søndag 28. oktober 2012

Mostien og Museumsstølen

Vinteren har gjort eit tidleg inntog i Sunnfjord, og set sine avgrensingar på kor ein kan gå. Eller som nokon sa det: "Det er for mykje snø til å gå til fots i fjellet, og det er for lite snø til å gå på ski.....". Reknar likevel med at det er nokon som har tatt turen til fjells, men vi har holdt oss i låglandet denne helga. Litt godt det også av og til!

No når det byrjar å bli kaldare, kan ein heller ikkje vere ute i timesvis om gangen. For dei små som gjerne sit mykje i ro i bæremeis, kan det fort blir kaldt. Men det blir lange dagar å gå inne, så ut i snøen måtte vi.


Vi valte å ta turen til Sunnfjord Museum og gå Mostien. Museumsstølen var eit passeleg turmål for dei små.

Slik finn du fram:
Sunnfjord Museum ligg like ved E39 mellom Førde og Moskog. Du startar turen ved informasjonstavla i enden av parkeringa.

Først går du rett ved hovudvegen, og stien er ein del av Den Trondhjemske Postveg. Etter nokre hundre meter, står det skilt til stølen til høgre. Dersom du held rett fram i staden, kan du gå like til Huldefossen. Kort etter at du har svinga av til høgre, kjem du til stølsvollen. Her er det 3 sel og 1 fjøs, flott sittebenk i stein utanfor eitt av sela, og i utselet til eitt av bygningane ligg det ei bok å skrive seg i.


Frå stølen kan du gå vidare til du ser rett ned på Movatnet. Her er det eit stiskilje der du anten kan svinge til høgre og kome raskt attende til museumsområdet, eller du kan ta til venstre for å gå ei lengre runde gjennom skogen.

Rundt stien er det sett opp fleire postkassar og informasjonsskilt om dyr, plantar og korleis naturen vart brukt i gamle dagar. Det er ei eiga dyreløype der du finn informasjon om dyr og dyreliv, og korleis ein kan fange dei ulike dyra. Med andre ord ganske så spennande for dei små!

Vi hadde oss ein liten pause ved stølsvollen:


Vi kosa oss med heimelaga sjokoladekokoskuler med havregryn

Og så måtte rumpeakebretta testast!

Full fart - knall og fall - og mykje moro!


Både store og små kosa seg i snøen!

Museumsområdet i Movika er i seg sjølv spennande å utforske for store og små, og det ligg svært så vakkert til ved Movatnet! Samla sett har museet 30 bygningar frå ulike stadar i Sunnfjord. På heimesidene til museet er det også ein audioguide (lydfil) som du kan laste ned og høyre på før du tar turen, eller rett og slett høyre på medan du går turen! Her er det m.a. informasjon om både Mostien og sjølve stølsområdet.



Informasjon om Mostien finn du også i turnr. 4-08 i boka "Gå sjøl" av Jorunn Kleiven.

Minner også om Give Away'en min med trekning 7. november. Hugs å melde deg på!

onsdag 24. oktober 2012

Portafjellet (779 moh) og Vardenova (777 moh)

Portafjellet og Portavatnet
No i oktober har vi heldigvis hatt nokre klåre og fine haustdagar. Eg og Steffen har venta på nokre slike dagar slik at vi kunne dra på fjelltur - berre oss to :). September regna stort sett vekk, men denne månaden har vi i alle fall fått eit par dagar med slike turar. Ikkje berre skal det klaffe med sol og fint vær, men det skal også klaffe slik at vi har høve å ta fri frå jobb på relativt kort varsel....ikkje alltid lett når kalendaren er fylt med møter. Men eitt av mine motto er at ein får (nesten) alltid til det ein verkeleg vil!

Ein slik fridag vart nytta til å utforske nye fjellområde i Askvoll kommune: Portafjellet og Vardenova, med start frå Oslandsbotn mellom Flokenes og Stongfjorden. Eg har ikkje vore der før, men Steffen var med turlaget på ein onsdagstur til Portafjellet i slutten av juni, sjå reportasje her.

