lørdag 15. september 2012

Turborev-vener trassa regnet på Holsen!

Sanna Oliva med søskenbarnet Aasmund
Sjølv om den eine etter den andre turlagsturen i vaksen-regi blei avlyst på grunn av regn, skodde og dårleg vær i dag, så var det fleire små turborev-vener som ville ut på tur! Snakk om tøffe turbojenter og turbogutar! Alle var kledd for ein tur i regn og blæst. Mottoet: "Det finnast ikkje dårleg vær, men dårlege klær" kom verkeleg til sin rett i dag! Bortsett frå litt kalde regnvåte hender, så trur eg dei fleste holdt seg både tørre og varme heile turen. Dagens turmål var Norddalsstølen på Holsen. Om du ynskjer å lese korleis du finn fram til Norddalen, så kan du lese dette innlegget


Til saman 12 ungar, 1 ungdom og 9 vaksne starta med friskt mot på turen ved Heimestøl. Nett då var det dessutan nesten opplett og nokon kommenterte: "No var det jo riktig så fint....!"



Sidan Turborev-ungane var i alderen frå knappe 2 år til rundt skulestartalder, så vart tempoet tilpassa deretter. Men det var lett og fin skogsveg å gå på, så det var ingen problem å gå for små bein.


Regnbygene kom og gjekk, og etter ein god times vandring var det på tide å finne fram nistepakka og varm kakao. Vi var då komne om lag til enden av skogsvegen før ein tar inn på stien mot Norddalsstølen.

Frå "rasteplassen" vår hadde vi fin utsikt nedover Holsavatnet, og hadde det vore tåkefritt, kunne vi sett rett på Hafstadfjellet. Medan vi åt, vart det høve til å få stempel i Turbopasset sitt. Dessverre hadde sjølvaste Turboreven gløymt regnkleda sine, så han valte å vere igjen i bilen medan vi gjekk på tur. Men vi fekk helse på han då vi kom attende til bilen! Ekstra kjekt var det at vi i dag hadde med oss nokre nye Turborevungar som vil melde seg inn i Barnas Turlag :)

Sidan det kom nokre "sinte" regnbyger då vi hadde pause, valte vi å snu her ved enden av skogsvegen. Dessverre fekk vi då ikkje med oss den flotte Norddalstølen, men det kunne vorte ein noko vindfull og sur oppleving nett i dag. Tåka låg også langt ned i fjella, så vi hadde uansett ikkje fått den "ulitmate" opplevinga av stølsområdet. Men uansett hadde vi ein flott tur, og det er ikkje dette vi angrar på at vi gjorde når vi sette oss ned i sofaen i kveld...;)



Etterkvart vil det også kome tekst og fleire bilete frå turen på Indre Sunnfjord Turlag sine sider. Eg skal leggje inn ein link til denne når den er klar.

2 kommentarer:

  1. Så fint da. Ja, en kan virkelig ikkje bry seg om været, en må bare kle seg deretter. Skal en vente på fint vær, så blir en hjemme :-/

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi må berre kle oss etter været. Har heldigvis hatt nokre dagar no med strålande sol, men no er det vel berre å førebu seg på neste regnperiode:(

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!