søndag 7. oktober 2012

Gjennom Tusseladdskogen til Mannebrekka

Mannebrekka
Dagens turmål gjekk til Vadheim og eit nytt turmål som vi kan skrive på lista vår. Medan Steffen jobba på Jonstadstølen med faren, drog eg og ungane på besøk til bror min og hans familie.

Vi starta frå parkeringsplassen ved skytebana i Vadheim - som ligg oppe i Indredalen. Derifrå gjekk vi gjennom skogen på ein gamal veg - truleg den vegen som vart brukt opp til gardane tidlegare før bilvegen kom. Skogsvegen var i alle fall godt oppmurt både her og der, og vi såg mange murrestar frå det som nok har vore tidlegare bygningar. Med litt yrande regn og tåketungt i fjellet, var det også litt trolsk stemning i skogen...... vi høyrde både trollet under dei mosegrodde bruene, og jammen dukka det ikkje opp nokre Tusseladdar bak steinane både her og der - derfor døypte vi skogen til "Tusseladdskogen":


Små Tusseladdar er på ferde....


Murrestar og trolsk stemning.....

"Mamma, kan eg balansere over her?"
"Langt om lenge, og lenger enn langt" så kom vi gjennom skogen: Ein stor graskledd bø lyste mot oss, sola titta så vidt fram og vi såg husa på Mannebrekka. Litt ekte skogs(bær)-drops måtte til for å halde motivasjonen, og om vi ikkje fann den store bærfangsten i skogen, så smakte det ikkje noko dårlegare med dei raude "tyttebæra" og dei blå "blåbæra" i dropsøksja!

Ja, så veldig langt var det nok ikkje, men for små føter på 3,5 år, så kjennest det som "lenger enn langt". Då gjorde det godt med litt mat og belønning for strevet!

Gjennom høgspentmastene, såg vi ned att til "Tangetjørna" der bilane sto parkert: 

Den gode røyklukta frå pipa, nådde ned til oss der vi sat og åt:
Sidan det var glatt på dei mosegrodde steinane, valte vi å gå bilvegen attende på returen. Vi måtte då gå gjennom tunet på Mannebrekka - eit særdeles ryddig og velhalde tun! Og for to små som er litt slitne, er det godt å ha ein sterk onkel/pappa som kan ta to "bosssekkar" over skuldrane og bære dei opp bakken:
Vi trudde også at vi skulle finne postkasse med turbok på vegen, og var litt skuffa fordi vi ikkje såg noko då vi kom gjennom skogen. Men då vi nett hadde starta på bilvegen, så dukka postkassen opp:
I postkassen låg det ei bok for vaksne og ei bok for born. Ein flott sitjebenk og stol var også plassert der. Sanna Oliva måtte ta seg ein liten kvil før vi gjekk nedover:

På turen ned att trådte tante/mamma Beate til med litt sangmotivasjon, så då traff vi på både "løpske hestar", "Tante Monica" og "Alle barna som hoppa, klappa og trampa!" Hermegåsa gjorde også stor suksess!

Etter ca. 3 km gange var vi tilbake til bilen, og kunne sjå opp att til Mannebrekka:
Og var alle einige om at vi hadde hatt ein fin tur!!!
(som vi brukte å skrive i dei gamle skulestilane....)

Slik finn du fram til Mannebrekka:
Frå Vadheim (nedst på kartutsnittet) køyrer du oppover Indredalen. Etter å ha passert tett ved nokre hustun, kjem du etterkvart til skiltet som viser bilvegen opp til Mannebrekka (2 km). Du køyrer forbi dette, over brua der det står varselskilt om skytebane, og ser deretter eit nytt skilt som viser til Markeset (8 km) til høgre. Til venstre her, går det ein grusveg inn til parkeringen ved skytebana. Du køyrer inn der og parkerer.

For øvrig så vil eg tilrå å ta køyreturen heilt inn til Markeset. Her er det eit flott turterreng der du både kan gå langs veg, sjå flotte stølar eller ta turen over fjellet og (heim) til Gaular. Det har gjorde eg og Steffen for nokre år sidan, så kanskje det kan vere eit blogginnlegg ved passande høve? :)

2 kommentarer:

  1. Flott tur, like flinke å komme dere ut og nyte naturen. Hos oss var det mest fest & basar + noen som skulle reise på høstferie, så ikke noe annet enn dansing og et par trilleturer å skryte på seg fra min kant :)

    Høsten er nydelig, fantastiske farger å se overalt. Hadde vi bare fått tørke litt, men kan ikke vente på det. Ut og nyte! :D

    Mange flotte turbilder av spreke folk og steder under her også.

    Fin uke ønskes dere!!
    Klem, Eli Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, men litt anna enn tur må til også i blant :). No ser det endeleg ut til at sola er på veg.... i maaaange dagar - ut og nyt!!! :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!