Slik finn du fram til startpunktet:
Frå Førde køyrer du Fv 609 mot Askvoll, tek av  til venstre frå vegen, på høgda mellom Flokenes og Stongfjorden, til Oslandsbotnen. Her går det ein anleggsveg opp til demninga ved Botnastølsvatnet. Det kan vere greitt å parkere bilen nede og gå opp anleggsvegen, men har du ein robust bil, så kan du køyre lenger oppover.


Oversiktskart over området (terrengkart frå www.ut.no)
Ved Botnastølsvatnet passerte vi ei hytte, gjekk over brua på nordaustre side av vatnet, og følgde ein delvis varda sti oppover skråninga til venstre (austleg retning). Vi kom etterkvart opp i eit flatare terreng der vi gjekk i ein fin dalbotn, gjennom den såkalla Porten og vidare i søraustleg retning opp en graskledd bakke til vi kom på høgda der vi såg Portavatnet. Vi runda Portafjellet og gjekk så bratt opp ein smal grøn skråning. Her er det sett opp nokre merkepinnar som ein kan følgje. Vi runda så, i nordaustleg retning, rundt Portafjellet før vi gjekk bratt vestover opp siste avsatsen til toppen. Frå Portafjellet er det ei overraskande god utsikt i alle retningar - det går nesten ikkje an å liste opp alt ein ser....

Dette er elles eit terreng der ikkje kan forvente ein godt opptrakka og ferdig sti, så det kan vere greitt å gå her med nokon kjende første gongen. Viss ikkje, bør du ha evne til å lese kart og terreng.  Eg har lagt ved ein utskrift av GPS-loggen som viser ruta vi gjekk:
Frå Portafjellet valde vi å gå vidare til Vardenova. (Det står Vardeheia på kartet, men av mange lokale vert det kalla for Vardenova). Det var ingen sti, men frå Portafjellet såg vi kor det kunne gå an å gå opp. På vegen ned att til Botnastølsvatnet, valde vi ei anna, litt brattare rute. Her var det heller ingen tydeleg sti (som vi fann i alle fall), men vi peika oss ut ein aktuell retning med kart og GPS. Litt "bukkemark" å gå i, og det røyner av og til på motivasjonen min...... eg er ikkje spesielt glad i å trakke ned i "uventa" holer og ikkje heilt sjå kor eg set foten! Men ynskjer ein å utforske nye område, så kan ein ikkje nødvendigvis forvente at der er godt trakka stiar....

Frå Portavatnet brukte vi vel berre om lag ein halvtime opp på Vardenova, så det var ikkje den lange "omvegen". Og det var absolutt verdt turen. Her vart utsikta enda flottare: vi fekk meir føling sørover mot Dalsfjorden, såg ned til Rivedal i Holmedal, og kom nærare både Skålefjellet, Moldura og Heileberget.

Her hadde vi også panoramautsikt austover til dei sju fjell som eg har omtala i eit innlegg for nokre dagar sidan: Eitrenipa, Blegja, Nordre og Søndre Kringla, Storehesten, Skålefjellet og Laukelandshesten.


Sjølv om sola skein frå klår himmel, så var det ganske sterk austavind. Derfor vart opphaldet på Portafjellet nokså kort - det var altfor kaldt til å sitje i ro. På Vardenova var det derimot lettare å finne ein lun plass, så der kosa vi oss med resten av nista og kaffien vår før vi returnerte. Og sjølvsagt måtte kikkerten fram!

Samla sett gjekk vi ca. 10 km på turen og brukte 3 effektive gangtimar. Den totale tidsbruken var derimot noko lenger, men det var fordi vi brukte dagen, tok bilete og kosa oss undervegs:)

Her kjem nokre av bileta frå turen - tatt av Steffen:
Nedanfor Portafjellet - vi gjekk opp den graskledde skråninga like bak meg

Vi ser mot øyane utanfor Florø


Vi ser ned mot Stongfjorden - Skålefjellet til venstre

Utsikt utover Dalsfjorden frå Vardenova



Botnastølsvatnet - der anleggsvegen sluttar. Ytrevågfjellet i bakgrunnen.



På veg ned att til Oslandsbotnen


lørdag 20. oktober 2012

Vi feirar over 20 000 besøk med Give Away!!!


