søndag 28. oktober 2012

Mostien og Museumsstølen

Vinteren har gjort eit tidleg inntog i Sunnfjord, og set sine avgrensingar på kor ein kan gå. Eller som nokon sa det: "Det er for mykje snø til å gå til fots i fjellet, og det er for lite snø til å gå på ski.....". Reknar likevel med at det er nokon som har tatt turen til fjells, men vi har holdt oss i låglandet denne helga. Litt godt det også av og til!

No når det byrjar å bli kaldare, kan ein heller ikkje vere ute i timesvis om gangen. For dei små som gjerne sit mykje i ro i bæremeis, kan det fort blir kaldt. Men det blir lange dagar å gå inne, så ut i snøen måtte vi.


Vi valte å ta turen til Sunnfjord Museum og gå Mostien. Museumsstølen var eit passeleg turmål for dei små.

Slik finn du fram:
Sunnfjord Museum ligg like ved E39 mellom Førde og Moskog. Du startar turen ved informasjonstavla i enden av parkeringa.

Først går du rett ved hovudvegen, og stien er ein del av Den Trondhjemske Postveg. Etter nokre hundre meter, står det skilt til stølen til høgre. Dersom du held rett fram i staden, kan du gå like til Huldefossen. Kort etter at du har svinga av til høgre, kjem du til stølsvollen. Her er det 3 sel og 1 fjøs, flott sittebenk i stein utanfor eitt av sela, og i utselet til eitt av bygningane ligg det ei bok å skrive seg i.


Frå stølen kan du gå vidare til du ser rett ned på Movatnet. Her er det eit stiskilje der du anten kan svinge til høgre og kome raskt attende til museumsområdet, eller du kan ta til venstre for å gå ei lengre runde gjennom skogen.

Rundt stien er det sett opp fleire postkassar og informasjonsskilt om dyr, plantar og korleis naturen vart brukt i gamle dagar. Det er ei eiga dyreløype der du finn informasjon om dyr og dyreliv, og korleis ein kan fange dei ulike dyra. Med andre ord ganske så spennande for dei små!

Vi hadde oss ein liten pause ved stølsvollen:


Vi kosa oss med heimelaga sjokoladekokoskuler med havregryn

Og så måtte rumpeakebretta testast!

Full fart - knall og fall - og mykje moro!


Både store og små kosa seg i snøen!

Museumsområdet i Movika er i seg sjølv spennande å utforske for store og små, og det ligg svært så vakkert til ved Movatnet! Samla sett har museet 30 bygningar frå ulike stadar i Sunnfjord. På heimesidene til museet er det også ein audioguide (lydfil) som du kan laste ned og høyre på før du tar turen, eller rett og slett høyre på medan du går turen! Her er det m.a. informasjon om både Mostien og sjølve stølsområdet.



Informasjon om Mostien finn du også i turnr. 4-08 i boka "Gå sjøl" av Jorunn Kleiven.

Minner også om Give Away'en min med trekning 7. november. Hugs å melde deg på!

1 kommentar:

  1. I'm extremely impressed with your writing skills as neatly as with the structure in your blog. Is that this a paid subject matter or did you customize it yourself? Either way stay up the nice quality writing, it is uncommon to see a nice blog like this one these days..

    Here is my web site - Arjun Kanuri

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!