi fekk på Dokka! Den var rett og slett storslagen: Austover ser vi fjellområda mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, Dale sentrum kjem til syne, samt Flekkefjorden, Lihesten og øyane i Solund i sør, havranda i vest og oljeplattformene kunne sjåast med det blotte auget, Askvoll, Atløy og vidare nordover langs kysten. Og med ein rasteplass i ly for den verste vinden, kunne vi sitje og kose oss ei stund med resten av kaffien, nista og sjølvsagt sjokoladen!
Flott utsikt frå Dokka |
"Ørna tek ikkje ungar!" |
På veg ned fjellryggen frå Dokka - vi ser innover Dalsfjorden |
I Opptur-boka er turen til Dokka skildra ved at ein går fjellryggen oppover, og at det er ein jamn bratt stigning oppover, men utan klyving. Vegen om Nyksvatnet er omtala som ein noko mindre bratt rute opp. Vår erfaring er at turen opp fjellryggen nok kan vere ei nokså tung rute, særskilt sidan det også er vanskeleg å finne stien. Og sjølv om du har flott utsikt over Dalsfjorden når du går fjellryggen, trur vi at dei fleste vil ha størst glede av turen ved å velje ruta om Nyksvatnet. Denne vil opplevast som lettare og enklare å gå. Utsikta får du uansett når du når toppen!
Og til sist: Her er det små avstandar mellom fjelltoppane, så kombinasjonen Moldurda - Dokka på ein og same dag er fullt mogeleg å klare - utan at du treng å vere i noko toppform for å klare det! Så vi seier berre: Ja takk, begge deler!
Turfakta:
Samla effektiv gangtid: ca. 3 timar
Total distanse: 10,6 km
Effektiv gangtid på dei ulike delmåla:
Fossheim - Nyksvatnet: ca. 25 minutt
Nyksvatnet - Moldurda: ca. 40 minutt
Nyksvatnet - Dokka: ca. 40 minutt
Dokka - Fossheim: ca. 40 minutt
Kartutsnitt over området - henta frå www.ut.no |
Fotograf: Steffen Ben :)
Hei! Takk for besøket :) Da fikk jo jeg tittet litt hos deg også, og der er jeg glad for, for her var masse flotte bilder. Det har blitt alt for lite turer i år, så jeg koste meg med dine turminner.
SvarSlettHeisann! Måtte ta en kikk på dette blogginnlegget igjen. Jeg har stort sett bare hørt om Dokka og Moldura av Gustav og Vigdis i Askvoll. De har delt litt bilder, men det var flott å se bilder og flotte motiv fra turløypa + info. Tror definitivt at dette blir et turmål for 2013 ja. Fantastisk utsikt også.
SvarSlettTakk for flott turinfo og bilder! :)
Eli Kristin