Tur- og fjellbloggen har passert over 20 000 besøk, og dette må sjølvsagt feirast! Dermed lanserer vi også bloggen sin aller første Give Away!

Og kva er vel meir naturleg enn at det som vert "gitt bort" tar utgangspunkt i turar i naturen? Eg gjev derfor vekk 3 stk av boka: "Stig ut i naturen" av Stig Roger Eide.
Boka er ei reise i natur og kultur i Sogn og Fjordane, og du møter menneske som har eit nært og spesielt tilhøve til naturen, og du kan lese deira historie. Som forfattarane sjølv skriv det i føreordet:

"Ferdsel i natur og kultur gjev opplevingar. Som oftast er dei verdt å ta vare på, og her prøver eg å vise noko av det vi verkeleg har grunn til å vere stolte av i fylket. Dette er ikkje ei rangert liste over dei mest aktuelle opplevingsreisene du kan ta i Sogn og Fjordane, heller ei lågmælt skildring av opplevingar som ligg så nært at du står i fare for å oversjå dei. Splinten i auget kan skugge for mykje, og gjere verda så altfor lita"

Med boka håpar han å gje inspirasjon til at folk skal finne sin eigen favorittur, kanskje til og med rett i nabolaget! Og slik er det med bloggen vår også - vi håpar å inspirere til nye og varierte turar, og kanskje oppdage dei turane som ligg rett i nærleiken, men som kanskje ikkje blir så veldig profilert eller omsnakka....

Tøffelstien til Noregs flottaste utedo på Støyvastølen, Gruppesex på gravlunden i Fredensborgparken, Skål for festfjellet Skåla, på tur med Turboreven, vandring i Fosseheimen på Gaularfjellet, til Sogn for å finne puddersnø og Vettisfossen er historier du kan lese om i denne boka.

Så sjølv om du ikkje bur i Sogn og Fjordane, så kan kanskje denne boka gje deg idear og inspirasjon til kor du skal reise om du kjem hit ein gong...:) Uansett så er det mange flotte turhistorier å lese frå folk som opplever naturen på sin måte!

Og skulle du allereie ha denne boka frå før, så er den jo kjempefin å gje vekk i julepresang...

For å vere med i trekninga, må du leggje igjen ein hyggjeleg kommentar  under dette innlegget! :)

I tillegg kan du få ekstra lodd ved å gjere som følgjer:
1 lodd om du er/blir følgjar av bloggen
1 lodd for å linke til denne give away'en på bloggen din
1 lodd for å like Facebook-sida til bloggen, klikk her
1 lodd for å linke til dette innlegget, Facebook-sida eller bloggen på din Facebook-profil

Til saman kan du altså få opp til 5 lodd. Di fleire lodd, di større vinnarsjansar!
Skriv i kommentarfeltet kor mange lodd du tar.

Hugs å leggje epost-adresse (om eg ikkje kjenner deg...), slik at eg veit korleis eg får kontakt med deg om du skulle vere så heldig å vinne!

Siste frist for å vere med i trekninga: onsdag 7. november kl. 20.00

fredag 19. oktober 2012

Fjellvarden - vegvisar, referansepunkt og endemål!

 Gjestebloggar - Steffen Ben:

Varden på Dokka i Askvoll, utsikt vestover mot Atløyna og Alden
Du ser dei på toppane i himmelsjå – eller på veg opp. Vardane. Murt av stein på stein på stein, utført på meisterleg vis. Utan ord fortel dei om menneska sitt møte med fjelltoppane.

Men har du eigentleg tenkt på kor mykje vardane kan ha å seie for opplevinga av fjellturen? For det er liksom noko som manglar når vi etter ein strabasiøs fjelltur når ein utsiktstopp – men så er ikkje det nokon varde der. Og manglar varden, så manglar gjerne òg turboka til å skrive namnet vårt i; berre for på ergeleg vis å konstatere at naboen var her alt for 14 dagar sidan!

For oss turgåarar er ein varde på ein fjelltopp anten draumen ein strekkjer seg etter ; her må eg opp! Eller varden blir turmålet ein endeleg har nådd.

