fredag 5. oktober 2012

Det haustast - ute og i oss!


Oktober 2012. Syner kalenderen.
Det er blitt haust! Seinhaust.
 
Hausten gjer noko med oss som personar:
Vi byrjar så smått å nedjustere aktivitetsnivået.
Vi får for lite ut av ute-kveldane; kl 19 er det mørkt!
Hobbyar som vart lagt på vent i april blir tekne fram att.
Lysestakane blir oppgradert med nye, ubrukte lys.
Hausten er tid for refleksjon; alt eg ikkje rakk og kunne gjort annleis.


 
Og hausten gjer noko med naturen kring oss:
Haustarvindane lagar rot; rot meg her og rot meg der.
Leik med blad som fyk hit og dit.
Uling kring nova.


 
Haust er vekk med innsekt, bærsesong, klår luft - og fine fargar.
Melis på toppane og issnerk på pyttane varslar istid.
Veksande måne og klåre stjernebilete på himmelen.
 

Hugs då på: Fine fargar ute kan også farge sinnet vårt!



Gjestebloggar og mobil-fotograf:
Steffen Ben



4 kommentarer:

  1. Eg synest at hausten er ei fantastisk årstid, noko som berre blir understreka av bildene dine:) Den klare lufta, dei sterke og fine fargane gjer at ein fjelltur blir berre ekstra flott!! Men som du seier blir det dessverre kortare dagar, men ein kveldstur med hovudlykt, kan bli ganske så spennande:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er flott ute i naturen no, ja:) Tur med hovudlykt på mørke haustkveldar er også fascinerande, så sjølv om eg allereie no ser fram til sommaren, så må vi hugse på å nyte det positive ved dei ulike årstidene også!

      Slett
  2. Eit nydeleg innlegg dette :) flotte bilder,hausten e fin,men desverr veldig våt, her ute iallefall....

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det har vore ein våt haust dessverre, men no ser det ut til at vi kan få nokre fine dagar framover :) - og nyte siste rest av dei flotte haustfargane!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!