torsdag 8. november 2012

Då er vinnarane klare!

7. november-12 og feiring av 2-årsdag er historie, og dermed har vi også trekt vinnarane av bloggen sin aller første Give Away! Totalt 20 lodd var tatt og Steffen fekk beskjed om å bruke random.org og leggje inn tala 1-20 og trekke 3 gonger - utan at han fekk vite kven som hadde kva nummer på lodda.

Og dei heldige vinnarane er:

Siv Anita - som har bloggen Rødt hår og fregner
Andreas E
Eli Kristin - som har bloggen Skorpionens hjørne

Gratulerer! Alle tre har gitt uttrykk for å ha fått turinspirasjon av å lese bloggen min, så veldig kjekt at de vant! Send meg ei melding (livjbell@gmail.com) med adressa dykkar, så får de boka tilsendt i posten!

Elles så er det mange kjekke lesarar som har kommentert, og eg skulle ynskje at alle vant.... Men kanskje vinnarlukka står dykk bi neste gong! Fleire av dykk har flotte bloggar som det er vert å ta turen innom:

Marit - med bloggen Marits bilder som inneheld masse flotte bilete og turar, i hovudsak frå Atløy og omegn.

Liv- Janne - ei barndomsvennine og namnesøster som m.a. driv eige coaching-firma og bloggen SaltoCoaching der ho tar opp mange tema som er relevante både så vel i arbeidsliv som i kvardagen!

Gustav - som stadig vekk er å finne i Askvoll-fjella (og gjev oss andre dårleg samvit...) og legg like ofte ut bilete frå turane sine på blogg Gustav Skaar

Ut på tur, aldri sur - som har to bloggar: ein om Uteliv og ein om Inneliv

1 kommentar:

  1. Jippi, så kjekt! :) Tusen takk! Fantastisk kjekk lesing. Har hatt ei røff uke med bare omgangssyke i hjemmet, meg selv inkludert. Er på bedringens veg, men er fortsatt sengeliggende og det er bursdagen min - dette var en herlig overraskelse, hihi! ^_^ Ser frem til ei god bok med herlig inspirasjon for et aktivt uteliv!! :D

    God helg!
    Klem, Eli Kristin

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!