Derfor høyrer det gjerne med ”å ta” på varden første, eller kvar, gong ein kjem til ein ny varde. Er ein ekstra nøgd med turinnsatsen krunar ein jamvel turen med å kysse varden og. Og når fotoet frå bestigninga skal takast, høyrer sjølvsagt varden med: Ein støttar seg til, eller jamvel sit på toppen av den mura steinformasjonen. Verda er erobra!

Og for dei av oss med små barn med på turen så er det ein fast del av ritualet at familien tar kvarandre i hendene, dannar sirkel, og prøvar rekkje rundt varden. Får ein det til, sit latteren og smilet laust hjå krabatane som i utgangspunktet nok tykte at turen til toppen var vèl lang.

Korleis ser dei så ut? Nokre vardar er små og lite føreseggjorde, nærast som ei steinrøys å rekne. Andre steinvardar er reine kunstverka; sirleg murt med nøye utvalt stein som ofte er bore av sterke ryggar til toppunktet. Vardebygginga var eit krevjande handverk, noko vi får eit godt inntrykk av når vi studerer desse monumenta, hundrevis av år etter at dei vart bygde. Vardane kan vere frå 1-2,5 meter i diameter, og gjerne ei mannshøgd eller vèl så det høge. Vardane er anten runde eller firkanta i form.

Varden på Fuglefjellet i Lavik

T.v. Steinplate med initialar på Moldura, Askvoll.
T.h. Jernplate sett opp i varden på Blåhø i Trollheimen 


Varde i Innerdalen, Innerdalstårnet bak

Felles for vardane er at dei stettar éin eller fleire funksjonar: At vardane fungerer som vegvisar til eller som endeleg turmål, er alt nemnt. Frå gamalt av fungerte vardane og den såkalla vardebrenninga vidare som varsling av ytre fare; fienden er på veg – så pass på!

Seinare – på 1700-talet og like fram til på 1960-talet vart vardane nytta som ledd i kartlegginga og oppmålinga av det geografiske Noreg der vardane fungerte som såkalla trigonometriske punkt. I dag, då fly, laser og satellittar er komne til som arbeidsreiskapar – har denne funksjonen til vardane falle bort. Vardane har slik ”gått ut på dato”.

Ja, faktisk er det slik at 33 av dei over 450 vardane som gjekk inn som ryggrad i dette oppmålingsarbeidet i Noreg no er blitt beskytta gjennom ein verneplan. Dei er føreslått freda og å gje dei status som kulturminne (dette kan spesielt interesserte lese meir om her). I vårt fylke, Sogn og Fjordane, er éin toppvarde føreslått å få ein slik status – det er varden på øya Alden, også kalla Den Norske hesten, i Askvoll kommune.

Sirkelen er på denne måten slutta; frå at vardane tok vare på oss menneska ved å syne veg i all slags vêr, fungere som turmål og til definering av landareal – så er tida no komen til at vi syner vardane same menneskelege omsuta attende: Å behandle vardane med respekt og la dei stå i fred som historiske monument og gjere dei til kulturminne for nolevande og framtidige generasjonar!


Men éin ting er no toppvardane. Ei særleg takk også til dei mange eldsjelene som i det stille gjer eit stort arbeid i rydding og varding av stiar og tråkk til stadig nye turområde og toppar. Dette lettar til fulle tilkoma for oss andre turgåarar! Dessutan: Det må vel elles vere kjekt for toppvarden å få forbrødring gjennom stadig fleire småvardar i råka opp mot toppmålet?


Varden på Sylvsteinheia, Fjaler

torsdag 18. oktober 2012

Turbloggen har fått eiga facebook-side!


Då har Liv Janne sin tur- og fjellblogg fått si eiga side på Facebook!
For å kome til sida, klikkar du på denne linken. Trykk gjerne Liker og "spread the word"!:)

Gjennom denne sida håpar vi å få endå fleire lesarar som vi kan inspirere til å kome seg ut på tur, og som vil teste ut nye turmål!
I tillegg vil Facebooksida i større grad opne for å leggje inn kommentarar, spørsmål, innspel til turar m.v.

Snart kjem eit par innlegg om flotte haustturar i Askvoll - så følg med!

mandag 15. oktober 2012

Sju fjell.......


