tirsdag 6. november 2012

2 år er gått.....

Bendik Matias fyller 2 år onsdag 7. november -12
Tenk - det er 2 år sidan vår lille sjarmør vart fødd! Eg veit det er ganske klisjeaktig å seie det, men du verda som tida fyk! I fjor - då Bendik Matias fylte 1 år - hadde eg ei oppsummering av hans første "turår". Eg synest slike åremålsdagar er fine til å oppsummere kva som har skjedd siste året. Ein er gjerne flink til å fokusere på alt det ein ikkje gjorde eller rakk, og så gløymer ein alt det ein faktisk fekk gjort! Dersom ein lagar seg ei liste på kva ein har gjort, så trur eg at dei fleste får seg ei lita aha-oppleving: "Oi, har vi gjort alt dette siste året???"

Sidan dette primært er ein tur- og fjellblogg, så kjem det her ei lita oppsummering av Bendik Matias sitt 2. turår. For dei av turane eg tidlegare har skrive turomtale på, så har eg laga klikkbare lenkjer. Ser også at det er ein del turomtalar som står på vent..... Eg har tidlegare også skrive om turloggen som eg lagar meg for kvart år - den gjer det enkelt å få oversikt også over Bendik Matias sine turar.

Bendik Matias sine ulike fjellturar i 2. leveår (nokre turmål er gått fleire gonger):

Diverse småturar i naturen som også kan nemnast fordi dei er omtalt i bloggen:
Så eg kan ikkje seie anna enn at det er ein sprek liten 2-åring vi har....! Endå så er han så "heldig" at han stort sett sit i bæremeis eller vogn, men neste år må han nok i større grad gå sjølv. Blir spanande å sjå korleis det går (bokstaveleg talt)! Håpar også at de lesarar finn inspirasjon til nye turmål blant turane over!

Gratulerer med 2-årsdagen til verdas beste turgut!
Helsing i avisa Firda
Minner til slutt om at i dag (07.11.12) er siste frist for å hive seg med på Give Away'en.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer så masse med dagen til ein sprek og fin gut ! :)

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mye med vel overstått 2-års dag til vesle sjarmøren! Herlig bilde :) Jeg vet at dere har vært veldig flinke til å gå på mange og varierte turer, men men å se lista på den måten... Bøyer meg i støvet, er så mektig imponert! For en sprek og aktiv familie. Det er ikke mange som kan skryte på seg så mange turer, hihi!

    Nydelige bilder fra tur i innlegget under her også :)

    Eli Kristin

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!