søndag 11. november 2012

Eit boktips!


Farsdagsgåva her i huset vart ei ny bok til fjellbiblioteket vårt. Den heiter: "10 på topp i Ryfylkeheiene" og er utgitt av Stavanger Turistforening som årbok i 2011. Boka oppdaga vi på Haukeliseter i sommar, og når eg var på besøk i Stavanger forrige helg, vart den innkjøpt på utsalet til Stavanger turistforening.

Sidan boka er rykande fersk i heimen vår, har eg ikkje fått sett så mykje i den endå, men "farsdags-jubilanten" let vel, og seier at han er i gong med å planleggje sommarferien om eit par-tre år ;) I omtalen bak på boka heiter det:

"10 på topp i Ryfylkeheiene" er en inspirasjon til sommeropplevelser for alle - familier og single, gamle og unge, molteplukkere og fiskere, nyforelskede og gamle kompiser, fjellfanter og byrotter, birkebeinere og utrente, store og små. Vi vil invitere deg til å oppdage noen helt spesielle turmål, og til å få gode turminner.

I boka finn du 10 toppturar, 10 super-turer for barn, 10 turer gjennom spanande, geologiske landskap, 10 turar som oser av kultur, 10 utfordringar for dei som vil ha noko ekstra, 10 turisthytter med særpreg og 10 områder der du MÅ ha med fiskestanga. Dessutan mange andre 10 på topp-tips. Eg har bladd litt i boka, og den bær preg av mange flotte bilete, gode skildringar og nyttig informasjon. Så denne gler eg meg til å lese meir i - og kanskje ein gong, så dukkar vi opp i Ryfylkeheiane for å gå på tur.... nesten meir viktig enn å gå sjølve turmåla, er draumane som vi har i forkant!


Og frå boka vil eg referere til denne 10 på topp-lista som eit eksempel på kva du finn å lese:

10 på topp i sekken til borna:
  1. Eigen sjokolade og kjeks som eg sjølv kan velje når eg skal ete
  2. Eigen drikkekopp til friskt vatn frå bekkar undervegs
  3. Eige kart (gjerne berre ein kopi) og kompass, slik at eg sjølv kan følgje med på kor eg er
  4. Speidarkniv som eg kan bruke til å spikke båtar og fantasidyr når vi har pause
  5. Pose til å samle små skattar og steinar eg finn på turen
  6. Varm gensar, slik at eg slepp å fryse når vi har pause
  7. Strømpeskift, for at eg skal sleppe å gå med våte føter på turen
  8. Eiga hovudlykt til å lyse opp stien på mørketur eller dotur om natta
  9. Ei god bok for lesehesten
  10. Og god plass i sekken, for at eg skal sleppe å bære tung sekk......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!