Talet er 7:
Bergen har sin sjufjellstur, Førde har sin sjufjellstur, på Helgelandskysten finn du dei sju søstre, i Geiranger likeså (men dei er ikkje fjell....).

På turen til Portafjellet og Vardeheia i Askvoll i forrige veke (innlegg om denne turen kjem snart!), såg vi i austleg retning på sju fjell som vi har vore på tidlegare. Vi har rett nok ikkje gått alle på same dag..... men vi har vore der, og har ikkje du - ja, så bør du vurdere det ;). Tre av fjella: Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla tok vi forresten samstundes - på veg frå Massbu til Nipebu - ein gong for maaaaange år sidan. Dei andre turane er einskildturar. Eg har ikkje blogga om så mange av dei, men Blegja (som skrivast med e og ikkje æ som gjort på biletet!) og Laukelandshesten er tidlegare omtala i bloggen.

torsdag 11. oktober 2012

Trilletur Viebøen - Brulandsfossen

Onsdag var det planleggingsdag i barnehagen og det var meldt sol. Vi vart derfor noko skuffa då vi vakna til regn.... Men sidan vi hadde planlagt og avtalt tur, så måtte vi jo finne på noko. Erfaringsmessig så veit eg også at ungane har godt av å lufte seg litt - elles blitt det fort høgt støynivå i heimen. (Er det nokon som kjenner seg igjen....?)

Tåka låg laaaangt ned i fjella, så det frista ikkje så veldig å reise til fjells. I tillegg skulle vi bruke barnevogn, så det måtte uansett bli etter veg. Dermed enda vi opp med turen Viebøen - Brulandsfossen. Veldig mange går frå Vie og inn til Soleide, men det er ein veldig kjekk variasjon å gå langs elva og inn til Brulandsfossen i staden:

Vi parkerte ved bustadane i Kvietunet på Viebøen, rett før avkøyrsla opp i Vieåsen. Deretter gjekk vi vegen inn mot Vie, og ved Vie stall tok vi til høgre (skilta til sandtak Magne Hafstad). Etter siste huset forbi sandtaket, går det ein skogsveg innover. Eg har ikkje gått der med barnevogn før og var usikker på om vi kom oss heilt inn, men det gjekk heilt uproblematisk. Det var litt kronglete å ta seg ned til fiskehytta ved Brulandsfossen, men det gjekk greitt nok.

Samla distanse: ca. 5 km t/r

Ved fossen, ligg det som sagt ei fiskehytte der ein kan ete nista si om det regnar. På grunn av regnet, tok eg ikkje med fotoapparat, så derfor blir det nokre halvdårlege bilete med mobil...... men dei gjev no eit visst inntrykk:












Sanna Oliva konkluderte med at fiskehytta låg for langt frå elva til at ein kunne sitje inne og fiske..... og det måtte eg gje ho heilt rett i. Heldigvis slapp vi unna det verste regnet på turen - berre litt småyr.

På vegen heim att blei det litt småskummelt for oss vaksne, då vi brått hadde to små som sikta på oss med kvar sine pinnar: "Pang, pang!". Dei sprang endatil så fort, at eg fanga rørslene deira då eg tok biletet.....:)

Og - for å gjere nokon av dykk litt skeptiske til å ta turen, så var det akkurat i dette området vi såg orm for første gong i år - sjå her. MEN; det var ingen orm å sjå denne dagen :)

onsdag 10. oktober 2012

Eit steg nærare vinteren


Måndag kom snøen langt ned i fjella, og med klårvær og temperaturar ned mot null-punktet natt til tysdag, så var vi brått eit godt steg nærare vinteren. Men etter mykje regn, er det viktig å nyte godværsdagane. Derfor avspaserte eg eit par timar frå jobb og tok turen inn att til Botnavatnet i lag med ei venninne.

Det er 1 1/2 veke sidan Haustdans ved Botnavatnet, og det har skjedd mykje endringar i naturen på denne korte tida. Ingen tvil om at vi går mot vinter:








Og sidan vi først var i turmodus, så vart dagen avslutta med ein kjærestetur på Lægjestølen. Vi signerte oss inn som besøkande nr 459 og 460 i boka, så kanskje det går mot ny "besøksrekord" i år?