fredag 19. oktober 2012

Fjellvarden - vegvisar, referansepunkt og endemål!

 Gjestebloggar - Steffen Ben:

Varden på Dokka i Askvoll, utsikt vestover mot Atløyna og Alden
Du ser dei på toppane i himmelsjå – eller på veg opp. Vardane. Murt av stein på stein på stein, utført på meisterleg vis. Utan ord fortel dei om menneska sitt møte med fjelltoppane.

Men har du eigentleg tenkt på kor mykje vardane kan ha å seie for opplevinga av fjellturen? For det er liksom noko som manglar når vi etter ein strabasiøs fjelltur når ein utsiktstopp – men så er ikkje det nokon varde der. Og manglar varden, så manglar gjerne òg turboka til å skrive namnet vårt i; berre for på ergeleg vis å konstatere at naboen var her alt for 14 dagar sidan!

For oss turgåarar er ein varde på ein fjelltopp anten draumen ein strekkjer seg etter ; her må eg opp! Eller varden blir turmålet ein endeleg har nådd.

Derfor høyrer det gjerne med ”å ta” på varden første, eller kvar, gong ein kjem til ein ny varde. Er ein ekstra nøgd med turinnsatsen krunar ein jamvel turen med å kysse varden og. Og når fotoet frå bestigninga skal takast, høyrer sjølvsagt varden med: Ein støttar seg til, eller jamvel sit på toppen av den mura steinformasjonen. Verda er erobra!

Og for dei av oss med små barn med på turen så er det ein fast del av ritualet at familien tar kvarandre i hendene, dannar sirkel, og prøvar rekkje rundt varden. Får ein det til, sit latteren og smilet laust hjå krabatane som i utgangspunktet nok tykte at turen til toppen var vèl lang.

Korleis ser dei så ut? Nokre vardar er små og lite føreseggjorde, nærast som ei steinrøys å rekne. Andre steinvardar er reine kunstverka; sirleg murt med nøye utvalt stein som ofte er bore av sterke ryggar til toppunktet. Vardebygginga var eit krevjande handverk, noko vi får eit godt inntrykk av når vi studerer desse monumenta, hundrevis av år etter at dei vart bygde. Vardane kan vere frå 1-2,5 meter i diameter, og gjerne ei mannshøgd eller vèl så det høge. Vardane er anten runde eller firkanta i form.

Varden på Fuglefjellet i Lavik

T.v. Steinplate med initialar på Moldura, Askvoll.
T.h. Jernplate sett opp i varden på Blåhø i Trollheimen 


Varde i Innerdalen, Innerdalstårnet bak

Felles for vardane er at dei stettar éin eller fleire funksjonar: At vardane fungerer som vegvisar til eller som endeleg turmål, er alt nemnt. Frå gamalt av fungerte vardane og den såkalla vardebrenninga vidare som varsling av ytre fare; fienden er på veg – så pass på!

Seinare – på 1700-talet og like fram til på 1960-talet vart vardane nytta som ledd i kartlegginga og oppmålinga av det geografiske Noreg der vardane fungerte som såkalla trigonometriske punkt. I dag, då fly, laser og satellittar er komne til som arbeidsreiskapar – har denne funksjonen til vardane falle bort. Vardane har slik ”gått ut på dato”.

Ja, faktisk er det slik at 33 av dei over 450 vardane som gjekk inn som ryggrad i dette oppmålingsarbeidet i Noreg no er blitt beskytta gjennom ein verneplan. Dei er føreslått freda og å gje dei status som kulturminne (dette kan spesielt interesserte lese meir om her). I vårt fylke, Sogn og Fjordane, er éin toppvarde føreslått å få ein slik status – det er varden på øya Alden, også kalla Den Norske hesten, i Askvoll kommune.

Sirkelen er på denne måten slutta; frå at vardane tok vare på oss menneska ved å syne veg i all slags vêr, fungere som turmål og til definering av landareal – så er tida no komen til at vi syner vardane same menneskelege omsuta attende: Å behandle vardane med respekt og la dei stå i fred som historiske monument og gjere dei til kulturminne for nolevande og framtidige generasjonar!


Men éin ting er no toppvardane. Ei særleg takk også til dei mange eldsjelene som i det stille gjer eit stort arbeid i rydding og varding av stiar og tråkk til stadig nye turområde og toppar. Dette lettar til fulle tilkoma for oss andre turgåarar! Dessutan: Det må vel elles vere kjekt for toppvarden å få forbrødring gjennom stadig fleire småvardar i råka opp mot toppmålet?


Varden på Sylvsteinheia, Fjaler

2 kommentarer:

  1. Flott innlegg av gjesteskribenten! :) Godt skrevet. Varder er viktige og må tas vel vare på. De betyr så mye mer enn bare som vegviser i løypa ;)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!